< Psalms 118 >
1 'O give thanks unto the LORD, for He is good, for His mercy endureth for ever.'
Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
2 So let Israel now say, for His mercy endureth for ever,
Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
3 So let the house of Aaron now say, for His mercy endureth for ever.
Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
4 So let them now that fear the LORD say, for His mercy endureth for ever.
Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
5 Out of my straits I called upon the LORD; He answered me with great enlargement.
Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie.
6 The LORD is for me; I will not fear; what can man do unto me?
Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg?
7 The LORD is for me as my helper; and I shall gaze upon them that hate me.
Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg.
8 It is better to take refuge in the LORD than to trust in man.
Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.
9 It is better to take refuge in the LORD than to trust in princes.
Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.
10 All nations compass me about; verily, in the name of the LORD I will cut them off.
Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
11 They compass me about, yea, they compass me about; verily, in the name of the LORD I will cut them off.
Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
12 They compass me about like bees; they are quenched as the fire of thorns; verily, in the name of the LORD I will cut them off.
Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
13 Thou didst thrust sore at me that I might fall; but the LORD helped me.
Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.
14 The LORD is my strength and song; and He is become my salvation.
Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa.
15 The voice of rejoicing and salvation is in the tents of the righteous; the right hand of the LORD doeth valiantly.
Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.
16 The right hand of the LORD is exalted; the right hand of the LORD doeth valiantly.
Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.
17 I shall not die, but live, and declare the works of the LORD.
Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar.
18 The LORD hath chastened me sore; but He hath not given me over unto death.
Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.
19 Open to me the gates of righteousness; I will enter into them, I will give thanks unto the LORD.
Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren.
20 This is the gate of the LORD; the righteous shall enter into it.
Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der.
21 I will give thanks unto Thee, for Thou hast answered me, and art become my salvation.
Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa.
22 The stone which the builders rejected is become the chief corner-stone.
Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.
23 This is the LORD'S doing; it is marvellous in our eyes.
Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo.
24 This is the day which the LORD hath made; we will rejoice and be glad in it.
Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no!
25 We beseech Thee, O LORD, save now! We beseech Thee, O LORD, make us now to prosper!
Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!
26 Blessed be he that cometh in the name of the LORD; we bless you out of the house of the LORD.
Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.
27 The LORD is God, and hath given us light; order the festival procession with boughs, even unto the horns of the altar.
Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!
28 Thou art my God, and I will give thanks unto Thee; Thou art my God, I will exalt Thee.
Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.
29 O give thanks unto the LORD, for He is good, for His mercy endureth for ever.
Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!