< Deuteronomy 18 >
1 The priests the Levites, and all the tribe of Levi, shall have no part nor inheritance with Israel: they shall eat the offerings of the LORD made by fire, and his inheritance.
Ingen av Levi-prestarne, ingen av deim som høyrer til Levi-ætti, skal få nokon arvlut liksom dei andre Israels-sønerne. Dei skal liva av Herrens offerrettar og alt anna som høyrer honom til,
2 Therefore shall they have no inheritance among their brothers: the LORD is their inheritance, as he has said to them.
og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren skal vera arven deira, soleis som han hev sagt deim.
3 And this shall be the priest’s due from the people, from them that offer a sacrifice, whether it be ox or sheep; and they shall give to the priest the shoulder, and the two cheeks, and the maw.
Høyr no kva prestarne hev rett til å krevja av folket: Dei som ofrar slagtoffer, anten det er ukse eller sau, skal gjeva presten den eine bogen og båe kjakarne og vinstri.
4 The first fruit also of your corn, of your wine, and of your oil, and the first of the fleece of your sheep, shall you give him.
Det fyrste av kornet du avlar og av vinen og oljen, og den fyrste ulli av sauerne skal du gjeva honom.
5 For the LORD your God has chosen him out of all your tribes, to stand to minister in the name of the LORD, him and his sons for ever.
For honom og sønerne hans hev Herren, din Gud, valt seg ut millom alle ætterne dine, so dei skal standa framfor Herren og gjera tenesta i hans namn alle dagar.
6 And if a Levite come from any of your gates out of all Israel, where he sojourned, and come with all the desire of his mind to the place which the LORD shall choose;
Når ein levit som held til i nokon av byarne i Israel, kjem til den staden som Herren hev valt seg ut, so skal han vera velkomen:
7 Then he shall minister in the name of the LORD his God, as all his brothers the Levites do, which stand there before the LORD.
Han kann gjera tenesta i Herrens namn, liksom dei andre levitarne, brørne hans, som stend der framfor Herrens åsyn,
8 They shall have like portions to eat, beside that which comes of the sale of his patrimony.
og han skal få sin lut av offergåvorne tilliks med deim, umfram dei pengarne han fær når han sel det han hev rett til etter federne sine.
9 When you are come into the land which the LORD your God gives you, you shall not learn to do after the abominations of those nations.
Når du kjem til det landet som Herren, din Gud, gjev deg, so skal du ikkje taka etter dei folki som bur der, og fara med slik styggedom som dei fer med.
10 There shall not be found among you any one that makes his son or his daughter to pass through the fire, or that uses divination, or an observer of times, or an enchanter, or a witch.
Hjå deg må ingen finnast som vigjer barnet sitt i elden, ingen spåmann eller viskall, ingen som fer med å leggja ut teikn, ingen trollmann
11 Or a charmer, or a consulter with familiar spirits, or a wizard, or a necromancer.
eller åndemanar, ingen som spør daudingar og hamar, eller søkjer råd hjå dei avlidne.
12 For all that do these things are an abomination to the LORD: and because of these abominations the LORD your God does drive them out from before you.
For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.
13 You shall be perfect with the LORD your God.
Trufast og ærleg skal du vera mot Herren, din Gud.
14 For these nations, which you shall possess, listened to observers of times, and to diviners: but as for you, the LORD your God has not suffered you so to do.
For desse folki som du skal driva ut, dei lyder etter runekallar og spåmenner, men deg hev Herren, din Gud, forbode alt slikt.
15 The LORD your God will raise up to you a Prophet from the middle of you, of your brothers, like to me; to him you shall listen;
Ein profet som eg, av ditt eige folk, skal Herren reisa upp millom dykk; honom skal de lyda.
16 According to all that you desired of the LORD your God in Horeb in the day of the assembly, saying, Let me not hear again the voice of the LORD my God, neither let me see this great fire any more, that I die not.
Herren skal gjera det som du bad honom um attmed Horeb, samkomedagen, då du sagde: «Eg torer ikkje høyra på Herrens røyst lenger, og denne store elden toler eg ikkje å sjå på meir; for då lyt eg døy.»
17 And the LORD said to me, They have well spoken that which they have spoken.
Då sagde Herren til meg: «Det er rett det dei segjer.
18 I will raise them up a Prophet from among their brothers, like to you, and will put my words in his mouth; and he shall speak to them all that I shall command him.
Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.
19 And it shall come to pass, that whoever will not listen to my words which he shall speak in my name, I will require it of him.
Og den som ikkje høyrer på ordi mine, deim som han talar i mitt namn, han skal få svara for det.
20 But the prophet, which shall presume to speak a word in my name, which I have not commanded him to speak, or that shall speak in the name of other gods, even that prophet shall die.
Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn, og eg ikkje hev sett honom til det, eller talar han i namnet åt andre gudar, so skal han døy.»
21 And if you say in your heart, How shall we know the word which the LORD has not spoken?
Og um du tenkjer med deg: «Korleis kann me vita um eit ord kjem frå Herren eller ikkje?»
22 When a prophet speaks in the name of the LORD, if the thing follow not, nor come to pass, that is the thing which the LORD has not spoken, but the prophet has spoken it presumptuously: you shall not be afraid of him.
so høyr her: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han hev sagt ikkje hender og ikkje gjeng fram, so hev det ordet ikkje kome frå Herren; då er det noko profeten hev våga seg til å tala på eigi hand, og du tarv ikkje vera rædd honom.