< 2 Samuel 2 >
1 After this, Dauid asked counsel of the Lord, saying, Shall I go vp into any of the cities of Iudah? And the Lord sayd vnto him, Goe vp. And Dauid sayd Whither shall I goe? Hee then answered, Vnto Hebron.
Sidan spurde David Herren: «Skal eg draga upp til ein av byarne i Juda?» Herren svara ja. «Kvar helst?» spurde David. Herren svara: «Til Hebron.»
2 So Dauid went vp thither, and his two wiues also, Ahinoam the Izreelite, and Abigail Nabals wife the Carmelite.
So drog David dit med båe konorne sine, Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel.
3 And Dauid brought vp the men that were with him, euery man with his houshold, and they dwelt in the cities of Hebron.
David førde ogso fylgjesveinarne sine dit upp med huslydarne sine; og dei busette seg i byarne kringum Hebron.
4 Then the men of Iudah came, and there they anoynted Dauid King ouer the house of Iudah. And they tolde Dauid, saying, that the men of Iabesh Gilead buried Saul.
Då kom Juda-folket dit og salva David til konge yver Juda-ætti. Då David fekk høyra at det var folket i Jabes i Gilead som hadde gravlagt Saul,
5 And Dauid sent messengers vnto the men of Iabesh Gilead, and said vnto them, Blessed are ye of the Lord, that yee haue shewed such kindenes vnto your lord Saul, that you haue buried him.
sende han bod til folket i Jabes i Gilead og sagde til deim: «Velsigna av Herren vere de som gjorde denne sælebotstenesta mot Saul, herren dykkar, at det gravlagde honom.
6 Therefore now the Lord shewe mercie and trueth vnto you: and I will recompence you this benefite, because ye haue done this thing.
So vise då Herren dykk kjærleik og truskap! Sjølv vil eg løna dykk vel for de gode de gjorde.
7 Therefore nowe let your handes be strong, and be you valiant: albeit your master Saul bee dead, yet neuerthelesse the house of Iudah hath anoynted me King ouer them.
Ver då urædde, og dugande karar! Saul, herren dykkar, er dåen; men meg hev Juda-ætti salva til konge yver seg.»
8 But Abner the sonne of Ner that was captaine of Sauls hoste, tooke Ish-bosheth the sonne of Saul, and brought him to Mahanaim,
Abner Nersson, herhovdingen åt Saul, tok Isboset Saulsson og førde honom yver til Mahanajim,
9 And made him King ouer Gilead, and ouer the Ashurites, and ouer Izreel, and ouer Ephraim, and ouer Beniamin, and ouer al Israel.
og gjorde honom til konge yver Gilead, yver asuritarne og Jizre’el, yver Efraim, yver Benjamin, og yver heile Israel.
10 Ish-bosheth Sauls sonne was fourtie yeere olde when he began to reigne ouer Israel, and reigned two yeere: but the house of Iudah followed Dauid.
Isboset Saulsson var fyrti år gamall då han vart konge yver Israel, og han var konge i tvo år. Einast Juda-ætti fylgde David.
11 (And the time which Dauid reigned in Hebron ouer the house of Iudah, was seuen yeere and sixe moneths)
Og den tidi David var konge i Hebron yver Juda-ætti, var sju år og seks månader.
12 And Abner the sonne of Ner, and the seruantes of Ish-bosheth the sonne of Saul went out of Mahanaim to Gibeon.
Abner Nersson drog ut frå Mahanajim til Gibeon med folket åt Isboset Saulsson.
13 And Ioab the sonne of Zeruiah, and the seruants of Dauid went out and met one another by the poole of Gibeon: and they sate downe, the one on the one side of the poole, and the other on the otherside of the poole.
Joab Serujason og Davids folk drog ut dei og. Og dei møttest ved Gibeontjørni. Der stogga dei på kvar si sida av tjørni.
14 Then Abner saide to Ioab, Let the yong men nowe arise, and play before vs. And Ioab said, Let them arise.
Abner sagde til Joab: «Lat nokre av sveinarne våre koma fram og halda våpnleik for oss!» «Ja vel, » svara Joab.
15 Then there arose and went ouer twelue of Beniamin by number, which perteined to Ish-bosheth the sonne of Saul, and twelue of the seruants of Dauid.
Dei kom og møtte fram like mange i tal: tolv av Benjamin for Isboset Saulsson, og tolv av Davids folk.
16 And euery one caught his fellowe by the head, and thrust his sword in his fellowes side, so they fell downe together: wherefore ye place was called Helkath-hazzurim, which is in Gibeon.
Dei treiv kvarandre kring hovudet, og rende sverdi i sida på kvarandre, so dei fall alle i hop. Difor heitar den staden Sverdåkeren; han ligg attmed Gibeon.
17 And the battel was exceeding sore that same day: for Abner and the men of Israel fell before the seruants of Dauid.
Då vart det ein ovhard strid den dagen. Abner og Israels-mennerne vart slegne av Davids folk.
18 And there were three sonnes of Zeruiah there, Ioab, and Abishai, and Asahel. And Asahel was as light on foote as a wilde roe.
Tri søner av Seruja var med i striden: Joab, Ahisai og Asael. Asael var lettføtt som ei hind i heidi.
19 And Asahel followed after Abner, and in going he turned neither to the right hand nor to the left from Abner.
Og Asael forfylgde Abner, og veik korkje til høgre eller vinstre frå Abner.
20 Then Abner looked behind him, and said, Art thou Asahel? And he answered, Yea.
Abner vende seg og sagde: «Er du Asael?» Han svara ja.
21 Then Abner said, Turne thee either to the right hande, or to the left, and take one of the yong men, and take thee his weapons: and Asahel would not depart from him.
Abner sagde til honom: «Vend deg ei onnor leid, til høgre eller til vinstre! Tak på ein av sveinarne, og freista taka våpni hans!» Men Asael vilde ikkje slutta å elta honom.
22 And Abner saide to Asahel, Depart from me: wherefore shoulde I smite thee to the grounde? howe then shoulde I be able to holde vp my face to Ioab thy brother?
Abner heldt endå fram og ropa til Asael: «Lat meg vera! elles lyt eg slå deg til jordi; og korleis skal eg då sjå Joab, bror din, i augo?»
23 And when he woulde not depart, Abner with the hinder ende of the speare smote him vnder the fift ryb, that the speare came out behind him: and he fell downe there, and dyed in his place. And as many as came to the place where Asahel fell downe and dyed, stoode still.
Men han vilde ikkje slutta. Og so støytte Abner bakenden av spjotet inn i magen hans, so spjotet gjekk ut gjenom ryggen. Og det vart hans bane. Alle stogga når dei kom dit Asael fall og døydde.
24 Ioab also and Abishai pursued after Abner: and the sunne went downe, when they were come to the hill Ammah, that lieth before Giah, by the way of the wildernesse of Gibeon.
Joab og Abisai forfylgde Abner. Men då soli gladde, var dei komne til Ammahaugen, beint imot Giah, på vegen til Gibeons-øydemarki.
25 And the children of Beniamin gathered them selues together after Abner, and were on an heape and stoode on the top of an hill.
Då samla dei seg, Benjamins-folki, attum Abner, so dei vart til ein flokk, og fylkte seg på toppen av ein og same haugen.
26 Then Abner called to Ioab, and said, Shall the sworde deuoure for euer? knowest thou not, that it will be bitternesse in the latter ende? howe long then shall it be, or thou bid the people returne from following their brethren?
Abner ropa til Joab: «Skal då sverdet halda på og øyde i all æva? Skynar du ikkje at dette tek ein beisk ende? Kor lenge vil du drygja fyrr du byd folki dine slutta å elta brørne sine?»
27 And Ioab sayde, As God liueth, if thou haddest not spoken, surely euen in the morning the people had departed euery one backe from his brother.
Joab svara: «So sant Gud liver: hadde du ikkje tala, so vilde folket ha slutta å elta brørne sine alt frå morgonen.»
28 So Ioab blew a trumpet, and all the people stoode still, and pursued after Israel no more, neither fought they any more.
Joab let blåsa i luren. Alle stana, og slutta å elta Israel. Og so heldt dei upp å slåst.
29 And Abner and his men walked all that night through the plaine, and went ouer Iorden, and past through all Bithron till they came to Mahanaim.
Abner og kararne hans for yver heidi heile natti; dei gjekk yver Jordan og for gjenom heile Bitron, og kom so til Mahanajim.
30 Ioab also returned backe from Abner: and when he had gathered all the people together, there lacked of Dauids seruants nineteene men and Asahel.
Då Joab hadde slutta å elta Abner, samla han alt folket. Då sakna dei nittan mann av Davids folk, forutan Asael.
31 But the seruants of Dauid had smitten of Beniamin, and of Abners men, so that three hundreth and threescore men dyed.
David folk hadde drepe tri hundrad og seksti mann av benjaminitarne og Abner-folket.
32 And they tooke vp Asahel, and buried him in the sepulchre of his father, which was in Bethlehem: and Ioab and his men went all night, and when they came to Hebron, the day arose.
Dei tok Asael og gravlagde honom i farsgravi i Betlehem. So gjekk dei heile natti, Joab og mennerne hans, og kom ved dagsprett til Hebron.