< Ecclesiastes 2 >
1 I said in my heart, Go to now, I will prove you with mirth, therefore enjoy pleasure: and, behold, this also is vanity.
Då sagde eg med meg sjølv: «Kom, so skal eg prøva deg med gleda; njot det som godt er!» Men so var det fåfengt det og.
2 I said of laughter, It is mad: and of mirth, What does it?
Um låtten sagde eg: «Han er vitlaus!» Og um gleda: «Kva gagn gjer ho?»
3 I sought in my heart to give myself to wine, yet acquainting my heart with wisdom; and to lay hold on folly, till I might see what was that good for the sons of men, which they should do under the heaven all the days of their life.
Eg kom på den tanken, at eg skulde kveikja kroppen med vin, medan hjarta dreiv på med visdom, og halda meg til dårskapen, til dess eg fekk sjå kva som var best for mannsborni å gjera under himmelen dei dagarne livet varer.
4 I made me great works; I built me houses; I planted me vineyards:
Eg tok på med store verk: Eg bygde meg hus, planta meg vingardar,
5 I made me gardens and orchards, and I planted trees in them of all kind of fruits:
gjorde meg hagar og parkar og sette alle slag frukttre i deim.
6 I made me pools of water, to water therewith the wood that brings forth trees:
Eg gjorde meg vatsdammar til å vatna ein lund av tre som voks upp.
7 I got me servants and maidens, and had servants born in my house; also I had great possessions of great and small cattle above all that were in Jerusalem before me:
Eg kjøpte trælar og trælgjentor, hadde heimefødde trælar, ja ein buskap fekk eg meg og, kyr og sauer i mengd, meir enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem.
8 I gathered me also silver and gold, and the peculiar treasure of kings and of the provinces: I got me men singers and women singers, and the delights of the sons of men, as musical instruments, and that of all sorts.
Eg samla meg ogso sylv og gull, og alt som kongar og land kann eiga, eg fekk meg songarar og songmøyar, og det som er til lyst for mannsborni: konor i mengd.
9 So I was great, and increased more than all that were before me in Jerusalem: also my wisdom remained with me.
So vart eg reint ovstor, større enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem, og attpå hadde eg visdomen min hjå meg.
10 And whatever my eyes desired I kept not from them, I withheld not my heart from any joy; for my heart rejoiced in all my labor: and this was my portion of all my labor.
Alt det augo ynskte, let eg deim få, eg heldt ikkje hjarta mitt burte frå nokor gleda; for hjarta hadde gleda av all mi møda, og det var min lut av all mi møda.
11 Then I looked on all the works that my hands had worked, and on the labor that I had labored to do: and, behold, all was vanity and vexation of spirit, and there was no profit under the sun.
Men so gav eg meg til å sjå på alle mine verk som henderne mine hadde gjort, og den møda dei hadde kosta meg, då synte det seg at alt var fåfengd og jag etter vind. Nei, det finst ingi vinning under soli.
12 And I turned myself to behold wisdom, and madness, and folly: for what can the man do that comes after the king? even that which has been already done.
So gav eg meg til å sjå på visdom og vitløysa og dårskap; for kva vil den mannen gjera som kjem etter kongen? Det som folk fyrr hev gjort.
13 Then I saw that wisdom excels folly, as far as light excels darkness.
Då såg eg at visdomen hev same fyremunen framfor dårskapen som ljoset hev framfor myrkret.
14 The wise man’s eyes are in his head; but the fool walks in darkness: and I myself perceived also that one event happens to them all.
Den vise hev augo i hausen, men dåren ferdast i myrkret. Men eg skyna og at same lagnaden råkar den eine som den andre.
15 Then said I in my heart, As it happens to the fool, so it happens even to me; and why was I then more wise? Then I said in my heart, that this also is vanity.
Då sagde eg med meg sjølv: «Den lagnad som dåren fær, den fær eg og. Kva gagn hev eg då av det at eg hev vore so ovleg vis?» Eg sagde med meg sjølv: «Det er fåfengt dette og!»
16 For there is no remembrance of the wise more than of the fool for ever; seeing that which now is in the days to come shall all be forgotten. And how dies the wise man? as the fool.
For minnet um den vise varer ikkje meir æveleg enn minnet um dåren. I dei komande dagar vil alt vera gløymt for lenge sidan, og lyt ikkje den vise døy likso vel som dåren?
17 Therefore I hated life; because the work that is worked under the sun is grievous to me: for all is vanity and vexation of spirit.
Då vart eg leid av livet, for det som hender under soli, tyktest meg vera vondt; alt er fåfengd og jag etter vind.
18 Yes, I hated all my labor which I had taken under the sun: because I should leave it to the man that shall be after me.
Og eg vart leid av all mi møda som eg hev mødt meg med under soli, av di eg skulde leiva det til den mannen som kjem etter meg.
19 And who knows whether he shall be a wise man or a fool? yet shall he have rule over all my labor wherein I have labored, and wherein I have showed myself wise under the sun. This is also vanity.
Kven veit um det vert ein vis mann eller ein dåre? Og endå skal han råda yver alt det som eg hev vunne med møda og med visdom under soli! Det er fåfengt det og.
20 Therefore I went about to cause my heart to despair of all the labor which I took under the sun.
Då tok eg reint til å orvonast for all den møda eg hadde mødt meg med under soli.
21 For there is a man whose labor is in wisdom, and in knowledge, and in equity; yet to a man that has not labored therein shall he leave it for his portion. This also is vanity and a great evil.
For det hender at ein mann hev gjort sitt arbeid med visdom og kunnskap og dug, so lyt han gjeva det frå seg til eiga åt ein mann som ikkje hev havt møda med det. Det og er fåfengd og ei stor ulukka.
22 For what has man of all his labor, and of the vexation of his heart, wherein he has labored under the sun?
Ja, kva hev mannen att for all si møda og sine hugmål som han mødest med under soli?
23 For all his days are sorrows, and his travail grief; yes, his heart takes not rest in the night. This is also vanity.
For heile hans liv er ei pinsla, og hans stræv er leidelse, ja ikkje ein gong um natti fær hjarta hans kvila. Det er fåfengt det og.
24 There is nothing better for a man, than that he should eat and drink, and that he should make his soul enjoy good in his labor. This also I saw, that it was from the hand of God.
Det er ikkje ei lukka som stend til mannen sjølv at han et og drikk og unner seg gode dagar midt i møda si. Eg såg at det og kjem frå Guds hand.
25 For who can eat, or who else can hasten hereunto, more than I?
For kven kann eta og kven kann njota noko utan honom?
26 For God gives to a man that is good in his sight wisdom, and knowledge, and joy: but to the sinner he gives travail, to gather and to heap up, that he may give to him that is good before God. This also is vanity and vexation of spirit.
For den mannen som er honom til hugnad, gjev han visdom og kunnskap og gleda. Men den som syndar, gjev han strævet med å samla og draga i hop so den som er til hugnad for Gud kann få det. Det og er fåfengd og jag etter vind.