< 2 Samuel 13 >

1 Now after this so it was, that Absalom the sonne of Dauid hauing a fayre sister, whose name was Tamar, Amnon the sonne of Dauid loued her.
Sidan hende denne tilburden: Absalom Davidsson hadde ei væn syster som heitte Tamar, og Amnon Davidsson lagde hugen til henne.
2 And Amnon was so sore vexed, that he fell sicke for his sister Tamar: for she was a virgin, and it seemed hard to Amnon to doe any thing to her.
Ja Ammon pintest so, at han vart heiltupp sjuk av lyst til syster si; for ho var møy; og Ammon øygnde ingen utveg til å gjera henne noko.
3 But Amnon had a friend called Ionadab, the sonne of Shimeah Dauids brother: and Ionadab was a very subtile man.
Amnon hadde ein ven, som heitte Jonadab, son til Simea, bror åt David. Jonadab var ein utkropen kar.
4 Who sayde vnto him, Why art thou the Kings sonne so leane from day to day? wilt thou not tell me? Then Amnon answered him, I loue Tamar my brother Absaloms sister.
Han spurde honom: «Kvi magrast du so, du kongsson, frå dag til annan? Fortel meg det?» Amnon svara: «Eg hev huglagt Tamar, syster åt Absalom, bror min!»
5 And Ionadab sayd vnto him, Lie downe on thy bed, and make thy selfe sicke: and when thy father shall come to see thee, say vnto him, I pray thee, let my sister Tamar come, and giue me meate, and let her dresse meate in my sight, that I may see it, and eate it of her hand.
Då sagde Jonadab til honom: «Legg deg sjuk på sengi di! Og når far din kjem og ser til deg, so bed honom: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga maten åt meg! Lat henne laga til mat for augo mine, so eg ser på! Og lat meg eta av hennar hand!»»
6 So Amnon lay downe, and made himselfe sicke: and when the King came to see him, Amnon sayde vnto the King, I pray thee, let Tamar my sister come, and make me a couple of cakes in my sight, that I may receiue meate at her hand.
Amnon lagde seg og lest som han var sjuk. Kongen kom og såg til honom. Og Amnon bad kongen: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga tvo kakor åt meg so eg ser på og fær eta av hennar hand!»
7 Then Dauid sent home to Tamar, saying, Goe now to thy brother Amnons house, and dresse him meate.
David sende då bod inn i huset til Tamar og bad henne: «Gakk til huset åt Amnon, bror din, og laga noko mat åt honom!»
8 So Tamar went to her brother Amnons house, and he lay downe: and she tooke floure, and knead it, and made cakes in his sight, and did bake the cakes.
Tamar gjekk til huset åt Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig og knoda, og laga kakorne so han såg på, og steikte deim.
9 And she tooke a pan, and powred them out before him, but he would not eat. Then Amnon saide, Cause ye euery man to goe out from me: so euery man went out from him.
So tok ho panna og hadde deim or for honom; men han vilde ikkje eta. So sagde Amnon: «Gakk ut alle mann!» Og dei so gjorde.
10 Then Amnon said vnto Tamar, Bring the meate into the chamber, that I may eate of thine hand. And Tamar tooke the cakes which shee had made, and brought them into the chamber to Amnon her brother.
So segjer han med Tamar: «Kom med maten her inn i kammerset, so eg fær eta av handi di!» Og Tamar tok kakorne ho hadde laga, og gjekk inn i kammerset til Amnon, bror sin.
11 And when she had set them before him to eate, he tooke her, and sayd vnto her, Come, lye with me, my sister.
Men då ho bar deim fram åt honom, so han skulde eta, greip han fat i henne og sagde: «Kom og ligg med meg, syster mi!»
12 But shee answered him, Nay, my brother, doe not force me: for no such thing ought to be done in Israel: commit not this follie.
Ho svara: «Nei, bror min! Du må ikkje skjemma meg! Sovore må ikkje henda i Israel! Gjer ikkje so stygg ei gjerning!
13 And I, whither shall I cause my shame to goe? and thou shalt be as one of the fooles in Israel: now therefore, I pray thee, speake to the King, for he will not denie me vnto thee.
Kvar skulde eg gjera av meg med skammi? Og du sjølv vilde seinare heita eit styggeting i Israel. Tala fyrst med kongen! Han vil ikkje negta deg å få meg.»
14 Howbeit he would not hearken vnto her voyce, but being stronger then she, forced her, and lay with her.
Men han vilde ikkje lyda henne. Han valdtok henne, skjemde henne, låg med henne.
15 Then Amnon hated her exceedingly, so that the hatred wherewith he hated her, was greater then the loue, wherewith hee had loued her: and Amnon sayde vnto her, Vp, get thee hence.
Etterpå fekk Amnon brått ein øgjeleg illvilje til henne. Illviljen han åtte mot henne no, var endå meir ofseleg enn elsken han hadde havt til henne fyrr. «Ris upp og gakk med deg!» sagde Amnon til henne.
16 And she answered him, There is no cause: this euill (to put mee away) is greater then the other that thou diddest vnto me: but he would not heare her,
Ho sagde til honom: «Ikkje auka skuldi med å gjera so stor ei ugjerning som å jaga meg! det vil vera endå verre enn det andre du hev gjort med meg.» Men han vilde ikkje høyra på henne,
17 But called his seruant that serued him, and sayd, Put this woman now out from me, and locke the doore after her.
men ropa på drengen, som tente hjå honom: «Få henne der burt frå meg, ut på gata!» ropa han, «og læs døri etter henne!»
18 (And she had a garment of diuers coulours vpon her: for with such garments were the Kings daughters that were virgins, apparelled) Then his seruant brought her out, and locked the doore after her.
Ho gjekk i sid ermekjole; i sovorne kappor var kongsdøtterne klædde med dei var unge gjentor. Tenaren førde henne ut på gata og læste døri etter henne.
19 And Tamar put ashes on her head and rent the garment of diuers colours which was on her, and layde her hand on her head, and went her way crying.
Då tok Tamar oska og hadde på hovudet, reiv sund ermekjolen ho gjekk i, lagde handi på hovudet og gjekk og øya seg i eino.
20 And Absalom her brother sayd vnto her, Hath Amnon thy brother bene with thee? Now yet be still, my sister: he is thy brother: let not this thing grieue thine heart. So Tamar remayned desolate in her brother Absaloms house.
Absalom, bror hennar, spurde henne: «Hev Amnon, bror din, vore hjå deg? Teg deg no, syster! Han er bror din. Bry deg ikkje um dette!» Tamar heldt seg då heime hjå Absalom, bror sin, einsleg og yvergjevi.
21 But when King Dauid heard all these things, he was very wroth.
Då kong David spurde alt dette, loga harmen upp i honom.
22 And Absalom sayde vnto his brother Amnon neither good nor bad: for Absalom hated Amnon, because he had forced his sister Tamar.
Absalom sagde ingen ting med Amnon anten godt eller vondt. Men Absalom hata Amnon, for di han hadde skjemt Tamar, syster hans.
23 And after the time of two yeeres, Absalom had sheepesherers in Baal-hazor, which is beside Ephraim, and Absalom called all the Kings sonnes.
Tvo år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor attmed Efraim; og Absalom bad alle kongssønerne til gjester.
24 And Absalom came to the King and sayd, Beholde now, thy seruant hath sheepesherers: I pray thee, that the King with his seruants would goe with thy seruant.
Absalom gjekk då inn til kongen og sagde: «Tenaren din held saueklypping. Eg bed at kongen og tenarane hans vil vera med.»
25 But the King answered Absalom, Nay my sonne, I pray thee, let vs not goe all, lest we be chargeable vnto thee. Yet Absalom lay sore vpon him: howbeit he would not go, but thanked him.
Kongen svara Absalom: «Nei, guten min! Me må ikkje vera med alle; det vert for mykje bry for deg.» Endå han naudbad honom, vilde han ikkje, men bad farvel med honom.
26 Then sayd Absalom, But, I pray thee, shall not my brother Amnon goe with vs? And the king answered him, Why should he go with thee?
Då sagde Absalom: «So lat då i alle fall bror Amnon vera med!» Kongen spurde: «Kvifor nett han?»
27 But Absalom was instant vpon him, and he sent Amnon with him, and all the Kings children.
Men då Absalom naudbad honom, let han Amnon og alle kongssønerne vera med.
28 Now had Absalom commanded his seruants, saying, Marke now when Amnons heart is merry with wine, and when I say vnto you, Smite Amnon, kill him, feare not, for haue not I commanded you? be bold therefore, and play the men.
Absalom baud drengjerne: «Sjå etter når Amnon vert lystig av vinen, og eg segjer: «Hogg til Amnon!» So drep honom hugheilt! eg tek ansvaret. Ver hugsterke, og vis de er dugande karar!»
29 And the seruantes of Absalom did vnto Amnon, as Absalom had commanded: and al the Kings sonnes arose, and euery man gate him vp vpon his mule, and fled.
Absaloms-drengjerne gjorde med Amnon som Absalom hadde bode. Då spratt dei upp alle kongssønerne, steig på muldyri sine og rømde.
30 And while they were in the way, tydings came to Dauid, saying, Absalom hath slaine al the Kings sonnes, and there is not one of them left.
Med dei endå var på vegen, fekk David høyra ei tiend um at Absalom hadde drepe alle kongssønerne, so ikkje ein einaste var att av deim.
31 Then the King arose, and tare his garments, and lay on the ground, and all his seruants stoode by with their clothes rent.
Då reiste kongen seg og reiv sund klædi sine og lagde seg på golvet. Og alle tenarane som stod der, reiv og sund klædi sine.
32 And Ionadab the sonne of Shimeah Dauids brother answered and sayde, Let not my lord suppose that they haue slayne all the yong men the Kings sonnes: for Amnon onely is dead, because Absalom had reported so, since hee forced his sister Tamar.
Men Jonadab, son åt Simea, bror åt David, tok til ords og sagde: «Herre, du må ikkje tru at dei hev drepe alle dei unge kongssønerne. Det er berre Amnon som er dåen. Eg hev lese ulukka på Absaloms munn alt frå den dagen då Amnon skjemde ut Tamar, syster hans.
33 Nowe therefore let not my lord the King take the thing so grieuously, to thinke that all ye Kings sonnes are dead: for Amnon only is dead.
Herre konge! no må du ikkje gjera deg so ilt av det, at du trur alle kongssønerne er daude. Nei, det er berre Amnon som er daud.»
34 Then Absalom fled: and the yong man that kept the watch, lift vp his eyes, and looked, and behold, there came much people by the way of the hill side behinde him.
Men Absalom flydde. Då vaktmannen såg ut, fekk han sjå mykje folk kom vegen ned fjellet attanfor.
35 And Ionadab said vnto the King, Behold, ye Kings sonnes come: as thy seruant sayd, so it is.
Då sagde Jonadab til kongen: «Der kjem kongssønerne! Det er som eg sagde.»
36 And assoone as hee had left speaking, behold, the Kings sonnes came, and lift vp their voyces, and wept: and the King also and all his seruants wept exceedingly sore.
Nett då han hadde tala ut, kom kongssønerne, og dei sette i og gret. Ogso kongen og alle tenarane storgret og stridgret.
37 But Absalom fled away, and went to Talmai the sonne of Ammihur King of Geshur: and Dauid mourned for his sonne euery day.
Men Absalom flydde og for til Talmai Ammihudsson, kongen i Gesur. Og han syrgde yver son sin heile tidi.
38 So Absalom fled, and went to Geshur, and was there three yeeres.
Absalom flydde og for til Gesur, og heldt seg der i tri år.
39 And King Dauid desired to go forth vnto Absalom, because he was pacified concerning Amnon, seeing he was dead.
Men kong David let vera å draga ut mot Absalom; han hadde lote trøysta seg i sorgi yver at Amnon var dåen.

< 2 Samuel 13 >