< Ezekiel 44 >

1 Then he brought me towarde the gate of the outwarde Sanctuarie, which turneth towarde the East, and it was shut.
So let han meg koma tilbake til den ytre porten åt heilagdomen, den som snudde i aust, og han var attlaten.
2 Then saide the Lord vnto me, This gate shalbe shut, and shall not bee opened, and no man shall enter by it, because the Lord God of Israel hath entred by it, and it shalbe shut.
Og Herren sagde med meg: «Denne porten skal vera attlaten og ikkje verta opna, og ingen skal ganga inn igjenom honom; for Herren, Israels Gud, hev gjenge inn igjenom honom, difor skal han vera attlaten.
3 It appertaineth to the Prince: the Prince himselfe shall sit in it to eate bread before the Lord: he shall enter by the way of the porche of that gate, and shall go out by the way of the same.
Men fyrsten, han er fyrste, han kann sitja der og eta brød framfor Herrens åsyn. Han skal ganga inn vegen til forhalli i porten, og same vegen skal han ganga ut att.»
4 Then brought he mee toward the North gate before the House: and when I looked, beholde, the glorie of the Lord filled the house of the Lord, and I fell vpon my face.
So let han meg koma gjenom nordporten og fram for huset. Og eg såg, og sjå, Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. Og eg fall å gruve på mitt andlit.
5 And the Lord sayd vnto me, Sonne of man, marke well, and behold with thine eyes, and heare with thine eares, all that I say vnto thee, concerning al the ordinances of the house of the Lord, and al the lawes thereof, and marke well the entring in of the house with euery going forth of the Sanctuarie,
Då sagde Herren med meg: «Menneskjeson! Legg deg på hjarta og sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine alt det som eg segjer med deg um alle fyresegnerne og loverne um Herrens hus. Og du må hugfesta inngangen til huset og alle utgangarne frå heilagdomen.
6 And thou shalt say to the rebellious, euen to ye house of Israel, Thus saith ye Lord God, O house of Israel, ye haue ynough of al your abominations,
Og du skal segja med dei tråssuge, med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok med all styggedomen dykkar, du Israels-lyd,
7 Seeing that yee haue brought into my Sanctuarie strangers, vncircumcised in heart, and vncircumcised in flesh, to bee in my Sanctuarie, to pollute mine house, when yee offer my bread, euen fat, and blood: and they haue broken my couenant, because of all your abominations.
at de let framande, u-umskore på hjarta og u-umskore på kjøt koma inn i heilagdomen min, og vera der til å vanhelga huset mitt, når de ofra brødet mitt, feita og blod. Soleis braut dei pakti mi, attåt alle hine styggjorne dykkar.
8 For yee haue not kept the ordinances of mine holy things: but you your selues haue set other to take the charge of my Sanctuarie.
Og de hev ikkje sjølve greidt med tenesta i heilagdomarne mine, men de sette andre i staden for dykk til å gjera tenesta i heilagdomen min.
9 Thus saieth the Lord God, No stranger vncircumcised in heart, nor vncircumcised in flesh, shall enter into my Sanctuarie, of any stranger that is among the children of Israel,
So segjer Herren, Herren: Ingen framand med u-umskore hjarta og u-umskore kjøt skal koma inn i min heilagdom, ingen av alle dei framande som bur millom Israels-borni.
10 Neither yet ye Leuites that are gone backe from me, when Israel went astray, which went astray from thee after their idoles, but they shall beare their iniquitie.
Men dei levitarne som gjekk burt ifrå meg, då Israel for vilt, og villa seg burt ifrå meg etter dei ufysne avgudarne sine, skal bera si misgjerning,
11 And they shall serue in my Sanctuarie, and keepe the gates of the House, and minister in the House: they shall slay the burnt offring and the sacrifice for the people: and they shall stand before them to serue them.
og i heilagdomen min skal dei gjera vakttenesta ved portarne og likeins tenesta i huset; dei skal slagta brennofferet og slagtofferet åt folket, og dei skal standa framfor deira åsyn og tena deim.
12 Because they serued before their idoles, and caused the house of Israel to fall into iniquitie, therfore haue I lift vp mine had against the, saith the Lord God, and they shall beare their iniquity,
Etter di dei tente deim framfor dei ufysne avgudarne deira og var støytestein til misgjerning for Israels-lyden, difor hev eg lyft mi hand imot deim, segjer Herren, Herren, og dei skal bera si misgjerning.
13 And they shall not come neere vnto me to do ye office of ye Priest vnto me, neyther shall they come neere vnto any of mine holy things in the most holy place, but they shall beare their shame and their abominations, which they haue comitted.
Og dei skal ikkje koma meg nær til å gjera prestetenesta framfyre meg og ikkje koma nær noko av alle mine heilage ting, dei høgheilage tingi; men dei skal bera skammi si og skjemdarverki som dei hev gjort.
14 And I will make them keepers of ye watch of the House, for all the seruice thereof, and for all that shalbe done therein.
Og eg vil setja deim til å greida med tenesta i huset, med alt tenar-arbeidet i det og alt som der er å gjera.
15 But the Priests of the Leuites, the sonnes of Zadok, that kept the charge of my Sanctuarie, when the children of Israel went astray from me, they shall come neere to me to serue me, and they shall stande before me to offer me the fat and the blood, saith the Lord God.
Men dei levitiske prestarne, Sadoks-sønerne, som greidde med tenesta i heilagdomen min då Israels-borni villa seg burt ifrå meg, dei skal koma nær til meg og tena meg, og dei skal standa framfor mi åsyn og ofra åt meg feita og blod, segjer Herren, Herren.
16 They shall enter into my Sanctuarie, and shall come neere to my table, to serue me, and they shall keepe my charge.
Dei skal ganga inn i min heilagdom, og dei skal koma inn åt mitt bord og tena meg, og dei skal greida med mi tenesta.
17 And whe they shall enter in at the gates of the inner court, they shall be clothed with linen garments, and no wool shall come vpon the while they serue in ye gates of the inner court, and within.
Når dei då kjem inn i portarne åt den indre fyregarden, skal dei klæda seg i linklæde, det må ikkje koma ullan på deim når dei tener i portarne åt den indre fyregarden og inni huset.
18 They shall haue linnen bonets vpon their heades, and shall haue linnen breeches vpon their loynes: they shall not girde them selues in the sweating places.
Linhuvor skal dei hava på hovudet og linbrøker um mjødmarne sine; dei skal vera umgyrde med noko som veld sveite.
19 But when they goe foorth into the vtter court, euen to the vtter court to the people, they shall put off their garments, wherein they ministred, and lay them in the holy chambers, and they shall put on other garments: for they shall not sanctifie the people with their garments.
Og når dei gjeng ut i den ytre fyregarden, til folket i den ytre fyregarden, skal dei hava av seg dei klædi som dei hev gjort tenesta i, og leggja deim i dei heilage kovarne, og dei skal taka på seg andre klæde, so dei ikkje skal helga folket med klædi sine.
20 They shall not also shaue their heades, nor suffer their lockes to growe long, but rounde their heades.
Og dei skal ikkje raka hovudet, men ikkje heller lata håret veksa som det vil; dei skal klyppa håret sitt.
21 Neither shall any Priest drinke wine when they enter into the inner court.
Og vin skal ingen av prestarne drikka, når dei gjeng inn i den indre fyregarden.
22 Neither shall they take for their wiues a widowe, or her that is diuorced: but they shall take maidens of the seede of the house of Israel, or a widow that hath bene the widow of a Priest.
Enkja eller fråskild kvinna skal dei ikkje taka til kona, men møyar, ætta frå Israels-lyden. Men ei enkja som er enkja etter prest, kann det taka.
23 And they shall teach my people the difference betweene the holy and prophane, and cause them to discerne betweene the vncleane and the cleane.
Og dei skal læra folket mitt å skilja millom heilagt og vanheilagt, og kunngjera deim skilnaden på ureint og reint.
24 And in controuersie they shall stande to iudge, and they shall iudge it according to my iudgements: and they shall keepe my lawes and my statutes in all mine assemblies, and they shall sanctifie my Sabbaths.
Og i rettssaker skal dei standa fram og døma; etter mine fyresegner skal dei døma i deim. Og mine lover og fyresegner skal dei halda på alle mine høgtider, og kviledagarne mine skal dei halda heilage.
25 And they shall come at no dead person to defile theselues, except at their father, or mother, or sone, or daughter, brother or sister, that hath had yet none husband: in these may they be defiled.
Og til eit lik skal ingen av deim ganga inn, so han vert urein; einast for far og for mor og for son og for dotter, for bror, og for syster som ikkje hev havt mann, kann dei gjera seg ureine soleis.
26 And when he is clensed, they shall reckon vnto him seuen dayes.
Og etter reinsingi hans, skal dei telja sju dagar for honom.
27 And when he goeth into ye Sanctuarie vnto the inner court to minister in the Sanctuarie, he shall offer his sinne offring, saith ye Lord God.
Og den dagen han gjeng inn i heilagdomen, i den indre fyregarden, og tener i heilagdomen, skal han ofra syndofferet sitt, segjer Herren, Herren.
28 And the Priesthood shall bee their inheritance, yea, I am their inheritance: therefore shall ye giue them no possessio in Israel, for I am their possession.
Og det skal vera arvluten deira: Eg vil vera arvluten deira. Og nokor eiga skal de ikkje gjeva deim i Israel; eg er deira eiga.
29 They shall eate the meat offring, and the sinne offring, and the trespas offring, and euery dedicate thing in Israel shall be theirs.
Grjonofferet og syndofferet og skuldofferet, deim skal dei eta, og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra deim til.
30 And all the first of all the first borne, and euery oblation, euen all of euery sort of your oblations shall be the Priestes. Ye shall also giue vnto the Priest the first of your dough, that he may cause the blessing to rest in thine house.
Det aller fyrste av allslags grøda og alle offergåvor av alle slag skal vera åt prestarne. Og det fyrste gropet de mel, skal de gjeva presten, so velsigning må koma yver huset ditt.
31 The Priests shall not eate of any thing, that is dead, or torne, whether it be foule or beast.
Noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestarne eta.

< Ezekiel 44 >