< Habakkuk 2 >
1 I will stand upon my watch, and fix my foot upon the tower: and I will watch, to see what will be said to me, and what I may answer to him that reproveth me.
På vaktposten min vil eg stiga upp og standa på varden, og eg vil skygna og sjå kva han vil tala med meg, og kva svar eg fær på mitt ankemål.
2 And the Lord answered me, and said: Write the vision, and make it plain upon tables: that he that readeth it may run over it.
Og Herren svara meg og sagde: Skriv upp syni og rita henne tydeleg på tavlorne, so kvar og ein kann lesa det lett!
3 For as yet the vision is far off, and it shall appear at the end, and shall not lie: if it make any delay, wait for it: for it shall surely come, and it shall not be slack.
For endå lyt syni venta på si tid, men ho stundar etter målet og skal ikkje svika. Um ho drygjer, so bia på henne, for ho kjem nok, ho skal ikkje verta burte.
4 Behold, he that is unbelieving, his soul shall not be right in himself: but the just shall live in his faith.
Sjå kor hjartans kaut og krokut han er! Men den rettferdige, ved si tru skal han liva.
5 And as wine deceiveth him that drinketh it: so shall the proud man be, and he shall not be honoured: who hath enlarged his desire like hell: and is himself like death, and he is never satisfied: but will gather together unto him all nations, and heap together unto him all people. (Sheol )
For liksom vinen ikkje er å lita på, so skal den kaute karen ikkje få bu i ro, um han so gaper som helheimen og er som dauden umettande, og um han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag. (Sheol )
6 Shall not all these take up a parable against him, and a dark speech concerning him: and it shall be said: Woe to him that heapeth together that which is not his own? how long also doth he load himself with thick clay?
Alle dei skal i sanning setja i med spottesong um honom og sneida etter honom i gåtor; dei skal segja: «Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - Og som lesser på seg pant!»
7 Shall they not rise up suddenly that shall bite thee: and they be stirred up that shall tear thee, and thou shalt be a spoil to them?
Brått skal dei reisa seg dei som skal pina deg, og vakna dei som skal ruska i deg, so du vert til ran for deim.
8 Because thou hast spoiled many nations, all that shall be left of the people shall spoil thee: because of men’s blood, and for the iniquity of the land, of the city, and of all that dwell therein.
Av di du hev plundra mange folk, so skal alt det som vert att er av folki, plundra deg, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
9 Woe to him that gathereth together an evil covetousness to his house, that his nest may be on high, and thinketh he may be delivered out of the hand of evil.
Usæl den som dreg ihop låk vinning til huset sitt, av di han vil byggja reiret sitt i høgdi og sleppa frå ulukke-hand!
10 Thou hast devised confusion to thy house, thou hast cut off many people, and thy soul hath sinned.
Du hev rådlagt til skam for ditt hus, rådlagt um å øyda mange folk, og soleis synda mot deg sjølv.
11 For the stone shall cry out of the wall: and the timber that is between the joints of the building, shall answer.
For steinen skrik utor muren, og frå treverket svarar bjelken.
12 Woe to him that buildeth a town with blood, and prepareth a city by iniquity.
Usæl den som byggjer by med blod og reiser borg med urett!
13 Are not these things from the Lord of hosts? for the people shall labour in a great fire: and the nations in vain, and they shall faint.
Er ikkje det av Herren, allhers drott: «Folki arbeider for elden, og folkeslagi møder seg ut for inkje?»
14 For the earth shall be filled, that men may know the glory of the Lord, as waters covering the sea.
«For jordi skal fyllast med kunnskap um Herrens herlegdom liksom vatnet fyller havet.»
15 Woe to him that giveth drink to his friend, and presenteth his gall, and maketh him drunk, that he may behold his nakedness.
Usæl den som skjenkjer andre med harm iblanda, ja, drikk deim drukne, so han kann skoda blygsli deira.
16 Thou art filled with shame instead of glory: drink thou also, and fall fast asleep: the cup of the right hand of the Lord shall compass thee, and shameful vomiting shall be on thy glory.
Du vert metta med skam for æra. Drikk du, og syn di fyrehud! Staupet i Herrens hand kjem til deg, og skjemsla skyler di æra.
17 For the iniquity of Libanus shall cover thee, and the ravaging of beasts shall terrify them because of the blood of men, and the iniquity of the land, and of the city, and of all that dwell therein.
For valdsferdi mot Libanon skal velta yver deg, og øydingi av dyri som skræmde dei, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
18 What doth the graven thing avail, because the maker thereof hath graven it, a molten, and a false image? because the forger thereof hath trusted in a thing of his own forging, to make dumb idols.
Kva gagnar eit utskore bilæte, sidan treskjeraren hev skore det? Eller eit støypt bilæte, ein ljugarlærar, sidan støyparen lit so på det, at han lagar mållause avgudar?
19 Woe to him that saith to wood: Awake: to the dumb stone: Arise: can it teach? Behold, it is laid over with gold, and silver, and there is no spirit in the bowels thereof.
Usæl den som segjer til stokken: «Vakna!» Og: «Reis deg!» til mållause steinen. Skulde den vera lærar? Visst er han slegen med gull og sylv, men det finst ikkje ånd i honom.
20 But the Lord is in his holy temple: let all the earth keep silence before him.
Men Herren er i sitt heilage tempel; ver still for honom, all jordi!