< Ezra 3 >
1 And when the seventh month came, and the children of Israel were in the towns, the people came together like one man to Jerusalem.
Då den sjuande månaden kom, og Israels-sønerne budde i sine byar, samla dei seg i Jerusalem alle som ein mann.
2 Then Jeshua, the son of Jozadak, and his brothers the priests, and Zerubbabel, the son of Shealtiel, with his brothers, got up and made the altar of the God of Israel for burned offerings as is recorded in the law of Moses, the man of God.
Og Jesua Josadaksson og prestarne, brørne hans, og Zerubbabel Sealtielsson og hans brør tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få ofra brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt gudsmannen Moses.
3 They put the altar on its base; for fear was on them because of the people of the countries: and they made burned offerings on it to the Lord, even burned offerings morning and evening.
Dei sette altaret på den staden det fyrr hadde vore; for dei hadde fenge rædsla i seg for folki som budde i landet. Og dei ofra brennoffer til Herren på alteret, brennoffer morgon og kveld.
4 And they kept the feast of tents, as it is recorded, making the regular burned offerings every day by number, as it is ordered; for every day what was needed.
So heldt dei lauvhyttehelg etter som det er fyreskrive, og bar fram brennoffer dag for dag etter sitt tal, so mange som det var fastsett for kvar dag.
5 And after that, the regular burned offering and the offerings for the new moons and all the fixed feasts of the Lord which had been made holy, and the offering of everyone who freely gave his offering to the Lord.
Sidan ofra dei det dagvisse brennofferet og dei offer som høyrde til nymånaderne og alle Herrens heilage høgtider; sameleis kvar gong nokon kom godviljugt og bar fram offer til Herren.
6 From the first day of the seventh month they made a start with the burned offerings, but the base of the Temple of the Lord had still not been put in its place.
Frå fyrste dagen i sjuande månaden tok dei til å ofra brennoffer til Herren; fyrr dei endå hadde lagt grunnen til Herrens tempel.
7 And they gave money to the stoneworkers and woodworkers; and meat and drink and oil to the people of Zidon and of Tyre, for the transport of cedar-trees from Lebanon to the sea, to Joppa, as Cyrus, king of Persia, had given them authority to do.
Sidan gav dei steinhoggarane og timbremennerne pengar, og til Sidons-sønerne og Tyrus-mennerne gav dei matvaror og drikkevaror og olje, for dei skulde føra cedertre frå Libanon sjøvegen til Jafo, etter ei fullmagt som dei hadde fenge hjå Kyrus, persarkongen.
8 Now in the second year of their coming into the house of God in Jerusalem, in the second month, the work was taken in hand by Zerubbabel, the son of Shealtiel, and Jeshua, the son of Jozadak, and the rest of their brothers the priests and the Levites, and all those who had come from the land where they were prisoners to Jerusalem: and they made the Levites, of twenty years old and over, responsible for overseeing the work of the house of the Lord.
I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus.
9 Then Jeshua with his sons and his brothers, Kadmiel with his sons, the sons of Hodaviah, together took up the work of overseeing the workmen in the house of God: the sons of Henadad with their sons and their brothers, the Levites.
Og Jesua med sønerne og brørne sine, og Kadmiel med sine søner, Juda-sønerne, alle som var sette til å hava uppsyn med deim som bygde på Guds hus, sameleis Henadads-sønerne med sine søner og brør, levitarne.
10 And when the builders put in position the base of the Temple of the Lord, the priests, dressed in their robes, took their places with horns, and the Levites, the sons of Asaph, with brass instruments, to give praise to the Lord in the way ordered by David, king of Israel.
Bygningsmennerne lagde grunnvollen til Herrens hus, og imedan stod prestarne uppyver med lurar og fullt skrud, og levitarne, Asafs-sønerne, stod med cymblar; dei vilde prisa Herren soleis som David, Israels-kongen, hadde lært deim.
11 And they gave praise to the Lord, answering one another in their songs and saying, For he is good, for his mercy to Israel is eternal. And all the people gave a great cry of joy, when they gave praise to the Lord, because the base of the Lord's house was put in place.
Dei song lov og takk til Herren, av di han er god og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Og alt folket sette i med høge fagnadrop, og prisa Herren av di grunnvollen var lagd til Herrens hus.
12 But a number of the priests and Levites and the heads of families, old men who had seen the first house, when the base of this house was put down before their eyes, were overcome with weeping; and a number were crying out with joy:
Men mange av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne, dei gamle som hadde set det fyrre huset, gret høgt då dei såg på at grunnvollen til dette huset vart lagd; men mange var so glade at dei ropa høgt av fagnad.
13 So that in the ears of the people the cry of joy was mixed with the sound of weeping; for the cries of the people were loud and came to the ears of those who were a long way off.
Det var rådlaust for folket å skilja frå kvartanna fagnadropi og folkegråten; for folket sette i med velduge fagnadrop, og omen av dette lyddest langan leid.