< Ezekiel 9 >
1 Then I heard him shout out with a loud voice, “Start the attack, you who are in charge of punishing Jerusalem! Pick up your weapons!”
Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Kom hit med heimsøkjingar yver byen, kvar med si tynar-ambod i hand!»
2 I watched as six men approached from the upper gate that faces north. All of them were carrying battle axes. There was another man with them. He was dressed in linen and had a scribe's writing kit at his side. They entered and stood next to the bronze altar.
Og sjå, seks menner på vegen gjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og ein av deim hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi. Og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.
3 The glory of the God of Israel rose from its usual place on the cherubim and went over to the Temple entrance. The Lord called out to the man dressed in linen with the writing kit,
Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå keruben som han var yver, og flutte seg til dørstokken på huset. Og han ropa åt mannen i linklædnaden, som hadde skrivestellet ved lendi.
4 “Go through the whole the city of Jerusalem and place a mark on the foreheads of those who sighing and mourning at all the disgusting sins that are done there.”
Og Herren sagde med han: «Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og styn yver alle dei styggjor som vert gjorde der inne!»
5 Then I heard him tell the others, “Follow him all through the city and start killing people. Don't be kind or merciful to anyone!
Og han sagde med hine, so eg høyrde på: «Gakk igjenom byen etter honom og slå ned! Lat ikkje dykkar augo spara, og gjer ikkje miskunn!
6 Kill the old men, the young men and girls, the women and children, but do not go anywhere near those who have the mark. Start at my sanctuary.” So they started by killing the elders who were in front of the Temple.
Gamle og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de drepa og tyna; men rør ikkje nokon av deim som hev merke på, og frå min heilagdom skal de taka til.» Og dei tok til med dei gamle menner som var framfor huset.
7 Then he told them, “Make the Temple unclean and fill the courtyards with dead bodies. Go ahead and do it!” So they went and started killing all through the city.
Og han sagde med deim: «Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut!» Og dei for ut og slo ned i byen.
8 While they were busy killing people, I was left by myself. I fell facedown to the ground and cried out, “Lord God, when you pour out your anger on Jerusalem, are you going to destroy everyone who's left in Israel?”
Og då dei slo ned, og eg vart verande der, fall eg å gruve på mitt andlit og ropa og sagde: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel, når du renner ut din harm yver Jerusalem?»
9 “The sins of the people of Israel and Judah are really terrible,” he replied. “The whole country is full of murderers, and those living in the city are criminals. They're saying, ‘The Lord has given up on our country. He can't see what we're doing.’
Då sagde han med meg: «Misgjerningi åt Israels-lyden og Juda er stor, ovstor, og landet er fullt av blod, og byen er full av rengjing av retten. For dei segjer: «Herren hev vendt seg ifrå landet, og Herren ser det ikkje.»
10 But I certainly won't be kind to them or have mercy on them. I will make sure they suffer the consequences of what they've done.”
So vil då ikkje heller eg lata mitt auga spara, og miskunn gjer eg ikkje; deira åtferd vil eg leggja på deira hovud.»
11 Then the man in linen with the writing kit returned and reported, “I've done what you told me to do.”
Og sjå, mannen i linklædnaden som hadde skrivestellet ved lendi, kom tilbake med svar og sagde: «Eg hev gjort som du baud meg.»