< Judges 15 >

1 Some time later when the wheat was being harvested, Samson went to pay his wife a visit, taking with him a young goat as a present. “I want to go to my wife in her bedroom,” he said when he arrived, but her father would not let him go in.
Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det.
2 “I thought you must totally hate her, so I gave her to your best man,” he told Samson. “But her younger sister is even more attractive—why don't you marry her instead?”
«Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir, » sagde faren, «og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du’kje taka den yngre systeri i staden? ho er då mykje vænare!»
3 “This time I can't be blamed for the trouble I'm going to cause the Philistines,” Samson declared.
Då sagde Samson: «Denne gongen er eg saklaus, um eg gjer filistarane vondt!»
4 He went and caught three hundred foxes and tied their tails together, two by two.
Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg tyrespikar, snudde reverovarne i hop mot kvarandre, tvo og tvo, og feste ei spik millom kvart rovepar.
5 He attached a torch to each of the tied tails and set them on fire. Then he let them loose in the grain fields of the Philistines, setting fire to all the grain, harvested and unharvested, as well as the vineyards and olive groves.
So kveikte han eld i spikarne, og slepte revarne inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle vinhagar og oljetre.
6 “Who did this?” the Philistines asked. “It was Samson, the son-in-law of the man from Timnah,” they were told. “That man gave Samson's wife to Samson's best man.” So the Philistines went and burned her and her father to death.
Då spurde filistarane: «Kven hev gjort dette?» «Samson, mågen åt Timna-mannen, » vart det svara. «Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen.» So for filistarane derupp, og brende inne både kona og far hennar.
7 Samson told them, “If this is the way you're going to act, then I won't stop until I take my revenge on you!”
Då sagde Samson til deim: «Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.»
8 He attacked them violently, killing them, and then left to go and live in a cave at the rock of Etam.
So slo han deim so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på deim. Sidan for han ned til Etamdjuvet, og gav seg til der.
9 So the Philistine army came and camped in Judah, drawn up for battle near Lehi.
Då kom filistarane upp i Judafylket, og lægra seg der, og spreidde seg utyver i Lehi.
10 The people of Judah asked, “Why have you invaded us?” “We've come to capture Samson, to do to him what he's done to us!” they replied.
Og Juda-mennerne sagde: «Kvi kjem de hit og tek på oss?» «Me vil binda Samson og gjera like eins mot honom som han hev gjort mot oss, » svara dei.
11 Three thousand men of Judah went to the cave at the rock of Etam and asked Samson, “Don't you understand that the Philistines rule over us? What do you think you're doing to us?” “I only did what they did to me,” he replied.
So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etamdjuvet, og sagde til Samson: «Veit du’kje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette?» «Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot deim, » svara han.
12 “Well, we've come to take you prisoner and hand you over to the Philistines,” they told him. “Just swear to me that you're not going to kill me yourselves,” Samson answered.
Då sagde dei: «Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i henderne på filistarane.» «Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!» sagde Samson.
13 “No, we won't,” they assured him. “We'll only tie you up and hand you over to the Philistines. We certainly aren't going to kill you!” They tied him using two new ropes and led him up from the rock.
«Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i henderne deira; me vil ikkje drepa deg, » svara dei. So batt dei honom med tvo nye reip, og førde honom upp or djuvet.
14 When Samson got close to Lehi, the Philistines ran towards him, shouting at him. But the Spirit of the Lord swept over him, and the ropes tying his arms together became as weak as burnt flax, and his hands broke free.
Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.
15 He grabbed the fresh jawbone of a donkey, using it to kill a thousand Philistines.
So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det.
16 Then Samson declared, “With a donkey's jawbone I have piled the dead into heaps. With a donkey's jawbone I have killed a thousand men.”
Då kvad han: «Med asenkjaken eg ein hop og tvo, med asenkjaken tusund mann eg slo.»
17 After Samson had finished his speech, he threw away the jawbone, and he named the place Hill of the Jawbone.
Då han hadde kvede dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan hev dei kalla den staden Kjakebeinshaugen.
18 He was now extremely thirsty, and he Samson called out to the Lord, saying, “You have achieved this amazing victory through your servant, but now do I have to die of thirst and be captured by the heathen?”
Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?»
19 So God split open a rock seam in Lehi, and water came out of it. Samson drank and his strength returned—he felt much better. That's why he named it the Spring of the Caller, and it's still there in Lehi to this very day.
Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi.
20 Samson led Israel as judge for twenty years during the time of the Philistines.
Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.

< Judges 15 >