< Numbers 24 >

1 And when Balaam saw that it pleased the LORD to bless Israel, he did not resort to sorcery as on previous occasions, but he turned his face toward the wilderness.
Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki,
2 When Balaam looked up and saw Israel encamped tribe by tribe, the Spirit of God came upon him,
og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom,
3 and he lifted up an oracle, saying: “This is the prophecy of Balaam son of Beor, the prophecy of a man whose eyes are open,
og han kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,
4 the prophecy of one who hears the words of God, who sees a vision from the Almighty, who bows down with eyes wide open:
han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:
5 How lovely are your tents, O Jacob, your dwellings, O Israel!
Kor gilde buder Jakob hev, kor gjæv ein bustad Israel!
6 They spread out like palm groves, like gardens beside a stream, like aloes the LORD has planted, like cedars beside the waters.
Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks.
7 Water will flow from his buckets, and his seed will have abundant water. His king will be greater than Agag, and his kingdom will be exalted.
Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg.
8 God brought him out of Egypt with strength like a wild ox, to devour hostile nations and crush their bones, to pierce them with arrows.
Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.
9 He crouches, he lies down like a lion; like a lioness, who dares to rouse him? Blessed are those who bless you and cursed are those who curse you.”
Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!»
10 Then Balak’s anger burned against Balaam, and he struck his hands together and said to Balaam, “I summoned you to curse my enemies, but behold, you have persisted in blessing them these three times.
Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger!
11 Therefore, flee at once to your home! I said I would richly reward you, but instead the LORD has denied your reward.”
Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.»
12 Balaam answered Balak, “Did I not already tell the messengers you sent me
Bileam svara: «Sagde eg det ikkje straks åt dei mennerne du sende til meg? -
13 that even if Balak were to give me his house full of silver and gold, I could not do anything of my own accord, good or bad, to go beyond the command of the LORD? I will speak whatever the LORD says.
«Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull, » sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.»
14 Now I am going back to my people, but come, let me warn you what this people will do to your people in the days to come.”
No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.»
15 Then Balaam lifted up an oracle, saying, “This is the prophecy of Balaam son of Beor, the prophecy of a man whose eyes are open,
So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,
16 the prophecy of one who hears the words of God, who has knowledge from the Most High, who sees a vision from the Almighty, who bows down with eyes wide open:
han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:
17 I see him, but not now; I behold him, but not near. A star will come forth from Jacob, and a scepter will arise from Israel. He will crush the skulls of Moab and strike down all the sons of Sheth.
Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut.
18 Edom will become a possession, as will Seir, his enemy; but Israel will perform with valor.
Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel.
19 A ruler will come from Jacob and destroy the survivors of the city.”
Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.»
20 Then Balaam saw Amalek and lifted up an oracle, saying: “Amalek was first among the nations, but his end is destruction.”
So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.»
21 Next he saw the Kenites and lifted up an oracle, saying: “Your dwelling place is secure, and your nest is set in a cliff.
Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt.
22 Yet Kain will be destroyed when Asshur takes you captive.”
Men endå vert det øydelagt snart fører Assur deg av stad.»
23 Once more Balaam lifted up an oracle, saying: “Ah, who can live unless God has ordained it?
So kvad han atter: «Ai, ei, kven vert vel etter då, når Gud let dette ganga fram?
24 Ships will come from the coasts of Cyprus; they will subdue Asshur and Eber, but they too will perish forever.”
Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.»
25 Then Balaam arose and returned to his homeland, and Balak also went on his way.
So gjorde Bileam seg reidug, og for heim att, og Balak tok og på si leid.

< Numbers 24 >