< Judges 10 >

1 After the time of Abimelech, a man of Issachar, Tola son of Puah, the son of Dodo, rose up to save Israel. He lived in Shamir, in the hill country of Ephraim.
Etter Abimelek stod Tola fram, og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efraimsheidi.
2 Tola judged Israel twenty-three years, and when he died, he was buried in Shamir.
Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.
3 Tola was followed by Jair the Gileadite, who judged Israel twenty-two years.
Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram, og styrde Israel i tvo og tjuge år.
4 He had thirty sons who rode on thirty donkeys. And they had thirty towns in the land of Gilead, which to this day are called Havvoth-jair.
Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar, og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja’irsbyarne; dei ligg i Gileadlandet.
5 When Jair died, he was buried in Kamon.
Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.
6 And again the Israelites did evil in the sight of the LORD. They served the Baals, the Ashtoreths, the gods of Aram, Sidon, and Moab, and the gods of the Ammonites and Philistines. Thus they forsook the LORD and did not serve Him.
Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti og Arams-gudarne og Sidons-gudarne og Moabs-gudarne og ammonitargudarne og filistargudarne; dei vende seg frå Herren, og dyrka ikkje honom.
7 So the anger of the LORD burned against Israel, and He sold them into the hands of the Philistines and Ammonites,
Då vart Herren brennande harm på Israel. Han slepte dei i henderne på filistarane og ammonitarne,
8 who that very year harassed and oppressed the Israelites, and did so for eighteen years to all the Israelites on the other side of the Jordan in Gilead, the land of the Amorites.
og dei tok same året til å trengja og trælka Israels-sønerne; i attan år trengde dei alle Israels-sønerne som budde på hi sida Jordan, i Amoritarlandet, i Gilead;
9 The Ammonites also crossed the Jordan to fight against Judah, Benjamin, and the house of Ephraim, and Israel was in deep distress.
dei sette jamvel yver Jordan, og stridde mot Juda og Benjamin og mot Efraims-ætti, og Israel kom i stor naud.
10 Then the Israelites cried out to the LORD, saying, “We have sinned against You, for we have indeed forsaken our God and served the Baals.”
Då ropa Israels-sønerne til Herren og sagde: «Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba’als-bilæti!»
11 The LORD replied, “When the Egyptians, Amorites, Ammonites, Philistines,
Og Herren sagde til Israels-sønerne: «Hev eg’kje berga dykk frå egyptarane og frå amoritarne, frå Ammons-sønerne og frå filistarane?
12 Sidonians, Amalekites, and Maonites oppressed you and you cried out to Me, did I not save you from their hands?
Og då sidonarane og amalekitarne og maonitarne plåga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå deim og.
13 But you have forsaken Me and served other gods, so I will no longer save you.
Men de vende dykk frå meg, og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.
14 Go and cry out to the gods you have chosen. Let them save you in your time of trouble.”
Gakk burt og kalla på dei gudarne som de hev valt! Lat deim hjelpa dykk no de er i slik naud!»
15 “We have sinned,” the Israelites said to the LORD. “Deal with us as You see fit; but please deliver us today!”
Då sagde Israels-sønerne til Herren: «Me hev synda! Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16 So they put away the foreign gods from among them and served the LORD, and He could no longer bear the misery of Israel.
So hadde dei frå seg dei framande gudarne og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.
17 Then the Ammonites were called to arms and camped in Gilead, and the Israelites assembled and camped at Mizpah.
Ammons-sønerne baud ut heren sin, og lægra seg i Gilead. Då samla Israels-sønerne seg og slo læger i Mispa.
18 And the rulers of Gilead said to one another, “Whoever will launch the attack against the Ammonites will be the head of all who live in Gilead.”
Og herfolket, Gileads-fyrstarne, sagde seg imillom: «Kvar er den mannen som vil ganga fyrst i striden mot ammonitarne? Han skal vera hovding yver alle Gileads-buarne!»

< Judges 10 >