< Psalms 4 >

1 To the chief Musician. On stringed instruments. A Psalm of David. When I call, answer me, O God of my righteousness: in pressure thou hast enlarged me; be gracious unto me, and hear my prayer.
Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David. Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn!
2 Ye sons of men, till when is my glory [to be put] to shame? [How long] will ye love vanity, will ye seek after a lie? (Selah)
De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? (Sela)
3 But know that Jehovah hath set apart the pious [man] for himself: Jehovah will hear when I call unto him.
Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom.
4 Be moved with anger, and sin not; meditate in your own hearts upon your bed, and be still. (Selah)
Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! (Sela)
5 Offer sacrifices of righteousness, and confide in Jehovah.
Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!
6 Many say, Who shall cause us to see good? Lift up upon us the light of thy countenance, O Jehovah.
Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!
7 Thou hast put joy in my heart, more than in the time that their corn and their new wine was in abundance.
Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg.
8 In peace will I both lay me down and sleep; for thou, Jehovah, alone makest me to dwell in safety.
I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

< Psalms 4 >