< Proverbs 1 >
1 THE PROVERBS of Solomon the son of David, king of Israel;
Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.
2 To know wisdom and instruction; to comprehend the words of understanding;
Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.
3 To receive the discipline of wisdom, justice, and right, and equity;
Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.
4 To give prudence to the simple, to the young man knowledge and discretion;
Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -
5 That the wise man may hear, and increase in learning, and the man of understanding may attain unto wise counsels;
so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.
6 To understand a proverb, and a figure; the words of the wise, and their dark sayings.
Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.
7 The fear of the LORD is the beginning of knowledge; but the foolish despise wisdom and discipline.
Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.
8 Hear, my son, the instruction of thy father, and forsake not the teaching of thy mother;
Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta’kje frå deg det mor di deg lærer!
9 For they shall be a chaplet of grace unto thy head, and chains about thy neck.
For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.
10 My son, if sinners entice thee, consent thou not.
Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje!
11 If they say: 'Come with us, let us lie in wait for blood, let us lurk for the innocent without cause;
Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn;
12 Let us swallow them up alive as the grave, and whole, as those that go down into the pit; (Sheol )
Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi; (Sheol )
13 We shall find all precious substance, we shall fill our houses with spoil;
Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov;
14 Cast in thy lot among us; let us all have one purse' —
du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» -
15 My son, walk not thou in the way with them, restrain thy foot from their path;
Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig!
16 For their feet run to evil, and they make haste to shed blood.
For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod.
17 For in vain the net is spread in the eyes of any bird;
Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar.
18 And these lie in wait for their own blood, they lurk for their own lives.
Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv.
19 So are the ways of every one that is greedy of gain; it taketh away the life of the owners thereof.
So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre.
20 Wisdom crieth aloud in the streets, she uttereth her voice in the broad places;
Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi.
21 She calleth at the head of the noisy streets, at the entrances of the gates, in the city, she uttereth her words:
På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar:
22 'How long, ye thoughtless, will ye love thoughtlessness? And how long will scorners delight them in scorning, and fools hate knowledge?
«Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?
23 Turn you at my reproof; behold, I will pour out my spirit unto you, I will make known my words unto you.
Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.
24 Because I have called, and ye refused, I have stretched out my hand, and no man attended,
Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi,
25 But ye have set at nought all my counsel, and would none of my reproof;
De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord,
26 I also, in your calamity, will laugh, I will mock when your dread cometh;
So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem,
27 When your dread cometh as a storm, and your calamity cometh on as a whirlwind; when trouble and distress come upon you.
når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.
28 Then will they call me, but I will not answer, they will seek me earnestly, but they shall not find me.
Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg.
29 For that they hated knowledge, and did not choose the fear of the LORD;
Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren,
30 They would none of my counsel, they despised all my reproof.
ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning,
31 Therefore shall they eat of the fruit of their own way, and be filled with their own devices.
skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder.
32 For the waywardness of the thoughtless shall slay them, and the confidence of fools shall destroy them.
For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner.
33 But whoso hearkeneth unto me shall dwell securely, and shall be quiet without fear of evil.'
Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»