< Joel 1 >

1 This is the word of the LORD that came to Joel son of Pethuel:
Herrens ord som kom til Joel Petuelsson.
2 Hear this, O elders; and give ear, all who dwell in the land. Has anything like this ever happened in your days or in the days of your fathers?
Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid?
3 Tell it to your children; let your children tell it to their children, and their children to the next generation.
Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem!
4 What the devouring locust has left, the swarming locust has eaten; what the swarming locust has left, the young locust has eaten; and what the young locust has left, the destroying locust has eaten.
Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp.
5 Wake up, you drunkards, and weep; wail, all you drinkers of wine, because of the sweet wine, for it has been cut off from your mouth.
Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn.
6 For a nation has invaded My land, powerful and without number; its teeth are the teeth of a lion, and its fangs are the fangs of a lioness.
Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev.
7 It has laid waste My grapevine and splintered My fig tree. It has stripped off the bark and thrown it away; the branches have turned white.
Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på.
8 Wail like a virgin dressed in sackcloth, grieving for the husband of her youth.
Klaga som ei møy som syrgjeklædd gjeng yver sin ungdoms brudgom.
9 Grain and drink offerings have been cut off from the house of the LORD; the priests are in mourning, those who minister before the LORD.
Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar.
10 The field is ruined; the land mourns. For the grain is destroyed, the new wine is dried up, and the oil fails.
Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven.
11 Be dismayed, O farmers, wail, O vinedressers, over the wheat and barley, because the harvest of the field has perished.
Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt.
12 The grapevine is dried up, and the fig tree is withered; the pomegranate, palm, and apple— all the trees of the orchard—are withered. Surely the joy of mankind has dried up.
Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim.
13 Put on sackcloth and lament, O priests; wail, O ministers of the altar. Come, spend the night in sackcloth, O ministers of my God, because the grain and drink offerings are withheld from the house of your God.
Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer.
14 Consecrate a fast; proclaim a solemn assembly! Gather the elders and all the residents of the land to the house of the LORD your God, and cry out to the LORD.
Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må.
15 Alas for the day! For the Day of the LORD is near, and it will come as destruction from the Almighty.
Å hå for ein dag! Nær er Herrens dag. Som vald ifrå Allvald han kjem.
16 Has not the food been cut off before our very eyes— joy and gladness from the house of our God?
Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd?
17 The seeds lie shriveled beneath the clods; the storehouses are in ruins; the granaries are broken down, for the grain has withered away.
Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt.
18 How the cattle groan! The herds wander in confusion because they have no pasture. Even the flocks of sheep are suffering.
Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta.
19 To You, O LORD, I call, for fire has consumed the open pastures and flames have scorched all the trees of the field.
Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre.
20 Even the beasts of the field pant for You, for the streams of water have dried up, and fire has consumed the open pastures.
Jamvel dyri i marki etter deg mun stynja, for turre er bekkjefari. Og elden han åt hamni på heidi.

< Joel 1 >