< Psalms 66 >

1 For the choirmaster. A song. A Psalm. Make a joyful noise to God, all the earth!
Til songmeisteren; ein song, ein salme. Ropa fagnadrop for Gud, all jordi!
2 Sing the glory of His name; make His praise glorious.
Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris!
3 Say to God, “How awesome are Your deeds! So great is Your power that Your enemies cower before You.
Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg.
4 All the earth bows down to You; they sing praise to You; they sing praise to Your name.”
All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» (Sela)
5 Come and see the works of God; how awesome are His deeds toward mankind.
Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni.
6 He turned the sea into dry land; they passed through the waters on foot; there we rejoiced in Him.
Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom.
7 He rules forever by His power; His eyes watch the nations. Do not let the rebellious exalt themselves.
Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. (Sela)
8 Bless our God, O peoples; let the sound of His praise be heard.
De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd!
9 He preserves our lives and keeps our feet from slipping.
han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød.
10 For You, O God, have tested us; You have refined us like silver.
For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.
11 You led us into the net; You laid burdens on our backs.
Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender.
12 You let men ride over our heads; we went through fire and water, but You brought us into abundance.
Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing.
13 I will enter Your house with burnt offerings; I will fulfill my vows to You—
Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,
14 the vows that my lips promised and my mouth spoke in my distress.
det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud.
15 I will offer You fatlings as burnt offerings, with the fragrant smoke of rams; I will offer bulls and goats.
Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. (Sela)
16 Come and listen, all you who fear God, and I will declare what He has done for me.
Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl.
17 I cried out to Him with my mouth and praised Him with my tongue.
Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi.
18 If I had cherished iniquity in my heart, the Lord would not have listened.
Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.
19 But God has surely heard; He has attended to the sound of my prayer.
Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst.
20 Blessed be God, who has not rejected my prayer or withheld from me His loving devotion!
Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!

< Psalms 66 >