< Micah 6 >
1 Hearken ye nowe what the Lord sayth, Arise thou, and contende before the mountaines, and let the hilles heare thy voyce.
Høyr kva Herren segjer: Reis deg! Før di sak for fjelli! Lat haugarne høyra di røyst!
2 Heare ye, O mountaynes, the Lordes quarel, and ye mightie foundations of the earth: for the Lord hath a quarell against his people, and he will pleade with Israel.
Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren fører sak med folket sitt, og med Israel vil han ganga til doms.
3 O my people, what haue I done vnto thee? or wherin haue I grieued thee? testifie against me.
Mitt folk, kva hev eg gjort deg? Kva hev eg trøytta deg med? Svara meg!
4 Surely I brought thee vp out of the land of Egypt, and redeemed thee out of the house of seruants, and I haue sent before thee, Moses, Aaron, and Miriam.
Eg førde deg då ut or Egyptarlandet, og frå trælehuset løyste eg deg ut; og Moses og Aron og Mirjam sette eg i brodden for deg.
5 O my people, remember nowe what Balak King of Moab had deuised, and what Balaam the sonne of Beor answered him, from Shittim vnto Gilgal, that ye may knowe the righteousnes of the Lord.
Mitt folk! Kom i hug det Balak, kongen i Moab, var meint på, og det Bileam Beorsson svara honom! Kom i hug ferdi frå Sittim til Gilgal, so du kann skyna Herrens rettferdsverk!
6 Wherewith shall I come before the Lord, and bowe my selfe before the hie God? Shall I come before him with burnt offrings, and with calues of a yeere olde?
Kva skal eg stiga fram for Herren med, bøygja meg med for Gud i det høge? Skal eg stiga fram for honom med brennoffer, med årsgamle kalvar?
7 Will the Lord be pleased with thousands of rams, or with ten thousand riuers of oyle? shall I giue my first borne for my transgression, euen the fruite of my bodie, for the sinne of my soule?
Vil Herren hava hugnad i tusund verar, i ti tusund oljebekkjer? Skal eg ofra min fyrstefødde for mitt brot, mi livsfrukt til syndoffer for mi sjæl?
8 He hath shewed thee, O man, what is good, and what the Lord requireth of thee: surely to doe iustly, and to loue mercie, and to humble thy selfe, to walke with thy God.
Nei, han hev sagt deg, menneskje, kva som godt er; for kva krev Herren av deg anna enn at du skal gjera det som rett er, leggja vinn på kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud?
9 The Lordes voyce cryeth vnto the citie, and the man of wisedome shall see thy name: Heare the rodde, and who hath appoynted it.
Høyr kor Herren ropar til byen - og det er visdom å ottast namnet ditt -. Høyr straffi, og kven det er som hev fastsett henne!
10 Are yet the treasures of wickednes in the house of the wicked, and the scant measure, that is abominable?
Finst det endå i huset åt den gudlause rangfenge skattar og undermåls skjeppemål, som er bannstøytt?
11 Shall I iustifie the wicked balances, and the bag of deceitfull weightes?
Kunde eg vera rein dersom eg bruka svikefulle vegtar og hadde falske lodd i pungen?
12 For the rich men thereof are full of crueltie, and the inhabitants thereof haue spoken lyes, and their tongue is deceitfull in their mouth.
Du by med rikfolk, fulle av urett, og dei som bur der, talar lygn og hev ei falsk tunga i munnen sin!
13 Therefore also will I make thee sicke in smiting thee, and in making thee desolate, because of thy sinnes.
So vil då eg og slå deg so det gjer vondt, leggja deg i øyde for dine synder skuld.
14 Thou shalt eate and not be satisfied, and thy casting downe shall be in the mids of thee, and thou shalt take holde, but shalt not deliuer: and that which thou deliuerest, will I giue vp to the sworde.
Du skal eta, men ikkje verta mett, og tom skal du alltid kjenna deg. Du kann flytja, men du skal ikkje berga. Og det du bergar, skal eg gjeva åt sverdet.
15 Thou shalt sowe, but not reape: thou shalt treade the oliues, but thou shalt not anoint thee with oyle, and make sweete wine, but shalt not drinke wine.
Du skal så, men ikkje få hausta. Du skal pressa olivor, men ikkje få salva deg med olje. Du skal pressa druvesaft, men ikkje få drikka vin.
16 For the statutes of Omri are kept, and all the maner of the house of Ahab, and ye walke in their counsels, that I should make thee waste, and the inhabitants thereof an hissing: therefore ye shall beare the reproche of my people.
For fyreskrifterne åt Omri agtar dei vel på, og all gjerning av Ahabs hus, og etter deira råder er det de ferdast, for eg skal gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.