< 2 Samuel 5 >
1 Then came all the tribes of Israel to Dauid vnto Hebron, and said thus, Beholde, we are thy bones and thy flesh.
Då kom alle Israels ætter til David i Hebron, og tala soleis: «Du veit me og du er same folket.
2 And in time past when Saul was our King, thou leddest Israel in and out: and the Lord hath sayde to thee, Thou shalt feede my people Israel, and thou shalt be a captaine ouer Israel.
Alt lenge sidan, med Saul var kongen vår, so var du føraren for Israel. Og med deg hev Herren sagt: «Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt! du skal vera fyrste yver Israel!»»
3 So all the Elders of Israel came to the King to Hebron: and King Dauid made a couenant with them in Hebron before the Lord: and they anoynted Dauid King ouer Israel.
Då alle dei øvste i Israel var komne til Hebron, til kongen, gjorde kong David samband med deim i Hebron for Herrens åsyn. Og dei salva David til konge yver Israel.
4 Dauid was thirtie yeere olde when he began to reigne: and hee reigned fortie yeere.
Tretti år var David då han vart konge. Og han var konge i fyrti år.
5 In Hebron hee reigned ouer Iudah seuen yeere, and sixe moneths: and in Ierusalem hee reigned thirtie and three yeeres ouer all Israel and Iudah.
I Hebron var han konge yver Juda i sju år og seks månader. I Jerusalem var han konge i tri og tretti år yver heile Israel og Juda.
6 The King also and his men went to Ierusalem vnto the Iebusites, the inhabitants of the land: who spake vnto Dauid, saying, Except thou take away the blinde and the lame, thou shalt not come in hither: thinking that Dauid coulde not come thither.
Kongen drog upp til Jerusalem med heren sin mot jebusitarne, som budde der i landet. Dei sagde då til David: «Hit inn vinn du ikkje koma! Jamvel blinde og lame folk kann driva deg burt berre med dei ordi: Hit kjem David ikkje!»
7 But Dauid tooke the fort of Zion: this is the citie of Dauid.
David tok like vel Sionsborgi. Den borgi vart Davidsbyen.
8 Nowe Dauid had sayd the same day, Whosoeuer smiteth the Iebusites, and getteth vp to the gutters and smiteth the lame and blinde, which Dauids soule hateth, I will preferre him: therefore they saide, The blinde and the lame shall not come into that house.
David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.»
9 So Dauid dwelt in that forte, and called it the citie of Dauid, and Dauid built rounde about it, from Millo, and inward.
David tok bustad der på borgi og kalla henne Davidsbyen. David bygde byen rundt ikring frå Millo og innetter.
10 And Dauid prospered and grewe: for the Lord God of hostes was with him.
Davids velde auka stødt og stendigt. Og Herren, allhers Gud, var med honom.
11 Hiram also king of Tyrus sent messengers to Dauid, and cedar trees, and carpenters, and masons for walles: and they built Dauid an house.
Kong Hiram i Tyrus sende folk til David med cedertre og timbremenner og steinhoggarar. Dei bygde eit hus for David.
12 Then Dauid knewe that the Lord had stablished him King ouer Israel, and that he had exalted his kingdome for his people Israels sake.
Og David skyna at Herren hadde grunnfest kongedømet hans yver Israel, og lyft kongedømet hans upp til æra for Israel, folket sitt, skuld.
13 And Dauid tooke him more concubines and wiues out of Ierusalem, after hee was come from Hebron, and more sonnes and daughters were borne to Dauid.
David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem, etter han var komen dit frå Hebron. Og David fekk endå fleire søner og døtter.
14 And these bee the names of the sonnes that were borne vnto him in Ierusale: Shammua, and Shobab, and Nathan, and Salomon,
Dei sønerne han fekk i Jerusalem heitte: Sammua, Sobab, Natan, Salomo,
15 And Ibhar, and Elishua, and Nepheg, and Iaphia,
Jibhar, Elisua, Nefeg, Jafia,
16 And Elishama, and Eliada, and Eliphalet.
Elisama, Eljada og Elifelet.
17 But when the Philistims hearde that they had anoynted Dauid King ouer Israel, all the Philistims came vp to seeke Dauid: and when Dauid heard, he went downe to a fort.
Då filistarane frette at David var salva til konge yver Israel, drog alle filistarane upp og søkte åt honom. Då David spurde det, drog han ned til borgi.
18 But the Philistims came, and spred themselues in the valley of Rephaim.
Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
19 Then Dauid asked counsel of the Lord, saying, Shall I goe vp to the Philistims? wilt thou deliuer them into mine handes? And the Lord answered Dauid, Goe vp: for I will doubtlesse deliuer the Philistims into thine handes.
Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.»
20 Then Dauid came to Baal-perazim, and smote them there, and sayde, The Lord hath deuided mine enemies asunder before mee, as waters be deuided asunder: therefore he called the name of that place, Baal-perazim.
David kom til Ba’al-Perasim. Og der vann David yver deim. Då sagde han: «Herren hev brote igjenom uvenerne mine, liksom vatn bryt igjenom.» Det er difor staden hev fenge namnet Ba’al-Perasim.
21 And there they left their images, and Dauid and his men burnt them.
Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim.
22 Againe the Philistims came vp, and spred themselues in the valley of Rephaim.
Endå ein gong drog filistarane upp og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
23 And when Dauid asked counsell of the Lord, hee answered, Thou shalt not goe vp, but turne about behinde them, and come vpon them ouer against the mulberie trees.
Då David spurde Herren, svara han: «Drag ikkje mot deim! Kringset deim attanfrå, so du fell yver deim frå den staden der bakatrei stend.
24 And when thou hearest the noyse of one going in the toppes of the mulberie trees, then remoue: for then shall the Lord goe out before thee, to smite the hoste of the Philistims.
So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!»
25 Then Dauid did so as the Lord had commanded him, and smote the Philistims from Geba, vntil thou come to Gazer.
David gjorde som Herren baud; og han slo filistarane og forfylgde deim frå Geba heilt fram til Gezer.