< Ezekiel 28 >
1 A message from the Lord came to me, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 “Son of man, tell the ruler of Tyre this is what the Lord God says: You are so proud of yourself, saying, ‘I'm a god! I sit on my throne like a god in the middle of the sea.’ But you're only a man. You're not a god, even though you think you are one.
Menneskjeson! Seg med fyrsten i Tyrus: So segjer Herren, Herren: Av di at ditt hjarta ovmodar seg, og du segjer: «Eg er ein gud, i Guds høgsæte sit eg midt i havet, » og du er menneskje og ingen gud, endå du set ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta
3 You even think you're wiser than Daniel and there's no secret that's hidden from you!
- sjå, visare enn Daniel er du; ingen løyndom kann dei dylja for deg;
4 Yes, you have used your wisdom and cleverness to make yourself rich, collecting plenty of gold and silver for your treasury.
med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;
5 You became wealthy through your superb trading skills, but your wealth only made you proud.
med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom -
6 So this is what the Lord God says: Because you think that you're a god,
difor, so segjer Herren, Herren: Av di du sette ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta,
7 watch as I bring foreigners to attack you. They are more cruel than any other nation. They will use their swords to destroy you and your wonderful wisdom; they will humble your proud glory.
sjå, difor let eg framande koma yver deg, valdsmennerne millom folki, og dei skal draga ut sverdi sine mot din høgprude visdom og vanhelga di pryd.
8 They will drag you down into the grave. You will die horribly out there in the sea.
I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.
9 Are you still going to claim, ‘I'm a god,’ to those who are killing you? You'll just be another human victim, not a god, in the eyes of your attackers.
Skal tru du då vil segja: «Eg er ein gud, » beint uppi syni på din banemann, endå du er eit menneskje og ingen gud i handi på din dråpsmann?
10 You will be killed like some vile person by these foreigners. I myself have spoken, declares the Lord God.”
Som u-umskorne døyr, so skal du døy for framandmanns hand; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.
11 Another message from the Lord came to me, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
12 “Son of man, sing a funeral song for the king of Tyre and tell him this is what the Lord God says: Once you were complete and perfect, full of wisdom and flawless in beauty.
Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus-kongen! Og du skal segja med honom; so segjer Herren, Herren: Du som var innsigle på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen vænleik:
13 You were there in Eden, God's garden. You wore all kinds of precious stones: carnelian, topaz, and amethyst; beryl, onyx, and jasper; lapis lazuli, turquoise, and emerald. They were placed in gold mountings and settings using skilled craftsmanship, and were made on the day when you were created.
I Eden, Guds hage, var, yverstrådd med dyre steinar av alle slag: Karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel, smaragd og gull. Arbeid i drive metall og utskurd prydde deg. Det var laga den dagen du vart skapt.
14 I gave you the position of guardian cherub, and I anointed you. You lived on God's holy mountain and you walked among the stones of fire.
Du var ein veldug kerub som gav livd, og eg sette deg til å vera på Guds heilage fjell, millom logande steinar ferdast du.
15 You were innocent in everything you did from the day you were created until you were found to be doing evil.
Ulastande var du på dine vegar frå den dagen du vart skapt, til dess urettvisa fanst hjå deg.
16 You were so busy with all your trading schemes that they destroyed you inside, leading you to sin and filling you with violence. So I sent you away in disgrace from God's mountain, and I removed you from your position as guardian cherub from your place among the stones of fire.
Den store handelen din valda at du vart full av urett og tok til å synda. Då vanhelga eg deg, so du laut burt frå Guds fjell, og eg tynte deg, du livd-gjevande kerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.
17 You became proud because of your beauty, you ruined your wisdom because you thought you were so wonderful. So I threw you down to the ground and I made sure kings saw what happened to you.
Ditt hjarta ovmoda seg av din vænleik, og du spillte din visdom for ditt glim. Til jordi kasta eg deg, framfor augo på kongar lagde eg deg, so dei kunde skoda deg.
18 By all your sins and your dishonest trading you have made your sanctuaries unclean. So I had fire come from inside you, and it burned you up. I turned you into ashes on the ground as everybody there watched.
Med dine mange misgjerningar, med din urettferdige handel vanhelga du heilagdomarne dine. So let eg eld loga midt utor deg, han skal øyda deg, og eg gjer deg til oska på jordi framfor augo på alle som ser deg.
19 All who know you among the nations are horrified at what happened to you. Disaster has brought you down and you're finished forever.”
Alle som kjende deg millom folkeslagi, er forfærde yver deg; ei skræma er du vorten, og du er ikkje til - i all æva.
20 A message from the Lord came to me, saying,
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
21 “Son of man, face towards Sidon and prophesy against her.
Menneskjeson! Vend di åsyn mot Sidon og spå imot det!
22 Tell them this is what the Lord God says: Watch out, Sidon, for I'm condemning you, and I will be vindicated by what happens to you. People will know that I am the Lord when I punish her and show my holy character through her experience.
Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg finna deg, Sidon, og eg vil syna meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og helgar meg på det.
23 I'm going to send a disease to plague her, and have people killed in her streets. Those who are killed will fall inside the city as the enemy attacks with swords from every side. Then they will know that I am the Lord.
Og eg vil senda inn i det sott og blod på gatorne. Og iheldslegne skal falla midt i det for sverd som kjem yver deim rundt ikring, og dei skal sanna at eg er Herren.
24 The people of Israel will no longer have to put up with these people who are thorns in their side, painful brambles and sharp thorns who treat Israel with contempt. Then they will know that I am the Lord God.
Og det skal aldri meir vera for Israels-lyden ein stingande klunger eller svidande tistel av alle deira grannar som svivyrder deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.
25 This is what the Lord God says: When I bring back the people of Israel from the nations where they've been scattered. I will show my holy character through them as everyone watches. Then they will live in their own country, which I gave to my servant Jacob.
So segjer Herren, Herren: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki der som dei er spreidde, då vil eg helga meg på deim framfor augo på folkeslag, og dei skal bu i sitt land som eg gav min tenar Jakob.
26 They will live there in safety, building houses and planting vineyards. They will live there in safety when I punish all those around them who treat them with contempt. Then they will know that I am the Lord their God.”
Og dei skal bu der i trygd og byggja hus og planta vinhagar, ja, dei skal bu i trygd, medan eg held dom yver alle deira grannar som vanvyrde deim. Og dei skal sanna at eg, Herren, er deira Gud.