< Esther 5 >
1 Now on the third day, Esther put on her queen's robes, and took her place in the inner room of the king's house, facing the king's house: and the king was seated on his high seat in the king's house, facing the doorway of the house.
Tridje dagen klædde Ester seg i kongelegt skrud og gjekk inn i den indre garden til kongshuset midt fyre kongshuset, og kongen sat på kongsstolen sin i kongshalli, midt imot døri til huset.
2 And when the king saw Esther the queen waiting in the inner room, looking kindly on her he put out the rod of gold in his hand to her. So Esther came near and put her fingers on the top of the rod.
Då kongen såg dronning Ester standa i garden, fann ho nåde i hans augo; og kongen rette ut til Ester gullstaven som han hadde i handi. Ester gjekk då fram og tok i enden av staven.
3 Then the king said, What is your desire, Queen Esther, and what is your request? I will give it to you, even to the half of my kingdom.
Kongen sagde til henne: «Kva hev du på hjarta, dronning Ester? kva er det du ynskjer? Um det so er helvti av riket, skal du få det.»
4 And Esther in answer said, If it seems good to the king, let the king and Haman come today to the feast which I have made ready for him.
Ester svara: «Tekkjest det kongen, so må kongen saman med Haman koma i dag til det gjestebodet eg hev laga til åt honom.»
5 Then the king said, Let Haman come quickly, so that what Esther has said may be done. So the king and Haman came to the feast which Esther had made ready.
Kongen svara: «Skunda dykk, henta Haman, so me kann gjera det Ester bed um.» So kom då kongen og Haman til gjestebodet som Ester hadde laga til.
6 And while they were drinking wine the king said to Esther, What is your prayer? for it will be given to you and what is your request? for it will be done, even to the half of my kingdom.
Då dei sat og drakk vin, spurde kongen Ester: «Kva er di bøn? Du skal få det du bed um! Og kva er ditt ynskje? Um det vore helvti av riket, so skal det løyvast deg!»
7 Then Esther said in answer, My prayer and my request is this:
Ester svara: «Bøni mi og ynskjet mitt er:
8 If I have the king's approval, and if it is the king's pleasure to give me my prayer and do my request, let the king and Haman come to the feast which I will make ready for them, and tomorrow I will do as the king has said.
Hev eg funne nåde i kongens augo, og det tekkjest kongen å gjeva meg det eg bed um og gjera det eg ynskjer, so må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil laga til åt deim; so skal eg i morgon gjera som kongen segjer.»
9 Then on that day Haman went out full of joy and glad in heart; but when he saw Mordecai in the king's doorway, and he did not get to his feet or give any sign of fear before him, Haman was full of wrath against Mordecai.
Den dagen gjekk Haman derifrå glad og i godlag. Men då Haman fekk sjå Mordokai i kongsporten, og at han korkje reis upp eller synte nokon age for honom, då vart Haman full av harm mot Mordokai.
10 But controlling himself, he went to his house; and he sent for his friends and Zeresh, his wife.
Like vel styrde han seg, til han kom heim. Då sende han bod etter venerne sine og etter Zeres, kona si.
11 And he gave them an account of the glories of his wealth, and the number of children he had, and the ways in which he had been honoured by the king, and how he had put him over the captains and servants of the king.
Haman fortalde deim um all sin rikdom og herlegdom og um dei mange sønerne sine, og um alt det kongen hadde gjort til å gjera honom stor og setja honom høgre enn hovdingarne og kongens tenarar.
12 And Haman said further, Truly, Esther the queen let no man but myself come in to the feast which she had made ready for the king; and tomorrow again I am to be her guest with the king.
«Ja, dronning Ester, » sagde han, «let ingen annan enn meg koma med kongen til det gjestebodet ho gjorde; til i morgon og hev ho bede meg saman med kongen.
13 But all this is nothing to me while I see Mordecai the Jew seated by the king's doorway.
Men alt dette kann eg ikkje lita meg med, so lenge eg ser jøden Mordokai sitja i kongsporten.»
14 Then his wife Zeresh and all his friends said to him, Let a pillar, fifty cubits high, be made ready for hanging him, and in the morning get the king to give orders for the hanging of Mordecai: then you will be able to go to the feast with the king with a glad heart. And Haman was pleased with the suggestion, and he had the pillar made.
Då sagde Zeres, kona hans, og venerne hans til honom: «Lat deim gjera ein galge, femti alner høg, og bed kongen i morgon um å få hengja Mordokai i den! So kann du fara glad til gjestebords med kongen.» Denne rådi lika Haman godt, og han let deim gjera galgen i stand.