< Revelation 21 >

1 Then I saw a new heaven and a new earth, for the first heaven and earth had passed away, and the sea was no more.
Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.
2 I saw the holy city, the new Jerusalem, coming down out of heaven from God, prepared as a bride adorned for her husband.
Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin.
3 And I heard a loud voice from the throne saying: “Behold, the dwelling place of God is with man, and He will dwell with them. They will be His people, and God Himself will be with them as their God.
Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud.
4 ‘He will wipe away every tear from their eyes,’ and there will be no more death or mourning or crying or pain, for the former things have passed away.”
Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»
5 And the One seated on the throne said, “Behold, I make all things new.” Then He said, “Write this down, for these words are faithful and true.”
Og han som sat på kongsstolen, sagde: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han segjer til meg: «Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.»
6 And He told me, “It is done! I am the Alpha and the Omega, the Beginning and the End. To the thirsty I will give freely from the spring of the water of life.
Og han sagde til meg: «Det er gjort. Eg er A og Å, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.
7 The one who overcomes will inherit all things, and I will be his God, and he will be My son.
Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8 But to the cowardly and unbelieving and abominable and murderers and sexually immoral and sorcerers and idolaters and all liars, their place will be in the lake that burns with fire and sulfur. This is the second death.” (Limnē Pyr g3041 g4442)
Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.» (Limnē Pyr g3041 g4442)
9 Then one of the seven angels with the seven bowls full of the seven final plagues came and said to me, “Come, I will show you the bride, the wife of the Lamb.”
Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, fyllte med dei sju siste plågorne, kom til meg og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg bruri, vivet til Lambet!»
10 And he carried me away in the Spirit to a mountain great and high, and showed me the holy city of Jerusalem coming down out of heaven from God,
Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned frå himmelen frå Gud.
11 shining with the glory of God. Its radiance was like a most precious jewel, like a jasper, as clear as crystal.
Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis.
12 The city had a great and high wall with twelve gates inscribed with the names of the twelve tribes of Israel, and twelve angels at the gates.
Og han hadde ein stor og høg mur, han hadde tolv portar, og på portarne tolv englar og innskrivne namn, som er namni på dei tolv ætter av Israels born:
13 There were three gates on the east, three on the north, three on the south, and three on the west.
mot aust tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar.
14 The wall of the city had twelve foundations bearing the names of the twelve apostles of the Lamb.
Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på deim namni på dei tolv apostlar åt Lambet.
15 The angel who spoke with me had a golden measuring rod to measure the city and its gates and walls.
Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portarne og muren hans.
16 The city lies foursquare, with its width the same as its length. And he measured the city with the rod, and all its dimensions were equal—12,000 stadia in length and width and height.
Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på honom er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengd og breidd og høgd på honom er like.
17 And he measured its wall to be 144 cubits, by the human measure the angel was using.
Og han mælte muren um honom: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter eit menneskjemål, som og er engle-mål.
18 The wall was made of jasper, and the city itself of pure gold, as pure as glass.
Og muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik reint glas.
19 The foundations of the city walls were adorned with every kind of precious stone: The first foundation was jasper, the second sapphire, the third chalcedony, the fourth emerald,
Og grunnsteinarne i bymuren var prydde med allslag dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalcedon, den fjorde smaragd,
20 the fifth sardonyx, the sixth carnelian, the seventh chrysolite, the eighth beryl, the ninth topaz, the tenth chrysoprase, the eleventh jacinth, and the twelfth amethyst.
den femte sardonyx, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyacint, den tolvte ametyst.
21 And the twelve gates were twelve pearls, with each gate consisting of a single pearl. The main street of the city was pure gold, as clear as glass.
Og dei tolv portarne var tolv perlor; kvar ein av portarne var av ei perla, og gata i byen var reint gull som klårt glas.
22 But I saw no temple in the city, because the Lord God Almighty and the Lamb are its temple.
Og eg såg ikkje noko tempel i honom; for hans tempel er Herren, Gud den allmegtige, og Lambet.
23 And the city has no need of sun or moon to shine on it, because the glory of God illuminates the city, and the Lamb is its lamp.
Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser honom, og Lambet er hans ljos.
24 By its light the nations will walk, and into it the kings of the earth will bring their glory.
Og folki skal ferdast i hans ljos, og kongarne på jordi ber sin herlegdom til honom.
25 Its gates will never be shut at the end of the day, because there will be no night there.
Og hans portar skal aldri verta stengde um dagen; for natt skal ikkje vera der.
26 And into the city will be brought the glory and honor of the nations.
Og dei skal bera herlegdomen og æra frå folki til honom.
27 But nothing unclean will ever enter it, nor anyone who practices an abomination or a lie, but only those whose names are written in the Lamb’s Book of Life.
Og inkje ureint skal koma inn i honom, og ingen som fer med styggedom og lygn; berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.

< Revelation 21 >