< Proverbs 6 >

1 My son, if thou art become surety for thy neighbour, if thou hast struck thy hands for a stranger —
Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan,
2 Thou art snared by the words of thy mouth, thou art caught by the words of thy mouth —
er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,
3 Do this now, my son, and deliver thyself, seeing thou art come into the hand of thy neighbour; go, humble thyself, and urge thy neighbour.
gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han,
4 Give not sleep to thine eyes, nor slumber to thine eyelids.
unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund.
5 Deliver thyself as a gazelle from the hand of the hunter, and as a bird from the hand of the fowler.
Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald!
6 Go to the ant, thou sluggard; consider her ways, and be wise;
Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!
7 Which having no chief, overseer, or ruler,
Han hev ingen hovding eller fut eller herre,
8 Provideth her bread in the summer, and gatherest her food in the harvest.
men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda.
9 How long wilt thou sleep, O sluggard? When wilt thou arise out of thy sleep?
Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn?
10 'Yet a little sleep, a little slumber, a little folding of the hands to sleep' —
Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross,
11 So shall thy poverty come as a runner, and thy want as an armed man.
so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.
12 A base person, a man of iniquity, is he that walketh with a froward mouth;
Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen,
13 That winketh with his eyes, that scrapeth with his feet, that pointeth with his fingers;
som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne,
14 Frowardness is in his heart, he deviseth evil continually; he soweth discord.
med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor.
15 Therefore shall his calamity come suddenly; on a sudden shall he be broken, and that without remedy.
Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa.
16 There are six things which the LORD hateth, yea, seven which are an abomination unto Him:
Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl:
17 Haughty eyes, a lying tongue, and hands that shed innocent blood;
Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod,
18 A heart that deviseth wicked thoughts, feet that are swift in running to evil;
hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,
19 A false witness that breatheth out lies, and he that soweth discord among brethren.
den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør.
20 My son, keep the commandment of thy father, and forsake not the teaching of thy mother;
Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta’kje frå deg læra åt mor di!
21 Bind them continually upon thy heart, tie them about thy neck.
Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din!
22 When thou walkest, it shall lead thee, when thou liest down, it shall watch over thee; and when thou awakest, it shall talk with thee.
Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg.
23 For the commandment is a lamp, and the teaching is light, and reproofs of instruction are the way of life;
For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg.
24 To keep thee from the evil woman, from the smoothness of the alien tongue.
Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga.
25 Lust not after her beauty in thy heart; neither let her captivate thee with her eyelids.
Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho’kje fanga deg med augneloki sine!
26 For on account of a harlot a man is brought to a loaf of bread, but the adulteress hunteth for the precious life.
For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet.
27 Can a man take fire in his bosom, and his clothes not be burned?
Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?
28 Or can one walk upon hot coals, and his feet not be scorched?
Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne?
29 So he that goeth in to his neighbour's wife; whosoever toucheth her shall not go unpunished.
So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.
30 Men do not despise a thief, if he steal to satisfy his soul when he is hungry;
Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt?
31 But if he be found, he must restore sevenfold, he must give all the substance of his house.
Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva.
32 He that committeth adultery with a woman lacketh understanding; he doeth it that would destroy his own soul.
Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt.
33 Wounds and dishonour shall he get, and his reproach shall not be wiped away.
Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam.
34 For jealousy is the rage of a man, and he will not spare in the day of vengeance.
For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje.
35 He will not regard any ransom; neither will he rest content, though thou givest many gifts.
Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek’kje imot um du gjev han mykje.

< Proverbs 6 >