< Psalms 30 >

1 A Psalm; a Song at the Dedication of the House; of David. I will extol thee, O LORD, for Thou hast raised me up, and hast not suffered mine enemies to rejoice over me.
Ein salme, ein song då huset vart vigt av David. Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
2 O LORD my God, I cried unto Thee, and Thou didst heal me;
Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
3 O LORD, Thou broughtest up my soul from the nether-world; Thou didst keep me alive, that I should not go down to the pit. (Sheol h7585)
Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi. (Sheol h7585)
4 Sing praise unto the LORD, O ye His godly ones, and give thanks to His holy name.
Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
5 For His anger is but for a moment, His favour is for a life-time; weeping may tarry for the night, but joy cometh in the morning.
For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.
6 Now I had said in my security: 'I shall never be moved.'
Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»
7 Thou hadst established, O LORD, in Thy favour my mountain as a stronghold — Thou didst hide Thy face; I was affrighted.
Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
8 Unto Thee, O LORD, did I call, and unto the LORD I made supplication:
Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:
9 'What profit is there in my blood, when I go down to the pit? Shall the dust praise Thee? shall it declare Thy truth?
«Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?
10 Hear, O LORD, and be gracious unto me; LORD, be Thou my helper.'
Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»
11 Thou didst turn for me my mourning into dancing; Thou didst loose my sackcloth, and gird me with gladness;
Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda,
12 So that my glory may sing praise to Thee, and not be silent; O LORD my God, I will give thanks unto Thee for ever.
so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.

< Psalms 30 >