< Deuteronomy 23 >

1 He that is wounded in the stones, or has his privy member cut off, shall not enter into the congregation of the LORD.
Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.
2 A bastard shall not enter into the congregation of the LORD; even to his tenth generation shall he not enter into the congregation of the LORD.
Den som er av urein ætt, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans, radt til tiande leden, skal vera utestengde frå Herrens lyd.
3 An Ammonite or Moabite shall not enter into the congregation of the LORD; even to their tenth generation shall they not enter into the congregation of the LORD for ever:
Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,
4 Because they met you not with bread and with water in the way, when you came forth out of Egypt; and because they hired against you Balaam the son of Beor of Pethor of Mesopotamia, to curse you.
for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di dei leigde Bileam, son åt Beor frå Petor i Mesopotamia til å lysa våbøn yver deg,
5 Nevertheless the LORD your God would not listen to Balaam; but the LORD your God turned the curse into a blessing to you, because the LORD your God loved you.
men Herren, din Gud, vilde ikkje høyra på Bileam; han vende våbøni um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.
6 You shall not seek their peace nor their prosperity all your days for ever.
Aldri i dine livedagar skal du syta for deira velferd og lukka.
7 You shall not abhor an Edomite; for he is your brother: you shall not abhor an Egyptian; because you were a stranger in his land.
Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
8 The children that are begotten of them shall enter into the congregation of the LORD in their third generation.
Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.
9 When the host goes forth against your enemies, then keep you from every wicked thing.
Når du tek ut i strid med fienden, og slær læger, so skal du agta deg for alt som er usømelegt.
10 If there be among you any man, that is not clean by reason of uncleanness that chances him by night, then shall he go abroad out of the camp, he shall not come within the camp:
Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att
11 But it shall be, when evening comes on, he shall wash himself with water: and when the sun is down, he shall come into the camp again.
fyrr det lid mot kvelden; då skal han lauga seg, og når soli hev gladt, kann han koma inn i lægret.
12 You shall have a place also without the camp, where you shall go forth abroad:
Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.
13 And you shall have a paddle on your weapon; and it shall be, when you will ease yourself abroad, you shall dig therewith, and shall turn back and cover that which comes from you:
Og millom tølorne dine skal du hava ei hakka; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.
14 For the LORD your God walks in the middle of your camp, to deliver you, and to give up your enemies before you; therefore shall your camp be holy: that he see no unclean thing in you, and turn away from you.
For Herren, din Gud, er med deg i lægret; han vil hjelpa deg, og gjeva fienden i di magt; difor skal lægret ditt vera helga; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til, og gjeng ifrå deg.
15 You shall not deliver to his master the servant which is escaped from his master to you:
Ein træl som hev rømt frå herren sin, og tydt seg til deg, skal du ikkje senda attende til herren hans.
16 He shall dwell with you, even among you, in that place which he shall choose in one of your gates, where it likes him best: you shall not oppress him.
Lat honom få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byarne dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot honom!
17 There shall be no whore of the daughters of Israel, nor a sodomite of the sons of Israel.
Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.
18 You shall not bring the hire of a whore, or the price of a dog, into the house of the LORD your God for any vow: for even both these are abomination to the LORD your God.
Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud.
19 You shall not lend on usury to your brother; usury of money, usury of victuals, usury of any thing that is lent on usury:
Du skal ikkje taka renta av ein landsmann, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.
20 To a stranger you may lend on usury; but to your brother you shall not lend on usury: that the LORD your God may bless you in all that you set your hand to in the land where you go to possess it.
Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga.
21 When you shall vow a vow to the LORD your God, you shall not slack to pay it: for the LORD your God will surely require it of you; and it would be sin in you.
Når du hev gjort ein lovnad til Herren, din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; elles kjem Herren til å krevja deg etter det, og du fær synd på deg.
22 But if you shall forbear to vow, it shall be no sin in you.
Um du let vera å gjera nokon lovnad, so hev du ingi synd på deg for det;
23 That which is gone out of your lips you shall keep and perform; even a freewill offering, according as you have vowed to the LORD your God, which you have promised with your mouth.
men ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug, og halda det, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren, din Gud.
24 When you come into your neighbor’s vineyard, then you may eat grapes your fill at your own pleasure; but you shall not put any in your vessel.
Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje henta i kopp.
25 When you come into the standing corn of your neighbor, then you may pluck the ears with your hand; but you shall not move a sickle to your neighbor’s standing corn.
Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.

< Deuteronomy 23 >