< 1 Samuel 29 >
1 The Philistines gathered all their armies at Aphek, and the Israelites set up camp by the spring in Jezreel.
Filistarane fylkte alle herarne sine i Afek. Israel låg i læger attmed kjelda i Jizre’el.
2 The Philistine rulers were marching out in their divisions of hundreds and thousands with David and his men at the rear with King Achish.
Filistarfyrstarne gjekk fram med sine hundrad mann og sine tusund. Og David og kararne hans kom attarst, i lag med Akis.
3 But the Philistine commanders asked, “What are these Hebrews doing here?” Achish replied to the Philistine commanders, “That's David, an officer of King Saul of Israel. He's been with me for a long time, years even, and I haven't found any fault in him since the day he came over to our side up till now.”
Filistarfyrstarne spurde: «Kva hev desse hebræarane her å gjera?» Akis svara: «De veit då at David som var hirdmann hjå Saul, Israels-kongen, han hev vore hjå meg år og dag, og eg hev aldri funne nokon ting å segja på honom frå den stund han vart min mann og til i dag.»
4 But the Philistine commanders got angry with Achish, and told him, “Send him back to the place he came from, to the town you assigned to him. He can't go with us into battle. What if he turns on us during the fighting? What a great way for him to please his master—by handing over the heads of our men!
Men filistarfyrstarne vart forarga på honom, og dei sagde ifrå til honom: «Send den karen heim att! Lat honom halda seg på den staden du hev sett honom yver! Lat honom ikkje fara i strid saman med oss! Midt i slaget kann han venda seg mot oss. Kor kunde han betre vinna att godviljen hjå herren sin, enn med hovudi av hermennerne våre?
5 Isn't this the David they sing about in their dances: ‘Saul has killed his thousands, and David his tens of thousands’?”
Er det ikkje til æra for denne David at dei syng med dei dansar: «Tusund tynte Saul men David tie tusund»?»
6 So Achish called David over and told him, “As the Lord lives, you are honest and you've done what's right as far as I can see. As far as I'm concerned you should march with me into battle because I haven't found any fault in you from the day you arrived until now. But the other leaders don't approve of you.
Då kalla Akis David til seg og sagde: «So sant Herren liver: Du er ein ærleg kar! og eg likar godt å sjå deg ganga ut og inn hjå meg i lægret. For eg hev inkje vondt funne hjå deg frå den stund du kom til meg og heilt til no. Men fyrstarne likar deg ikkje.
7 So go back home in peace, and that way you won't do anything to upset the Philistine leaders.”
So far heim att i fred, so du ikkje skal gjera noko som filistarfyrstarne mislikar.»
8 “But what have I done?” David asked. “What fault have you found in me, your servant, from the day I came to you until now, that would prevent me from going to fight the enemies of my lord the king?”
David sagde med Akis: «Kva hev eg då gjort? og kva hev du funne å segja på tenaren din frå den dagen eg kom fram for deg og heilt til i dag, etter som du negtar meg å ganga i strid mot uvenerne dine, herre konge?»
9 “As far as I'm concerned, you're as good as an angel of God,” Achish replied. “But the Philistine commanders have stated, ‘He can't go into battle with us.’
Akis svara: «Eg veit best sjølv at eg held deg som ein gudsengel! Men filistarfyrstarne stend på sitt: han fær ikkje vera med oss i striden.
10 So get up early tomorrow morning and leave with your men as soon as it's light.”
Ris no tidleg upp i morgon, du og tenarane åt herren din som er komne med deg; og når det de hev gjort, so far dykkar veg so snart det ljosnar!»
11 David and his men got up early in the morning and went back to the country of the Philistines. But the Philistines advanced on Jezreel.
David og kararne hans reis då upp tidleg, for sin veg um morgonen, og kom heim att til Filistarlandet. Men filistarane drog upp til Jizre’el.