< Ezra 5 >

1 Now Aggeus the prophet, and Zacharias the son of Addo, prophesied to the Jews that were in Judea and Jerusalem, in the name of the God of Israel.
Profeten Haggai og Zakarja Iddoson, profetarne, profetera for dei jødarne som var i Juda og Jerusalem; dei tala i namnet åt Israels Gud, som var nemnt yver deim.
2 Then rose up Zorobabel the son of Salathiel, and Josue the son of Josedec, and began to build the temple of God in Jerusalem, and with them were the prophets of God helping them.
Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim.
3 And at the same time came to them Thathanai, who was governor beyond the river, and Stharbuzanai, and their counsellors: and said thus to them: Who hath given you counsel to build this house, and to repair the walls thereof?
Då kom Tatnai, som var jarl på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira og dei sagde: «Kven er det som hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»
4 In answer to which we gave them the names of the men who were the promoters of that building.
Me sagde då kva dei mennerne heite som stod fyre bygnaden.
5 But the eye of their God was upon the ancients of the Jews, and they could not hinder them. And it was agreed that the matter should be referred to Darius, and then they should give satisfaction concerning that accusation.
Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.
6 The copy of the letter that Thathanai governor of the country beyond the river, and Stharbuzanai, and his counsellors the Arphasachites, who dwelt beyond the river, sent to Darius the king.
Avskrift av det brevet som Tatnai, jarlen på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne hans, afarsakitarne, som budde på hi sida elvi, sende til kong Darius;
7 The letter which they sent him, was written thus: To Darius the king all peace.
for dei sende han ei melding til honom, og i den stod det: «Heil og sæl vere kong Darius!
8 Be it known to the king, that we went to the province of Judea, to the house of the great God, which they are building with unpolished stones, and timber is laid in the walls: and this work is carried on diligently, and advanceth in their hands.
Vita skal kongen at me hev fare til fylket Juda, til huset åt den store Gud. Dette huset heldt dei no på og byggjer av store steinar, og legg bjelkar inn i murveggjerne. Arbeidet vert gjort med umhug og gjeng godt fram under henderne deira.
9 And we asked those ancients, and said to them thus: Who hath given you authority to build this house, and to repair these walls?
Me spurde styresmennerne: «Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?»
10 We asked also of them their names, that we might give thee notice: and we have written the names of the men that are the chief among them.
Me spurde og kva dei heitte, so me skulde kunna nemna namni til deg, og skriva upp namni på dei mennerne som stod yver deim.
11 And they answered us in these words, saying: We are the servants of the God of heaven and earth, and we are building a temple that was built these many years ago, and which a great king of Israel built and set up.
Då svara dei oss soleis: «Me er tenarane hans som er Gud i himmelen og på jordi, og me set upp att det huset som ein stor konge i Israel bygde og fullførde for mange år siden.
12 But after that our fathers had provoked the God of heaven to wrath, he delivered them into the hands of Nabuchodonosor the king of Babylon the Chaldean: and he destroyed this house, and carried away the people to Babylon.
Men federne våre gjorde Gud i himmelen harm; difor gav han deim i henderne på Babels-kongen, kaldæaren Nebukadnessar; han lagde huset i øyde og tok folket med til Babel.
13 But in the first year of Cyrus the king of Babylon, king Cyrus set forth a decree, that this house of God should be built.
Men kong Kyrus, i det fyrste året han styrde i Babylon, gav lov til å byggja upp att dette gudshuset.
14 And the vessels also of gold and silver of the temple of God, which Nabuchodonosor had taken out of the temple, that was in Jerusalem, and had brought them to the temple of Babylon, king Cyrus brought out of the temple of Babylon, and they were delivered to one Sassabasar, whom also he appointed governor,
Kong Kyrus let og taka ut or templet i Babel dei kjerald av gull og sylv som Nebukadnessar hadde teke burt frå templet i Jerusalem og sidan sett inn i templet i Babel. Han gav deim til ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til jarl.
15 And said to him: Take these vessels, and go, and put them in the temple that is in Jerusalem, and let the house of God be built in its place.
Og til honom sagde han: «Tak desse kjerald og far av stad og set deim inn i templet i Jerusalem! for Guds hus skal byggjast upp att på den fyrre staden.»
16 Then came this same Sassabasar, and laid the foundations of the temple of God in Jerusalem, and from that time until now it is in building, and is not yet finished.
So kom då den same Sesbassar og lagde grunnen til Guds hus i Jerusalem. Dei hev bygt på det til denne tid, men endå er det ikkje ferdigt.»
17 Now therefore if it seem good to the king, let him search in the king’s library, which is in Babylon, whether it hath been decreed by Cyrus the king, that the house of God in Jerusalem should be built, and let the king send his pleasure to us concerning this matter.
Soframt no kongen so tykkjer, skulde det vore leita etter i skattkammeret der i Babel, um det er so at kong Kyrus hev gjeve lov til å byggja dette gudshuset i Jerusalem. Sidan lyt kongen lata oss vita kva som er hans vilje i denne saki.»

< Ezra 5 >