< Judges 17 >

1 Now a man named Micah from the hill country of Ephraim
Mika heitte ein mann som budde i Efraimsheidi.
2 said to his mother, “The eleven hundred shekels of silver that were taken from you and about which I heard you utter a curse—I have the silver here with me; I took it.” Then his mother said, “Blessed be my son by the LORD!”
Han sagde til mor si: «Dei elleve hundrad sylvdalarne som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei våbøn, som eg høyrde på - dei pengarne er hjå meg; det er eg som hev teke deim; men no skal du få deim att.» «Herren velsigne deg, min son!» svara mori.
3 And when he had returned the eleven hundred shekels of silver to his mother, she said, “I wholly dedicate the silver to the LORD for my son’s benefit, to make a graven image and a molten idol. Therefore I will now return it to you.”
So gav han dei elleve hundrad sylvdalarne att til mor si. Då sagde ho: «Desse pengarne vigjer eg no til Herren, og gjev deim frå meg til bate for deg, min son, so du kann gjera eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til.»
4 So he returned the silver to his mother, and she took two hundred shekels of silver and gave them to a silversmith, who made them into a graven image and a molten idol. And they were placed in the house of Micah.
So tok ho tvo hundrad dalar av pengarne han kom att med, og gav deim til ein gullsmed, og han gjorde for deim eit gudsbilæte med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.
5 Now this man Micah had a shrine, and he made an ephod and some household idols, and ordained one of his sons as his priest.
Og Mika vart slik mann at han fekk seg eit gudshus, og let gjera ei gullkåpa og husgudar, og sette ein av sønerne sine til å vera prest for seg.
6 In those days there was no king in Israel; everyone did what was right in his own eyes.
I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.
7 And there was a young Levite from Bethlehem in Judah who had been residing within the clan of Judah.
Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.
8 This man left the city of Bethlehem in Judah to settle where he could find a place. And as he traveled, he came to Micah’s house in the hill country of Ephraim.
Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efraimsheidi og til garden hans Mika,
9 “Where are you from?” Micah asked him. “I am a Levite from Bethlehem in Judah,” he replied, “and I am on my way to settle wherever I can find a place.”
og Mika spurde honom: «Kvar kjem du frå?» «Eg er ein levit frå Betlehem i Juda, » svara han, «og no er eg ute og ferdast, og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva.»
10 “Stay with me,” Micah said to him, “and be my father and priest, and I will give you ten shekels of silver per year, a suit of clothes, and your provisions.” So the Levite went in
«Gjev deg til hjå meg!» sagde Mika, «og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvdalar for året, og halda deg med kost og klæde.» So steig leviten innanfor.
11 and agreed to stay with him, and the young man became like a son to Micah.
Han gjekk med på å vera hjå mannen, og vart som ein av sønerne hans.
12 Micah ordained the Levite, and the young man became his priest and lived in his house.
Mika feste den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.
13 Then Micah said, “Now I know that the LORD will be good to me, because a Levite has become my priest.”
«No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, » sagde Mika, «sidan eg hev fenge ein levit til prest.»

< Judges 17 >