< Joshua 15 >

1 Now the allotment for the clans of the tribe of Judah extended to the border of Edom, to the Wilderness of Zin at the extreme southern boundary:
Juda-sønerne og ættgreinerne deira fekk sin lut burtimot Edomlandet, sudmed Sinheidi, lengst sud.
2 Their southern border started at the bay on the southern tip of the Salt Sea,
Landskilet deira gjekk på sudsida ut frå enden av Saltsjøen, frå den viki som sting lengst i sud,
3 proceeded south of the Ascent of Akrabbim, continued on to Zin, went over to the south of Kadesh-barnea, ran past Hezron up to Addar, and curved toward Karka.
tøygde seg sud um Skorpionskardet, og tok so yver til Sin og uppetter sunnanfor Kades-Barnea; so gjekk skiftelina yver til Hesron og upp til Addar; der svinga ho burt til Karka,
4 It proceeded to Azmon, joined the Brook of Egypt, and ended at the Sea. This was their southern border.
tok so burtetter til Asmon, kom fram ved Egyptarlands-bekken, og enda utmed havet. «Dette», sagde Herren, «skal vera landskilet dykkar i sud.»
5 The eastern border was the Salt Sea as far as the mouth of the Jordan. The northern border started from the bay of the sea at the mouth of the Jordan,
I aust fylgde landskilet Saltsjøstrandi, alt til Jordanosen. På nordsida gjekk fylkesdeilet frå vatsbotnen, frå Jordanosen,
6 went up to Beth-hoglah, proceeded north of Beth-arabah, and went up to the Stone of Bohan son of Reuben.
upp til Bet-Hogla og heldt so frametter nordanfor Bet-ha-Araba, upp til Bohan-Rubensson-steinen.
7 Then the border went up to Debir from the Valley of Achor, turning north to Gilgal, which faces the Ascent of Adummim south of the ravine. It continued along the waters of En-shemesh and came out at En-rogel.
So tok skiftelina frå Akordalen, til Debir; der svinga ho nordetter til den steinkrinsen, som ligg beint imot Adummimkleivi, sunnanfor dalen, og gjekk so yver til En-Semeskjelda og fram til En-Rogel.
8 From there the border went up the Valley of Hinnom along the southern slope of the Jebusites (that is, Jerusalem) and ascended to the top of the hill that faces the Valley of Hinnom on the west, at the northern end of the Valley of Rephaim.
Sidan tok ho upp til Hinnomssonsdalen, til sudsida av Jebusitaråsen, der Jerusalem ligg, og steig upp til toppen av det fjellet som er beint i vest for Hinnomsdalen, ved nordenden av Kjempesletta.
9 From the hilltop the border curved to the spring of the Waters of Nephtoah, proceeded to the cities of Mount Ephron, and then bent around toward Baalah (that is, Kiriath-jearim).
Frå den fjelltoppen stemnde skiftelina burtåt Me-Neftoahkjelda, heldt fram til byarne på Efronheidi, og tok so burtetter til Ba’ala, den byen som no heiter Kirjat-Jearim.
10 The border curled westward from Baalah to Mount Seir, ran along the northern slope of Mount Jearim (that is, Chesalon), went down to Beth-shemesh, and crossed to Timnah.
Frå Ba’ala svinga ho vestetter til Se’irfjellet, tok yver til nordhallet av Jearimfjellet, der Kesalon ligg, og gjekk so ned til Bet-Semes, og fram til Timna.
11 Then it went out to the northern slope of Ekron, curved toward Shikkeron, proceeded to Mount Baalah, went on to Jabneel, and ended at the Sea.
Sidan heldt skiftelina nordetter til Ekronåsen; der svinga ho burt til Sikron, tok so yver til Ba’alafjellet, kom fram ved Jabne’el, og enda utmed havet.
12 And the western border was the coastline of the Great Sea. These are the boundaries around the clans of the descendants of Judah.
I vest var det Storhavet som var grensa. Dette var landskili åt Juda-sønerne og ættgreinerne deira, på alle sidor.
13 According to the LORD’s command to him, Joshua gave Caleb son of Jephunneh a portion among the sons of Judah—Kiriath-arba, that is, Hebron. (Arba was the forefather of Anak.)
Kaleb Jefunneson fekk sin lut millom Juda-sønerne, etter det som Herren hadde sagt med Josva. Det var den byen som heitte etter Arba, far åt Anak, og som me no kallar Hebron.
14 And Caleb drove out from there the three sons of Anak—the descendants of Sheshai, Ahiman, and Talmai, the children of Anak.
Kaleb dreiv ut dei tri anakitarne som budde der, Sesai og Ahiman og Talmai, borni åt Anak.
15 From there he marched against the inhabitants of Debir (formerly known as Kiriath-sepher).
Sidan for Kaleb mot Debir-buarne; Debir heitte fyrr Kirjat-Sefer.
16 And Caleb said, “To the man who strikes down Kiriath-sepher and captures it, I will give my daughter Acsah in marriage.”
Då lova han ut at den som kunde taka Kirjat-Sefer, skulde få Aksa, dotter hans.
17 So Othniel son of Caleb’s brother Kenaz captured the city, and Caleb gave his daughter Acsah to him in marriage.
Otniel, son åt Kenaz, bror åt Kaleb, tok byen, og Kaleb gav honom Aksa.
18 One day Acsah came to Othniel and urged him to ask her father for a field. When she got off her donkey, Caleb asked her, “What do you desire?”
Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb.
19 “Give me a blessing,” she answered. “Since you have given me land in the Negev, give me springs of water as well.” So Caleb gave her both the upper and lower springs.
«Gjev med ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot.
20 This is the inheritance of the clans of the tribe of Judah.
No skal me nemna dei eigedomarne som Juda-ætti og greinerne hennar fekk:
21 These were the southernmost cities of the tribe of Judah in the Negev toward the border of Edom: Kabzeel, Eder, Jagur,
Byarne i Sudlandet, ytst i Judafylket, burtimot Edomskiftet, det var Kabse’el og Eder og Jagur
22 Kinah, Dimonah, Adadah,
og Kina og Dimona og Adada
23 Kedesh, Hazor, Ithnan,
og Kedes og Hasor og Jitnan,
24 Ziph, Telem, Bealoth,
Zif og Telem og Bealot
25 Hazor-hadattah, Kerioth-hezron (that is, Hazor),
og Hasor-Hadatta og Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor,
26 Amam, Shema, Moladah,
Amam og Sema og Molada
27 Hazar-gaddah, Heshmon, Beth-pelet,
og Hasur-Gadda og Hesmon og Bet-Pelet
28 Hazar-shual, Beersheba, Biziothiah,
og Hasar-Sual og Be’erseba og Bizjotja,
29 Baalah, Iim, Ezem,
Ba’ala og Ijjim og Esem
30 Eltolad, Chesil, Hormah,
og Eltolad og Kesil og Horma
31 Ziklag, Madmannah, Sansannah,
og Siklag og Madmanna og Sansanna
32 Lebaoth, Shilhim, Ain, and Rimmon—twenty-nine cities in all, along with their villages.
og Lebaot og Silhim og Ajin og Rimmon, i alt ni og tjuge byar, med grenderne som låg ikring.
33 These were in the foothills: Eshtaol, Zorah, Ashnah,
I låglandet: Estaol og Sora og Asna
34 Zanoah, En-gannim, Tappuah, Enam,
og Zanoah og En-Gannim, Tappuah og Enam,
35 Jarmuth, Adullam, Socoh, Azekah,
Jarmut og Adullam, Soko og Azeka
36 Shaaraim, Adithaim, and Gederah (or Gederothaim)—fourteen cities, along with their villages.
og Sa’arajim og Aditajim og Gedera med Gederotajim, fjortan byar, med grenderne ikring,
37 Zenan, Hadashah, Migdal-gad,
Senan og Hadasa og Migdal-Gad
38 Dilan, Mizpeh, Joktheel,
og Dilan og Mispe og Jokte’el,
39 Lachish, Bozkath, Eglon,
Lakis og Boskat og Eglon
40 Cabbon, Lahmas, Chitlish,
og Kabbon og Lahmas og Kitlis
41 Gederoth, Beth-dagon, Naamah, and Makkedah—sixteen cities, along with their villages.
og Gederot, Bet-Dagon og Na’ama og Makkeda, sekstan byar med grenderne ikring,
42 Libnah, Ether, Ashan,
Libna og Eter og Asan
43 Iphtah, Ashnah, Nezib,
og Jiftah og Asna og Nesib
44 Keilah, Achzib, and Mareshah—nine cities, along with their villages.
og Ke’ila og Aksib og Maresa, ni byar med grenderne ikring,
45 Ekron, with its towns and villages;
Ekron med bygder og grender,
46 from Ekron to the sea, all the cities near Ashdod, along with their villages;
og alt som låg millom Ekron og havet på Asdodsida, med grenderne som høyrde til,
47 Ashdod, with its towns and villages; Gaza, with its towns and villages, as far as the Brook of Egypt and the coastline of the Great Sea.
Asdod med bygder og grender, Gaza med bygder og grender, radt burt til Egyptarlands-bekken og ut til Storhavet; det var grensa der.
48 These were in the hill country: Shamir, Jattir, Socoh,
I fjellbygderne: Samir og Jattir og Soko
49 Dannah, Kiriath-sannah (that is, Debir),
og Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir,
50 Anab, Eshtemoh, Anim,
og Anab og Estemo og Anim
51 Goshen, Holon, and Giloh—eleven cities, along with their villages.
og Gosen og Holon og Gilo, elleve byar, med grenderne ikring,
52 Arab, Dumah, Eshan,
Arab og Duma og Esan
53 Janim, Beth-tappuah, Aphekah,
og Janim og Bet-Tappuah og Afeka
54 Humtah, Kiriath-arba (that is, Hebron), and Zior—nine cities, along with their villages.
og Humta og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med grenderne ikring,
55 Maon, Carmel, Ziph, Juttah,
Maon, Karmel og Zif og Juta
56 Jezreel, Jokdeam, Zanoah,
og Jizre’el og Jokdeam og Zanoah,
57 Kain, Gibeah, and Timnah—ten cities, along with their villages.
Kajin, Gibea og Timna, ti byar med grenderne ikring,
58 Halhul, Beth-zur, Gedor,
Halhul, Bet-Sur og Gedor
59 Maarath, Beth-anoth, and Eltekon—six cities, along with their villages.
og Ma’arat og Bet-Anot og Eltekon, seks byar med grenderne ikring,
60 Kiriath-baal (that is, Kiriath-jearim), and Rabbah—two cities, along with their villages.
Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, tvo byar med grenderne ikring.
61 These were in the wilderness: Beth-arabah, Middin, Secacah,
I øydemarki: Bet-ha-Araba, Middin og Sekaka
62 Nibshan, the City of Salt, and En-gedi—six cities, along with their villages.
og Nibsan og Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med grenderne ikring.
63 But the descendants of Judah could not drive out the Jebusites living in Jerusalem. So to this day the Jebusites live there among the descendants of Judah.
Men Juda-sønerne vann ikkje driva ut jebusitarne, som budde i Jerusalem; dei hev vorte buande i hop med Juda-sønerne i Jerusalem alt til denne dag.

< Joshua 15 >