< 1 Chronicles 5 >
1 And the sons of Reuben the first-born of Israel — for he was the first-born; but, forasmuch as he defiled his father's couch, his birthright was given unto the sons of Joseph the son of Israel, yet not so that he was to be reckoned in the genealogy as first-born.
Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.
2 For Judah prevailed above his brethren, and of him came he that is the prince; but the birthright was Joseph's —
For Juda var nok den megtigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans vart fyrste; men odelsretten høyrde Josef til -
3 the sons of Reuben the first-born of Israel: Hanoch, and Pallu, Hezron, and Carmi.
sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.
4 The sons of Joel: Shemaiah his son, Gog his son, Shimei his son;
Sønerne åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime’i,
5 Micah his son, Reaiah his son, Baal his son;
hans son var Mika, hans son Reaja, hans son Ba’al,
6 Beerah his son, whom Tillegath-pilneser king of Assyria carried away captive; he was prince of the Reubenites.
hans son Be’era, som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, førde burt til fange; han var hovding for rubenitarne.
7 And his brethren by their families, when the genealogy of their generations was reckoned: the chief Jeiel, and Zechariah,
Og då brørne hans med sine ætter vart uppskrivne i ættarlista etter sine ættgreiner, var det desse: Je’iel, hovdingen, og Zakarja,
8 and Bela the son of Azaz, the son of Shema, the son of Joel, who dwelt in Aroer, even unto Nebo and Baal-meon;
og Bela, son åt Azaz, son åt Sema, son åt Jo’el; han budde i Aroer, og bustaderne hans nådde radt til Nebo og Ba’al-Meon.
9 and eastward he dwelt even unto the entrance of the wilderness from the river Euphrates; because their cattle were multiplied in the land of Gilead.
Og austetter nådde bustaderne hans alt fram åt øydemarki som rekk frå Eufratelvi; for dei hadde store flokkar med fe i Gileadlandet.
10 And in the days of Saul they made war with the Hagrites, who fell by their hand; and they dwelt in their tents throughout all the land east of Gilead.
Men i Sauls dagar låg dei i strid med hagarenarne, som då fall for handi deira; so sette dei seg til i tjeldbuderne deira etter heile austsida åt Gilead.
11 And the sons of Gad dwelt over against them, in the land of Bashan unto Salcah:
Og Gads-sønerne budde midt imot deim i Basanlandet alt til Salka:
12 Joel the chief, and Shapham the second, and Janai, and Shaphat in Bashan;
Joel, hovdingen, og di næst Safan, og so Janai og Safat i Basan.
13 and their brethren of their fathers' houses: Michael, and Meshullam, and Sheba, and Jorai, and Jacan, and Zia, and Eber, seven.
Og brørne deira, etter sine ættgreiner, var Mikael og Mesullam og Seba og Jorai, Jakan, Zia og Eber, sju i talet.
14 These were the sons of Abihail the son of Huri, the son of Jaroah, the son of Gilead, the son of Michael, the son of Jehishai, the son of Jahdo, the son of Buz;
Desse var søner åt Abiha’il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Buz.
15 Ahi the son of Abdiel, the son of Guni, chief of their fathers' houses.
Ahi, son åt Abdiel, son åt Guni, var ættarhovdingen deira.
16 And they dwelt in Gilead in Bashan, and in the towns thereof, and in all the open lands of the plain, upon their borders.
Og dei budde i Gilead i Basan og i dei bygderne som låg ikring, og på alle utmarkerne i Saron, so langt som dei rakk.
17 All these were reckoned by genealogies in the days of Jotham king of Judah and in the days of Jeroboam king of Israel.
Alle desse vart uppskrivne i ættarlista i den tidi då Jotam var konge i Juda, og då Jeroboam var konge i Israel.
18 The sons of Reuben, and the Gadites, and the half-tribe of Manasseh, as many as were valiant men, men able to bear buckler and sword, and to shoot with bow, and skilful in war, were forty and four thousand seven hundred and threescore, that were able to go forth to war.
Rubens-sønerne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti, dei som var stridsføre og bar skjold og sverd og spente boge og var stridskunnige, var fire og fyrti tusund sju hundrad og seksti våpnføre menner.
19 And they made war with the Hagrites, with Jetur, and Naphish, and Nodab.
Og dei hadde ufred med hagarenarne og Jetur og Nafis og Nodab.
20 And they were helped against them, and the Hagrites were delivered into their hand, and all that were with them; for they cried to God in the battle, and He was entreated of them, because they put their trust in Him.
Og dei fekk siger i striden, so hagarenarne og alle som var med deim, kom i deira hender; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, av di dei leit på honom.
21 And they took away their cattle: of their camels fifty thousand, and of sheep two hundred and fifty thousand, and of asses two thousand; and of souls of men a hundred thousand.
Og dei førde burt til herfang feet deira, femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen, og hundrad tusund mann.
22 For there fell many slain, because the war was of God. And they dwelt in their stead until the captivity.
For det hadde vore eit stort mannefall, etter di striden var ifrå Gud. Og dei budde i landet deira alt til burtføringi.
23 And the children of the half-tribe of Manasseh dwelt in the land, from Bashan unto Baal-hermon and Senir and mount Hermon, where they increased.
Sønerne åt helvti av Manasse-ætti budde og der i landet frå Basan alt til Ba’al-Hermon og Senir og Hermonfjellet, og dei var mangmente.
24 And these were the heads of their fathers' houses: Epher, and Ishi, and Eliel, and Azriel, and Jeremiah, and Hodaviah, and Jahdiel, mighty men of valour, famous men, heads of their fathers' houses.
Og desse var ættarhovdingarne deira: Efer og Jisi, Eliel og Azriel, Jirmeja og Hodavja og Jahdiel, stridsføre hermenner, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.
25 And they broke faith with the God of their fathers, and went astray after the gods of the peoples of the land, whom God destroyed before them.
Men dei var utrue mot fedreguden og heldt seg med gudarne åt det folket der i landet som Gud hadde tynt for augo deira.
26 And the God of Israel stirred up the spirit of Pul king of Assyria, and the spirit of Tillegath-pilneser king of Assyria, and he carried them away, even the Reubenites, and the Gadites, and the half-tribe of Manasseh, and brought them unto Halah, and Habor, and Hara, and to the river of Gozan, unto this day.
Då øste Israels Gud upp hugen hjå assyrarkongen Pul og assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde deim burt, rubenitarne og gaditarne og eine helvti av Manasse-ætti, og flutte deim til Halah og Habor og Hara og Gozanelvi, og der dei er den dag i dag.