< Numbers 4 >
1 The Lord told Moses and Aaron,
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
2 “Register the descendants of Kohath from the tribe of Levi, according to their family and father's line.
«I Levi-ætti skal du taka tal på deim av Kahats,
3 Count men aged thirty to fifty—all who are entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
sønerne som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet, du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
4 This work that they are to do in the Tent of Meetings involves the things that are most holy.
Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.
5 Whenever you move camp, Aaron and his sons will go in, take down the veil, and place it over the Ark of the Testimony.
Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønerne hans ganga inn, og taka ned forhengtæpet, og breida det yver lovtavlekista.
6 On top of this they are to put a fine leather covering, spread a cloth of solid blue over it, and then insert its carrying poles.
Ovanpå det skal dei leggja ein feld av markuskinn, og breida ein heilvoven purpurduk yver, og so setja berestengerne i.
7 Have them spread a blue cloth over the table of the Presence as well, and put the plates and cups on it, as well as the bowls and jugs for the drink offering. The current bread offering is to stay on it.
Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.
8 Over everything they are to spread a crimson cloth, next a fine leather covering, and then insert its carrying poles.
Og yver alt dette skal dei breida ein karmesinraud klædesduk, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og setja berestengerne i.
9 Using a blue cloth, they are to cover the lampstand of light, together with its lamps, wick tongs, and trays, as well as the jars of olive oil used to fill them.
So skal dei taka eit purpurklæde og breida yver den bjarte ljosestaken og lamporne som høyrer til, og sakserne og saksplatorne og alle oljekopparne som dei hev når dei steller lamporne,
10 Then have them wrap it together with all its utensils inside a fine leather covering and place it on the carrying frame.
og sveipa både staken og alle desse gognerne inn i ein feld av markuskinn, og leggja det på ei berebår.
11 They are to spread a blue cloth over the gold altar, cover it with fine leather, and then insert its carrying poles.
Yver det gullaltaret skal dei og breida eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og so setja berestengerne i.
12 They are to place all the utensils used for the service in the sanctuary in a blue cloth, cover them with fine leather, and place them on the carrying frame.
So skal dei taka alle dei gognerne som dei hev til gudstenesta i heilagdomen, og leggja deim i eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um deim, og leggja dei på ei bår.
13 Have them clean the ashes from the bronze altar and spread a purple cloth over it,
Storaltaret skal dei reinska for oska, og breida eit skarlaksklæde yver det
14 and put on it all the equipment used in the services on the altar: the firepans, meat forks, shovels, and sprinkling bowls. Spread over it a fine leather covering and then insert its carrying poles.
og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i.
15 Once Aaron and his sons have finished covering these holy things and all the equipment connected with them, when the camp is ready to move, the priests of the Kohath family are to come and carry them. But they are forbidden to touch anything holy, otherwise they'll die. These are their responsibilities for moving the Tent of Meeting.
Og når Aron og sønerne hans er ferdige og hev sveipt inn dei heilage tingi og alle dei gognerne som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-sønerne koma og bera; men dei må ikkje røra dei heilage tingi; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-sønerne skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.
16 Eleazar, son of Aaron the priest, is to supervise obtaining olive oil for the lamps, the aromatic incense, the daily grain offering, and the anointing oil. He is in charge of the whole Tabernacle and everything in it—all the holy things and equipment.”
Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege grjonofferet og salvingsoljen, og med heile gudshuset og alt som der finst av heilage ting og gogner som høyrer til.»
17 The Lord told Moses and Aaron,
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
18 “Make sure the families of Kohath are not wiped out from the Levites.
«Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket!
19 This is what you have to do so that they'll live and won't die by getting too close to something holy. Aaron and his sons must go in and tell each of them what they have to do and what they have to carry.
Høyr no kva de skal gjera for deim, so dei kann få liva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei heilage tingi: Aron og sønerne hans skal koma, og setja deim, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna deim byrderne dei skal bera.
20 But they must not to go in and look at the things that are most holy, even for just a moment, otherwise they'll die.”
Men dei må ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og skoda det heilage; for då lyt dei døy.»
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
22 “Register the descendants of Gershon, according to their family and father's line
«Av Gersons-sønerne skal du og taka tal på deim som er millom tretti og femti år,
23 Count men aged thirty to fifty—all who are entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
og er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstra deim etter ætter og ættgreiner.
24 This is how the families of Gershon will serve in terms of working and carrying:
Høyr no kva det er Gersons-ætterne hev å gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal føra:
25 Have them carry the Tabernacle curtains, the Tent of Meeting with its fine leather covering, the curtains for the entrance to the Tent of Meeting,
dei skal føra åklædeveverne som høyrer til gudshuset, og møtetjeldet og taket og markuskinns-tekkjet som ligg ovanpå taket, og tæpet til møtetjelddøri,
26 the courtyard curtains, the curtain at the entrance to the courtyard surrounding the Tabernacle and altar, the ropes, and everything connected with their use. The families of Gershon are responsible for everything required involving these items.
og lereftsgarden, og dørtæpet til porten åt tunet kring huset og altaret, og tjeldtogi, og alle arbeidsgreidorne som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.
27 All that they do is to be under the supervision of Aaron and his sons—all their work and carrying assignments. You are to tell them all they are required to carry.
Etter det som Aron og sønerne hans segjer, skal Gersons-sønerne retta seg i alle måtar, både med føringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja deim fyre å taka vel vare på alt det dei førar.
28 These are their responsibilities for moving the Tent of Meeting, carried out under the direction of Ithamar, son of Aaron the priest.
Dette er det Gersons-ætterne skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim i alt dei hev å gjera.
29 Register the descendants of Merari, according to their family and father's line.
So skal du telja deim av Merari-sønerne
30 Count men aged thirty to fifty—all who are entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
31 This is how they will serve in handling the Tent of Meeting: they are to carry the frames of the Tabernacle with its crossbars, posts, and stands,
Det dei hev å føra og skal hava umsut med i møtetjeldet, det er plankarne i huset, med tverstokkarne og stolparne og stabbarne som høyrer til,
32 the posts of the surrounding courtyard with their stands, tent pegs, and ropes, all their equipment and everything connected with their use. You are to tell them by name what they are responsible for carrying.
og stolparne i tungarden, med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som skal gjerast med det, og de skal nemna for deim kvar ting som de vil hava deim til å taka vare på og føra.
33 These are their responsibilities for all their work in moving the Tent of Meeting, carried out under the direction of Ithamar, son of Aaron the priest.”
Dette er det Merari-ætterne skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim.»
34 Moses, Aaron, and the Israelite leaders registered the families of Kohath according to their family and father's line.
Då no Moses og Aron og formennerne for lyden hadde mynstra Kahats-sønerne, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
35 They counted men aged thirty to fifty—all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
36 The total by families was 2,750.
so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
37 This was the total of the families of Kohath—all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting. Moses and Aaron registered them in accordance with the Lord's instructions to Moses.
Det var talet på deim som vart mynstra i Kahats-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
38 The families of Gershon were counted, according to their family and father's line,
Då Gersons-sønerne var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
39 men aged thirty to fifty—all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
40 The total by families and father's line was 2,630.
so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.
41 This was the total of the families of Gershon —all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting. They were registered by Moses and Aaron in accordance with the Lord's instructions.
Det var talet på deim som vart mynstra i Gersons-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.
42 The families of Merari were counted, according to their family and father's line,
Då Merari-sønerne og ætterne deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
43 men aged thirty to fifty—all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting.
so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
44 The total by families was 3,200.
so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
45 This was the total of the families of Merari registered by Moses and Aaron in accordance with the Lord's instructions.
Det var talet på deim som vart mynstra i Merari-ætterne, deim som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
46 This is how Moses, Aaron, and the Israelite leaders registered all the Levites according to their family and father's line.
Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,
47 They counted men aged thirty to fifty—all who were entitled to do the work of serving in the Tent of Meeting and carrying it.
og Moses og Aron og Israels hovdingar hadde mynstra deim etter ætter og ættgreiner,
48 The sum total was 8,580.
so var det åtte tusund og fem hundrad og åtteti mann.
49 It was in response to the Lord's instructions that they were registered by Moses. Each of those registered were told what to do and what to carry, as the Lord had ordered Moses.
Dei vart no etter Herrens bod sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd og greida kvar si ærend, og Moses rettleide deim, som Herren hadde sagt med honom.