< Psalms 25 >

1 A Psalm of David. Unto Thee, O LORD, do I lift up my soul.
Av David. Herre, til deg lyfter eg mi sjæl.
2 O my God, in Thee have I trusted, let me not be ashamed; let not mine enemies triumph over me.
Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar; lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!
3 Yea, none that wait for Thee shall be ashamed; they shall be ashamed that deal treacherously without cause.
Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru.
4 Show me Thy ways, O LORD; teach me Thy paths.
Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar!
5 Guide me in Thy truth, and teach me; for Thou art the God of my salvation; for Thee do I wait all the day.
Leid meg fram i di sanning og lær meg! for du er Gud, min frelsar, på deg ventar eg all dagen.
6 Remember, O LORD, Thy compassions and Thy mercies; for they have been from of old.
Herre, kom i hug di miskunn og din nåde! for dei er frå æveleg tid.
7 Remember not the sins of my youth, nor my transgressions; according to Thy mercy remember Thou me, for Thy goodness' sake, O LORD.
Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar; kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre!
8 Good and upright is the LORD; therefore doth He instruct sinners in the way.
Herren er god og rettvis; difor lærer han syndarar vegen.
9 He guideth The humble in justice; and He teacheth the humble His way.
Han leider dei audmjuke i det som rett er, og lærer dei audmjuke sin veg.
10 All the paths of the LORD are mercy and truth unto such as keep His covenant and His testimonies.
Alle Herrens stigar er nåde og sanning mot deim som held hans pakt og hans vitnemål.
11 For Thy name's sake, O LORD, pardon mine iniquity, for it is great.
For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi skuld, for ho er stor!
12 What man is he that feareth the LORD? him will He instruct in the way that He should choose.
Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja.
13 His soul shall abide in prosperity; and his seed shall inherit the land.
Hans sjæl skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet.
14 The counsel of the LORD is with them that fear Him; and His covenant, to make them know it.
Herren hev samlag med deim som ottast honom, og si pakt vil han kunngjera deim.
15 Mine eyes are ever toward the LORD; for He will bring forth my feet out of the net.
Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.
16 Turn Thee unto me, and be gracious unto me; for I am solitary and afflicted.
Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm.
17 The troubles of my heart are enlarged; O bring Thou me out of my distresses.
Min hjarteverk hev dei gjort stor; før meg ut or mine trengslor!
18 See mine affliction and my travail; and forgive all my sins.
Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!
19 Consider how many are mine enemies, and the cruel hatred wherewith they hate me.
Sjå mine fiendar, at dei er mange! og dei hatar meg med rettarlaust hat.
20 O keep my soul, and deliver me; let me not be ashamed, for I have taken refuge in Thee.
Vara mi sjæl og frels meg! Lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.
21 Let integrity and uprightness preserve me, because I wait for Thee.
Lat uskyld og trurøkna verja meg, for eg ventar på deg.
22 Redeem Israel, O God, out of all his troubles.
Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!

< Psalms 25 >