< Daniel 7 >

1 In the first year of Baltasar, king of the Chaldeans Daniel had a dream, and visions of his head upon his bed: and he wrote his dream.
I det fyrste styringsåret åt den babyloniske kongen Belsassar hadde Daniel ein draum og såg ei syn i hovudet på lægjet sitt. Sidan skreiv han upp draumen og fortalde hovudsummen av innhaldet.
2 I Daniel saw, and, behold, the four winds of heaven blew violently upon the great sea.
Daniel tok til ords og sagde: Eg hadde ei syn um natti, og i den syni såg eg korleis dei fire himmelvindarne storma fram yver det store havet.
3 And there came up four great beasts out of the sea, differing from one another.
Og fire store dyr steig upp or havet, det eine ulikt det andre.
4 The first [was] as a lioness, and her wings as an eagle's; I saw until her wings were plucked, ands she was lifted off from the earth, and she stood on human feet, and a man's heart was given to her.
Det fyrste liktest ei løva, men det hadde vengjer som ein ørn. Medan eg såg på det, vart vengjerne rivne av dyret, og det vart lyft upp frå marki og sett på tvo føter som eit menneskje, og eit mannehjarta fekk det.
5 And, behold, a second beast like a bear, and it supported itself on one side, and there were three ribs in its mouth, between its teeth: and thus they said to it, Arise, devour much flesh.
So fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja; det var likt ein bjørn, og det lette seg upp på den eine sida, og det hadde tri sidebein i gapet millom tennerne. Og til dyret vart det sagt: «Statt upp, og et mykje kjøt!»
6 After this one I looked, and behold another wild beast as a leopard, and it had four wings of a bird upon it: and the wild beast had four heads, and power was given to it.
Etter det fekk eg sjå eit anna dyr, som liktest ein pantar, men på sidorne hadde det fire fuglevengjer; og dyret hadde fire hovud, og velde vart det gjeve.
7 After this one I looked, and behold a fourth beast, dreadful and terrible, and exceedingly strong, and its teeth were of iron; devouring and crushing to atoms, and it trampled the remainder with its feet: and it was altogether different from the beasts that were before it; and it [had] ten hours.
Etter det fekk eg i syni mi um natti sjå det fjorde dyret, øgjelegt og skræmelegt og uhorveleg sterkt; det hadde store tenner av jarn, det åt og krasa, og leivningarne trakka det sund med føterne: det var ulikt alle hine dyri og hadde ti horn.
8 I noticed his horns, and behold, another little horn came up in the midst of them, and before it three of the former horns were rooted out: and, behold, [there were] eyes as the eyes of a man in this horn, and a mouth speaking great things.
Medan eg skoda på horni, fekk eg sjå korleis det skaut upp millom deim eit anna horn, eit lite, som skuva undan seg tri av hine horni; og sjå, det hornet hadde augo lik manneaugo, og ein munn som tala store ord.
9 I saw until the thrones were set, and the Ancient of days sat; and his raiment was white as snow, and the hair of his head, as pure wool: his throne was a flame of fire, [and] his wheels burning fire.
Medan eg heldt på og såg på dette, vart det sett fram stolar, og ein som gamall var, sette seg ned. Klædnaden hans var snøkvit, og håret på hovudet hans som rein ull; stolen hans var av eldslogar, og hjuli under var av brennande eld.
10 A stream of fire rushed forth before him: thousand thousands ministered to him, and ten thousands of myriads, attended upon him: the judgement sat, and the books were opened.
Ei elv av eld strøymde ut frå honom; tusund gonger tusund var tenarane hans, og ti tusund gonger ti tusund stod til tenesta for honom. So vart retten sett, og bøker vart opna.
11 I saw then because of the voice of the great words which that horn spoke, until the wild beast was slain and destroyed, and his body given to be burnt with fire.
Medan eg heldt på og såg på dette, hende det, for dei store ord skuld som hornet tala, at medan eg heldt på og såg på dette, vart dyret drepe, og kroppen åt dyret vart tynt og kasta i elden til å brennast.
12 And the dominion of the rest of the wild beasts was taken away; but a prolonging of life was given them for certain times.
Veldet åt dei andre dyri vart frå deim teke; for livetidi var fastsett til tid og stund.
13 I saw in the night vision, and, behold, [one] coming with the clouds of heaven as the Son of man, and he came on to the Ancient of days, and was brought near to him.
Sidan fekk eg sjå i nattsynerne korleis ein som liktest ein menneskjeson, kom med himmelskyerne; han gjekk burt til den gamle og vart ført fram for honom.
14 And to him was given the dominion, and the honour, and the kingdom; and all nations, tribes, and languages, shall serve him: his dominion is an everlasting dominion, which shall not pass away, and his kingdom shall not be destroyed.
Og han fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena honom. Hans velde er eit ævelegt velde, som ikkje skal verta frå honom teke, og riket hans skal ikkje rikkast.
15 [As for] me Daniel, my spirit in my body trembled, and the visions of my head troubled me.
Då kjende eg, Daniel, åndi mi uroast i meg, og synerne i hovudet mitt skræmde meg.
16 And I drew near to one of them that stood by, and I sought to learn of him the truth of all these things: and he told me the truth, and made known to me the interpretation of the things.
Eg gjekk fram til ein av deim som stod der, og bad honom um ei pålitande uttyding på alt dette. Og han svara meg og sagde meg uttydingi på det:
17 These four beasts are four kingdoms [that] shall rise up on the earth:
«Desse fire store dyri tyder at det skal koma upp fire kongar av jordi.
18 which shall be taken away; and the saints of the Most High shall take the kingdom, and possess it for ever and ever.
Men sidan skal dei heilage åt den Høgste taka imot riket og hava det i eiga alt til æva, ja, til ævordoms æva.»
19 Then I enquired carefully concerning the fourth beast; for it differed from every [other] beast, exceeding dreadful: its teeth were of iron, and its claws of brass, devouring, and utterly breaking to pieces, and it trampled the remainder with its feet:
Etter dette vilde eg hava pålitande uttyding um det fjorde dyret som var ulikt alle hine, det som var so oversleg øgjelegt og hadde tenner av jarn og klør av kopar, det som åt og krasa og sidan trakka under føterne det som det leivde;
20 and concerning it ten horns that were in its head, and the other that came up, and rooted up [some] of the former, which had eyes, and a mouth speaking great things, and his look was bolder than the rest.
so og um dei ti horni på hovudet åt det og um det nye hornet, det som sidan skaut upp, og som dei tri andre fall av for, det hornet som hadde augo og ein munn som tala store ord, det som var større å sjå til enn alle hine.
21 I saw, and that horn made war with the saints, and prevailed against them;
Eg hadde set hornet føra krig mot dei heilage og sigra yver deim,
22 until the Ancient of days came, and he gave judgement to the saints of the Most High; and the time came on, and the saints possessed the kingdom.
til dess han kom, han som gamall var, og retten vart gjeven til dei heilage åt den Høgste, og tidi var komi då dei heilage fekk riket i eiga.
23 And he said, The fourth beast shall be the fourth kingdom on the earth, which shall excel all [other] kingdoms, and shall devour the whole earth, and trample and destroy it.
Då svara han og sagde: «Det fjorde dyret tyder at eit fjorde rike skal koma upp på jordi og vera ulikt alle hine riki. Det skal gløypa heile jordi og trakka henne sund og krasa henne.
24 And his ten horns are ten kings [that] shall arise: and after them shall arise another, who shall exceed all the former ones in wickedness and he shall subdue three kings.
Og dei ti horni tyder at det skal koma upp ti kongar i det riket; og etter deim skal det koma upp ein annan, som skal vera dei fyrre ulik, og som skal slå ned tri kongar.
25 And he shall speak words against the Most High, and shall wear out the saints of the Most High, and shall think to change times and law: and [power] shall be given into his hand for a time and times and half a time.
Og han skal tala ord mot den Høgste, og dei heilage åt den Høgste skal han øyda; han skal setja seg fyre å skifta um tider og lov; og dei skal gjevast i hans hand ei tid og tider og ei halv tid.
26 And the judgement has sat, and they shall remove [his] dominion to abolish it, and to destroy it utterly.
Men so vert retten sett, og veldet hans skal verta frå honom teke, spillt og avøydt alt til endes.
27 And the kingdom and the power and the greatness of the kings that are under the whole heaven were given to the saints of the Most High; and his kingdom is an everlasting kingdom, and all powers shall serve and obey him.
Men herredøme og veldet og stordom yver alle rike under himmelen skal verta gjeve til lyden av dei heilage åt den Høgste. Hans rike skal vera eit ævelegt rike, og alle herrevelde skal tena og lyda det.»
28 Hitherto is the end of the matter. As for me Daniel, my thoughts greatly troubled me, and my countenance was changed: but I kept the matter in my heart.
Her sluttar fråsegni. Men eg, Daniel, vart full av mange urolege tankar, og eg skifte liter i andlitet; men eg gøymde i hjarta mitt det som hadde hendt.

< Daniel 7 >