< Psalms 60 >
1 For the Leader; upon Shushan Eduth; Michtam of David, to teach; when he strove with Aram-naharaim and with Aram-zobah, and Joab returned, and smote of Edom in the Valley of Salt twelve thousand. O God, Thou hast cast us off, Thou hast broken us down; Thou hast been angry; O restore us.
Til songmeisteren, etter «Vitnemålslilja»; ein miktam av David til å læra, då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen. Gud, du hev støytt oss burt, du hev rive oss sund, du hev vore vreid, kveik oss upp att!
2 Thou hast made the land to shake, Thou hast cleft it; heal the breaches thereof; for it tottereth.
Du hev fenge landet til å skjelva og rivna; bøt du bresterne, for det stend ikkje stødt!
3 Thou hast made Thy people to see hard things; Thou hast made us to drink the wine of staggering.
Du hev late ditt folk sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.
4 Thou hast given a banner to them that fear Thee, that it may be displayed because of the truth. (Selah)
Men du hev gjeve deim som ottast deg eit merke til å hevja seg for sanning skuld. (Sela)
5 That Thy beloved may be delivered, save with Thy right hand, and answer me.
At dei du elskar må verta frelste, so hjelp oss no med di høgre hand, og bønhøyr oss!
6 God spoke in His holiness, that I would exult; that I would divide Shechem, and mete out the valley of Succoth.
Gud hev tala i sin heilagdom: «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
7 Gilead is mine, and Manasseh is mine; Ephraim also is the defence of my head; Judah is my sceptre.
Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.
8 Moab is my washpot; upon Edom do I cast my shoe; Philistia, cry aloud because of me!
Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!»
9 Who will bring me into the fortified city? Who will lead me unto Edom?
Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?
10 Hast not Thou, O God, cast us off? And Thou goest not forth, O God, with our hosts.
Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar?
11 Give us help against the adversary; for vain is the help of man.
Gjev oss hjelp imot fienden, for mannehjelp er fåfengd!
12 Through God we shall do valiantly; for He it is that will tread down our adversaries.
Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.