< 1 Samuel 5 >
1 After the Philistines captured the Ark of God, they took it from Ebenezer to Ashdod.
Filistarane tok Guds kista og førde henne frå Eben-Ezer til Asdod.
2 They brought the Ark of God into the Temple of Dagon and placed it next to Dagon.
Der tok filistarane Guds sambandskista og bar henne inn i Dagons tempel og sette henne attmed Dagon.
3 When the people of Ashdod got up early the next day, they saw Dagon had fallen on his face in front of the Ark of the Lord. So they took Dagon and set him back up.
Då Asdod-folki kom dit tidleg morgonen etter, fekk dei sjå Dagon liggja å gruve på golvet framanfor Herrens kista; dei tok då Dagon og sette honom på staden sin att.
4 When they got up early the next morning, they saw Dagon had fallen on his face in front of the Ark of the Lord, with his head and hands broken off lying on the doorstep. Only his body remained intact.
Men då dei kom tidleg næste morgon, fann dei Dagon liggjande å gruve framfor Herrens kista, og hovudet og båe henderne hans var avbrotne og låg på dørstokken; berre bulen var att.
5 (That's why the priests of Dagon, and all who enter the temple of Dagon in Ashdod, don't tread on the doorstep, even up to now.)
Difor er det so i Asdod den dag i dag, at ingen trøder på Dagons dørstokk, korkje nokon av Dagons-prestarne eller nokon annan som gjeng inn i Dagons tempel.
6 The Lord punished the people of Ashdod and its surrounding area, devastating them and plaguing them with swellings.
Herrens hand låg tung på Asdod-folki; og han øyde deim og søkte deim med svullsott både i Asdodbyen og i kverven umkring.
7 When the people of Ashdod saw what was going on, they said, “We can't let the Ark of the God of Israel remain here with us, because he is punishing us and Dagon our god.”
Då Asdod-buarne skyna korleis det hekk i hop, sagde dei: «Kista åt Israels Gud må ikkje lenger vera hjå oss; for handi hans ligg tung på oss og på Dagon, guden vår.»
8 So they sent for all the Philistine rulers and asked them, “What should we do with the Ark of the God of Israel?” “Take the Ark of the God of Israel to Gath,” they replied. So they moved it to Gath.
Dei sende då bod og stemnde saman til seg alle filistarfyrstarne, og spurde deim kva dei skulde gjera med kista åt Israels Gud. Dei svara: «Me lyt flytja kista åt Israels Gud til Gat.» Og dei so gjorde.
9 But once they'd moved the Ark to Gath, the Lord also took action against that town, throwing it into great confusion and attacking the people of the town, young and old, with a plague of swellings.
Men etter dei hadde flutt henne dit, kom Herrens hand yver byen og fjetra deim reint. Og han søkte byfolket med sott, so det braut ut svullar på både små og store.
10 So they sent the Ark of God to Ekron, but as soon as it arrived, the leaders of Ekron shouted, “They've moved the Ark of the God of Israel here to kill us and our people!”
Dei sende då Guds kista til Ekron. Men då Guds kista kom dit, skreik Ekron-buarne og sagde: «No hev dei flutt kista åt Israels Gud til meg og vil drepa meg og folket mitt!»
11 So they sent for all the Philistine rulers and said, “Send the Ark of the God of Israel away, back to where it came from, otherwise it's going to kill us and our people.” People were dying throughout the town, creating terrible panic, for God's punishment was very hard.
Dei sende då bod og stemnde alle filistarfyrstarne saman og sagde: «Send burt kista åt Israels Gud, og lat henne koma heim att til rette staden sin, og ikkje tyna meg og folket mitt!» Ein daudsens angest hadde gripe heile byen; for Guds hand låg ovtung på deim.
12 Those who didn't die were plagued with swellings, and the cry for help from the town reached up to heaven.
Dei folki som ikkje døydde, vart søkte med svullsot. Og klageropet frå byen steig upp til himmelen.