< Isaiah 20 >
1 In the year that Tartan came to Ashdod, (when Sargon the king of Assyria sent him, ) and fought against Ashdod, and took it;
Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, kongen i Assyria, sende honom, og han stridde mot Asdod og hertok det -
2 At the same time spoke the LORD by Isaiah the son of Amoz, saying, Go and loose the sackcloth from off your loins, and put off your shoe from your foot. And he did so, walking naked and barefoot.
på den tidi tala Herren gjenom Jesaja, son åt Amos, soleis: «Upp, løys din klædnad av sekkjety av lenderne dine og drag skorne av føterne dine!» Og han gjorde soleis og gjekk naken og berrføtt.
3 And the LORD said, Like as my servant Isaiah has walked naked and barefoot three years for a sign and wonder on Egypt and on Ethiopia;
Og Herren sagde: «Liksom tenaren min, Jesaja, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Ætiopia,
4 So shall the king of Assyria lead away the Egyptians prisoners, and the Ethiopians captives, young and old, naked and barefoot, even with their buttocks uncovered, to the shame of Egypt.
soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.
5 And they shall be afraid and ashamed of Ethiopia their expectation, and of Egypt their glory.
Då skal dei verta forfælte og skjemmast yver Ætiopia, som var voni deira, og yver Egyptarland, som dei rosa seg av.
6 And the inhabitant of this isle shall say in that day, Behold, such is our expectation, where we flee for help to be delivered from the king of Assyria: and how shall we escape?
Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»