< Titus 1 >

1 Paul a seruaunt of God, and an Apostle of Iesus Christ, according to the faith of Gods elect, and the acknowledging of the trueth, which is according vnto godlines,
Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,
2 Vnto the hope of eternall life, which God that cannot lie, hath promised before the world began: (aiōnios g166)
i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider, (aiōnios g166)
3 But hath made his worde manifest in due time through the preaching, which is committed vnto me, according to the commandement of God our Sauiour:
men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn -
4 To Titus my naturall sonne according to the common faith, Grace, mercie and peace from God the Father, and from the Lord Iesus Christ our Sauiour.
til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!
5 For this cause left I thee in Creta, that thou shouldest continue to redresse the thinges that remaine, and shouldest ordeine Elders in euery citie, as I appointed thee,
For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg,
6 If any be vnreproueable, the husband of one wife, hauing faithfull children, which are not slandered of riot, neither are disobedient.
um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.
7 For a Bishop must bee vnreproueable, as Gods steward, not froward, not angrie, not giuen to wine, no striker, not giuen to filthie lucre,
For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,
8 But harberous, one that loueth goodnesse, wise, righteous, holy, temperate,
men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,
9 Holding fast that faithfull worde according to doctrine, that he also may bee able to exhort with wholesome doctrine, and conuince them that say against it.
ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot.
10 For there are many disobedient and vaine talkers and deceiuers of mindes, chiefly they of the Circumcision,
For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi.
11 Whose mouthes must bee stopped, which subuert whole houses, teaching things, which they ought not, for filthie lucres sake.
Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld.
12 One of themselues, euen one of their owne prophets said, The Cretians are alwaies liars, euill beastes, slowe bellies.
Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.»
13 This witnesse is true: wherefore conuince them sharply, that they may be sound in ye faith,
Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui
14 And not taking heede to Iewish fables and commandements of men, that turne away from the trueth.
og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi.
15 Vnto the pure are all things pure, but vnto them that are defiled, and vnbeleeuing, is nothing pure, but euen their mindes and consciences are defiled.
Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine.
16 They professe that they know God, but by works they deny him, and are abominable and disobedient, and vnto euery good worke reprobate.
Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.

< Titus 1 >