< 2 Kings 20 >
1 In those days Hezekiah was ill and near death. And Isaiah the prophet, the son of Amoz, came to him, and said to him, The Lord says, Put your house in order, for your death is near.
I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren; «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»
2 Then, turning his face to the wall, he made his prayer to the Lord, saying,
Då snudde han seg mot veggen og bad til Herren:
3 O Lord, keep in mind how I have been true to you with all my heart, and have done what is good in your eyes. And Hezekiah gave way to bitter weeping.
«Å Herre, kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta for di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.
4 Now before Isaiah had gone out of the middle of the town, the word of the Lord came to him, saying,
Fyrr Jesaja var nådd ut or den indre byen, kom Herrens ord til honom soleis:
5 Go back and say to Hezekiah, the ruler of my people, The Lord, the God of David your father, says, Your prayer has come to my ears, and I have seen your weeping; see, I will make you well: on the third day you will go up to the house of the Lord.
«Gakk inn att, og seg til Hizkia, fyrsten yver folket mitt: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di, og set tårorne dine. Sjå, eg gjer deg god att; i yvermorgon skal du ganga upp til Herrens hus.
6 I will give you fifteen more years of life; and I will keep you and this town safe from the hands of the king of Assyria; I will keep this town safe, for my honour, and for the honour of my servant David.
Eg aukar alderen din med femtan år. Or handi åt assyrarkongen bergar eg deg og denne byen. Ja, denne byen vernar eg for mi skuld og for David skuld, tenaren min.»»
7 Then Isaiah said, Take a cake of figs. So they took it and put it on his wound, and he got better.
Då sagde Jesaja: «Henta ei fikekaka!» Dei so gjorde, og lagde henne på verken. Og han friskna til att.
8 And Hezekiah said to Isaiah, What is to be the sign that the Lord will make me well, and that I will go up to the house of the Lord on the third day?
Hizkia sagde til Jesaja: «Kva skal eg hava til merke på at Herren gjer meg god att, so eg i yvermorgon kann ganga upp til Herrens hus?»
9 And Isaiah said, This is the sign the Lord will give you, that he will do what he has said; will the shade go forward ten degrees or back?
Jesaja svara: «Dette gjev Herren deg til merke på at Herren held det han lovar: Skal skuggen ganga ti strik fram, eller skal han no ganga ti strik attende?»
10 And Hezekiah said in answer, It is a simple thing for the shade to go forward; but let it go back ten degrees.
Hizkia svara: «Lett er det for skuggen å tøygja seg ti strik fram; nei, lat skuggen ganga attende ti strik!»
11 Then Isaiah the prophet made prayer to the Lord, and he made the shade go back ten degrees from its position on the steps of Ahaz.
Profeten Jesaja ropa til Herren, og han let skuggen på solskiva åt Ahaz ganga attlenges dei ti striki som han nett hadde gjenge fram.
12 At that time, Merodach-baladan, the son of Baladan, king of Babylon, sent letters with an offering to Hezekiah, because he had news that Hezekiah had been ill.
Kring den tid sende Babel-kongen Berodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia; for han hadde spurt at Hizkia hadde vore sjuk.
13 And Hezekiah was glad at their coming and let them see all his store of wealth, the silver and the gold and the spices and the oil of great price, and the house of his arms, and everything there was in his stores; there was nothing in all his house or his kingdom which Hezekiah did not let them see.
Då Hizkia hadde høyrt på deim, synte han deim heile forrådshuset sitt, sylvet og gullet, og angande kryddor og kosteleg olje, og våpnhuset alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.
14 Then Isaiah the prophet came to King Hezekiah and said to him, What did these men say and where did they come from? And Hezekiah said, They came from a far country, even from Babylon.
Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei.»
15 And he said, What have they seen in your house? And Hezekiah said in answer, They saw everything in my house: there is nothing among my stores which I did not let them see.
«Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst, hev dei set, » svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»
16 And Isaiah said to Hezekiah, Give ear to the word of the Lord.
Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr Herrens ord!
17 Truly, days are coming when everything in your house, and whatever your fathers have put in store till this day, will be taken away to Babylon: all will be gone, says the Lord.
Dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.
18 And your sons, the offspring of your body, they will take away to be unsexed servants in the house of the king of Babylon.
Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»
19 Then Hezekiah said to Isaiah, Good is the word of the Lord which you have said. Then he said, ... if in my time there is peace and righteousness?
Hizkia svara Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Han tenkte: «Berre det vert fred og trygd so lenge eg liver!»
20 Now the rest of the acts of Hezekiah, and his power, and how he made the pool and the stream, to take water into the town, are they not recorded in the book of the history of the kings of Judah?
Det som elles er å fortelja um Hizkia og alle hans storverk, kor han bygde dammen og vatsleidingi, og førde vatnet til byen, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
21 And Hezekiah went to rest with his fathers; and Manasseh his son became king in his place.
Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.