< Joshua 13 >

1 Josue was old, and far advanced in years, and the Lord said to him: Thou art grown old, and advanced in age, and there is a very large country left, which is not yet divided by lot:
No var Josva gamall vorten og ut i åri komen, og Herren sagde til honom: «No er du gamall og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.
2 To wit, all Galilee, Philistia, and all Gessuri.
Det som er att er alle filistarkvervarne og heile Gesuritarlandet,
3 From the troubled river, that watereth Egypt, unto the borders of Accaron northward: the land of Chanaan, which is divided among the lords of the Philistines, the Gazites, the Azotians, the Ascalonites, the Gethites, and the Accronites.
frå den kvisli som renn frammed Egyptarland og Ekronskiftet i nord; skal reknast til Kana’an, både dei fem filistarfyrstarne i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitarne,
4 And on the south side are the Hevites, all the land of Chanaan, and Maara of the Sidonians as far as Apheca, and the borders of the Amorrhite,
som bur sunnanfor deim. So er det heile Kana’anitarlandet, frå Meara, som ligg under Sidon, til Afek, til skiftet med amoritarne,
5 And his confines. The country also of Libanus towards the east from Baalgad under mount Hermon to the entering into Emath.
og Giblitarlandet, og heile austsida av Libanon, frå Ba’al-Gad nedunder Hermonfjellet til Hamatvegen,
6 Of all that dwell in the mountains from Libanus, to the waters of Maserephoth, and all the Sidonians. I am he that will cut them off from before the face of the children of Israel. So let their land come in as a part of the inheritance of Israel, as I have commanded thee.
alle dei som bur i fjellbygderne, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva deim ut for Israel. Men drag no du strå for Israels-sønerne, so dei fær desse bygderne til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg!
7 And now divide the land in possession to the nine tribes, and to the half tribe of Manasses,
Skift ut dette landet til dei ni ætterne og den eine helvti av Manasse-ætti.»
8 With whom Ruben and Gad have possessed the land, which Moses the servant of the Lord delivered to them beyond the river Jordan, on the east side.
Saman med Manasse-ætti hadde rubenitarne og gaditarne fenge odelslandet sitt, det som Moses gav deim, på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav deim det:
9 From Aroer, which is upon the bank of the torrent Amen, and in the midst of the valley and all the plains of Medaba, as far as Dibon:
alt som låg nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile Medbasletta, radt til Dibon,
10 And all the cities of Sehon, king of the Amorrhites, who reigned in Hesebon, unto the borders of the children of Ammon.
og alle byarne åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-sønerne,
11 And Galaad, and the borders of Gessuri and Machati, and all mount Hermon, and all Basan as far as Salecha,
og Gilead, og Gesuritarlandet og Ma’akatitarlandet og heile Hermonfjellet og heile Basan alt til Salka,
12 All the kingdom of Og in Basan, who reigned in Astaroth and Edrai, he was of the remains of the Raphaims: and Moses overthrew and destroyed them.
heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre’i; han var den siste av kjempefolket. Moses vann yver desse kongarne, og tok landet deira.
13 And the children of Israel would not destroy Gessuri and Machati: and they have dwelt in the midst of Israel, until this present day.
Men Israels-sønerne dreiv ikkje ut gesuritarne og ma’akatitarne; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.
14 But to the tribe of Levi he gave no possession: but the sacrifices and victims of the Lord God of Israel, are his inheritance, as he spoke to him.
Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; offerretterne åt Herren, Israels Gud, skulde vera deira odel, soleis som han hadde lova deim.
15 And Moses gave a possession to the children of Ruben according to their kindreds.
Fyrst let Moses Rubens-sønerne og ættgreinerne deira få sin lut.
16 And their border was from Aroer, which is on the bank of the torrent Arnon, and in the midst of the valley of the same torrent: all the plain, that leadeth to Medaba,
Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile høgsletta kring Medba,
17 And Hesebon, and all their villages, which are in the plains. Dibon also, and Bamothbaal, and the town of Baalmaon,
Hesbon og alle byarne som til høyrde og låg på høgsletta: Dibon og Bamot-Ba’al og Bet-Ba’al-Meon
18 And Jassa, and Cidimoth, and Mephaath,
og Jahsa og Kedemot og Mefa’at
19 And Cariathaim, and Sabama, and Sarathasar in the mountain of the valley.
og Kirjatajim og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen
20 Bethphogor and Asedoth, Phasga and Bethiesimoth,
og Bet-Peor og Pisgaliderne og Bet-ha-Jesjimot -
21 And all the cities of the plain, and all the kingdoms of Sehon king of the Amorrhites, that reigned in Hesebon, whom Moses slew with the princes of Madian: Hevi, and Recem, and Sur and Hur, and Rebe, dukes of Sehon inhabitants of the land.
alle byarne på høgsletta, og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon. Det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midjans-hovdingarne, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlarne åt Sihon og hadde bustad der i landet;
22 Balaam also the son of Beer the soothsayer, the children of Israel slew with the sword among the rest that were slain.
og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, deim som Israels-sønerne drap med sverdet.
23 And the river Jordan was the herder of the children of Ruben. This is the possession of the Rubenites, by their kindreds, of cities and villages.
Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordanåi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
24 And Moses gave to the tribe of Gad and to his children by their kindreds a possession, of which this is the division.
So let Moses Gads-ætti, Gads-sønerne og ættgreinerne deira, få sin lut.
25 The border of Jaser, and all the cities of Galaad, and half the land of the children of Ammon: as far as Aroer which is over against Rabba:
Det dei fekk, var Jaser og alle byarne i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,
26 And from Hesebon unto Ramoth, Masphe and Betonim: and from Manaim unto the borders of Dabir.
so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debirbygdi;
27 And in the valley Betharan and Bethnemra, and Socoth, and Saphon the other part of the kingdom of Sehon king of Hesebon: the limit of this also is the Jordan, as far as the uttermost part of the sea of Cenereth beyond the Jordan on the east side.
og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.
28 This is the possession of the children of Gad by their families, their cities, and villages.
Dette var det landet Gads-borni og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
29 He gave also to the half tribe of Manasses and his children possession according to their kindreds,
Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og, den eine helvti av Manasse-sønerne og ættgreinene deira fekk sin lut.
30 The beginning whereof is this: from Manaim all Basan, and all the kingdoms of Og king of Basan, and all the villages of Jair, which are in Basan, threescore towns.
Dei fekk landet burtanfor Mahanajim: heile Basan, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle tjeldbyarne åt Ja’ir i Basan, seksti byar,
31 And half Galaad, and Astaroth, and Edrai, cities of the kingdom of Og in Basan: to the children of Machir, the son of Manasses, to one? half of the children of Machir according to their kindreds.
og helvti av Gilead, og Astarot og Edre’i, kongebyarne åt Og i Basan. Alt dette fekk sønerne åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinerne deira.
32 This possession Moses divided in the plains of Moab, beyond the Jordan, over against Jericho on the east side.
Dette var den odelsjordi Moses luta ut, på Moabmoarne austanfor Jordanåi, som renn frammed Jeriko.
33 But to the tribe of Levi he gave no possession: because the Lord the God of Israel himself is their possession, as he spoke to them.
Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova deim.

< Joshua 13 >