< Song of Songs 8 >
1 I would that you, O my kinsman, were he that sucked the breasts of my mother; when I found you without, I would kiss you; yes, they should not despise me.
Å, gjev at du var som ein bror for meg, hadde soge mor sitt brjost. Um eg då fann deg der ute, eg deg kysste, og ingen meg neiste for det.
2 I would take you, I would bring you into my mother's house, and into the chamber of her that conceived me; I would make you to drink of spiced wine, of the juice of my pomegranates.
Eg leidde deg, førde deg til mor sitt hus, og du lærde meg, eg kryddevin gav deg, saft frå mitt granattre.
3 His left hand [should be] under my head, and his right hand should embrace me.
Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
4 I have charged you, you daughters of Jerusalem, by the virtues of the field, that you stir not up, nor awake [my] love, until he please.
Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, at de ikkje vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»
5 Who is this that comes up all white, leaning on her kinsman? I raised you up under an apple tree; there your mother brought you forth; there she that bore you brought you forth.
«Kven er ho som frå heidi stig upp, studd til sin ven?» «Under apallen vekte eg deg. Der åtte ho deg di mor, der fekk ho deg ho som deg fødde.»
6 Set me as a seal upon your heart, as a seal upon your arm; for love is strong as death; jealousy is cruel as the grave, her shafts are shafts of fire, [even] the flames thereof. (Sheol )
«Ved hjarta meg hav som eit segl, som eit segl på din arm. Kjærleik som dauden er sterk, som helheimen strid i si trå. Ho logar som logande eld, gneisten frå Herren. (Sheol )
7 Much water will not be able to quench love, and rivers shall not drown it; if a man would give all his substance for love, [men] would utterly despise it.
Kor store vatni so er, dei aldri fær kjærleik sløkt, ingi elvar kann fløyma han burt. Um du alt som du åtte for kjærleik baud, so vart du berre til narr.»
8 Our sister is little, and has no breasts; what shall we do for our sister, in the day wherein she shall be spoken for?
«Ei liti syster me eig, ho hev ingen barm. Kva skal me med syster gjera, den tidi når belarar kjem?»
9 If she is a wall, let us build upon her silver bulwarks; and if she is a door, let us carve for her cedar panels.
«Er ho ein mur, me byggjer på den ein murkrans av sylv. Men er ho ei dør, me stengjer ho att med eit cederspjeld.»
10 I am a wall, and my breasts are as towers; I was in their eyes as one that found peace.
«Eg er ein mur, og min barm som tårni på den. Då vart eg i augo hans ei som finn fred.
11 Solomon had a vineyard in Beelamon; he let his vineyard to keepers; every one was to bring for its fruit a thousand [pieces] of silver.
I Ba’al-Hamon ein vingard hev Salomo ått. Han garden til vaktarar gav. Kvar mann for dråtten fekk dei tusund sekel sylv.
12 My vineyard, even mine, is before me; Solomon [shall have] a thousand, and they that keep its fruit two hundred.
Min vingard den hev eg sjølv, dine tusund du Salomo tak, tvo hundrad på vaktaran’ fell.
13 You that dwell in the gardens, the companions listen to your voice: make me hear [it].
Du som bur inni hagom, felager lyder, lat meg høyra ditt mål!»
14 Away, my kinsman, and be like a doe or a fawn on the mountains of spices.
«Å fly, du min ven, ei gasella lik eller ungan hjort på dei angande fjellom!»