< Proverbs 25 >
1 These are more proverbs of Solomon, collected by the scribes of Hezekiah, king of Judah.
Dette er og ordtøke av Salomo, og mennerne åt Hizkia, kongen i Juda, hev samla deim.
2 God's greatness is in doing things that can't be known, while the greatness of kings is in revealing things.
Guds æra er å dylja ei sak, og kongars æra å granska ei sak.
3 Just as the height of the heavens or the depth of the earth can't be known, the king's thinking can't be known.
Himmel-høgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.
4 Remove the waste from the silver, and the silversmith has pure silver to work with.
Burt med slagget or sylvet! So fær gullsmeden ei skål av det.
5 Remove the wicked from the king's presence and the king will rule securely and justly.
Burt med gudlaus mann frå kongen! So vert hans kongsstol fast ved rettferd.
6 Don't try to make yourself look great before the king, and don't pretend to be among the important people,
Briska deg ikkje for kongen, og stell deg ikkje på storfolks plass.
7 for it's better to be told, “Come up here,” than to be humiliated before a nobleman. Even though you've seen something with your own eyes,
For betre er at dei segjer med deg: «Stig her upp!» Enn at du vert nedflutt for augo på fyrsten. Kva so augo dine hev set.
8 don't rush to take legal action, for what are you going to do in the end when your neighbor shows you're wrong and humiliates you?
Ver ikkje for snar til å reisa sak; for kva vil du gjera til slutt, når motparten gjer deg til skammar?
9 Discuss the case with your neighbor himself, and don't betray someone else's secret,
Før di sak med grannen din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom,
10 otherwise whoever hears it will make you ashamed and you'll never lose your bad reputation.
For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg.
11 Advice given at the right time is like golden apples set in silver.
Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.
12 Constructive criticism from the wise to someone who listens is like a gold ring and a necklace of fine gold.
Som ein gullring i øyra og sylgja av gull er ein vismann som refser for høyrande øyra.
13 Faithful messengers are as refreshing to their master as cold snow on a hot harvest day.
Som svalande snø ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for deim som sender han, han kveikjer sjæli åt herren sin.
14 Someone who boasts about a gift they never give is like cloud and wind without rain.
Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.
15 If you're patient you can persuade your superior, and soft words can break down opposition.
Tolmod fær domaren yvertald, og den linne tunga bryt bein.
16 If you find honey, eat just enough, for if you eat too much, you'll be sick.
Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje vert ovmett og spyr han ut.
17 Don't set foot in your neighbors' homes too often, otherwise they'll get fed up with you and hate you.
Set sjeldan din fot i huset åt grannen, so han ikkje vert leid deg og hatar deg.
18 Telling lies in court against a friend is like attacking them with a mace, or a sword, or an arrow.
Hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar falskt mot sin næste.
19 Trusting in unreliable people in times of trouble is like eating with a broken tooth or walking on a bad foot.
Som roti tonn og ustød fot, so er lit til utru mann på trengselsdagen.
20 Singing happy songs to someone who's broken-hearted is like taking off your coat on a cold day, or pouring vinegar onto an open wound.
Som kastar du klædi ein frostdag, som eddik på natron, so er den som syng visor for sorgfullt hjarta.
21 If your enemy is hungry, give him something to eat; if he's thirsty, give him a drink of water.
Er din fiend’ svolten, gjev honom mat, er han tyrst, so gjev honom drikka.
22 This will make him ashamed as if he had burning coals piled on his head, and the Lord will reward you.
For då hopar du gloande kol på hovudet hans, og Herren skal løna deg att for det.
23 In the same way that the north wind brings rain, slandering people makes them angry.
Nordanvind føder regn, og ei kviskrande tunga sure andlit.
24 It's better to live in a corner of a housetop than to share a whole house with an argumentative wife.
Betre å bu i ei krå på taket enn ha sams hus med trættekjær kvinna.
25 Good news from a distant country is like cold water to an exhausted traveler.
Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte.
26 Good people who give in to the wicked are like a muddied spring or a polluted well.
Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som vinglar medan gudlaus ser det.
27 It's not good to eat too much honey, or to want too much praise.
Eta for mykje honning er ikkje godt, men å granska det vandaste er ei æra.
28 Someone without control is as exposed as a town whose walls have been breached.
Som ein by med murarne brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.