< 1 Samuel 26 >

1 Then the Ziphites came to Saul at Gibeah and said, “Is not David hiding on the hill of Hachilah, opposite Jeshimon?”
Folk frå Zif kom til Saul i Gibea og sagde: «Meiner du ikkje David held seg løynd på Hakilahøgdi, beint imot øydemarki!»
2 So Saul, accompanied by three thousand chosen men of Israel, went down to the Wilderness of Ziph to search for David there.
Saul tok på veg ned til øydemarki Zif med tri tusund mann, utvalde or Israel, på leit etter David i Zifmarki.
3 Saul camped beside the road at the hill of Hachilah opposite Jeshimon, but David was living in the wilderness. When he realized that Saul had followed him there,
Saul lægra seg på Hakilahøgdi beint imot øydemarki, attmed vegen. David heldt seg då i øydemarki. Då han skyna at Saul var komen etter honom inn i øydemarki,
4 David sent out spies to verify that Saul had arrived.
sende han ut njosnarar, og fekk vita for visst at Saul var komen.
5 Then David set out and went to the place where Saul had camped. He saw the place where Saul and Abner son of Ner, the general of his army, had lain down. Saul was lying inside the inner circle of the camp, with the troops camped around him.
So braut David upp og drog til den staden der Saul hadde lægra seg. David såg staden der Saul låg saman med herhovdingen, Abner Nersson. Saul låg i vognborgi, og folket hans var lægra rundt ikring honom.
6 And David asked Ahimelech the Hittite and Abishai son of Zeruiah, Joab’s brother, “Who will go down with me to Saul in the camp?” “I will go with you,” answered Abishai.
David tok til ords og spurde hetiten Ahimelek og Abisai Serujason, bror åt Joab: «Kven vil ganga med meg ned til Saul i lægret?» Abisai svara: «Eg gjeng med deg.»
7 That night David and Abishai came to the troops, and Saul was lying there asleep in the inner circle of the camp, with his spear stuck in the ground by his head. And Abner and the troops were lying around him.
So kom David og Abisai nattars tid til herfolket der, og såg Saul låg og sov i vognborgi; med spjotet stunge i marki attmed hovudgjerdi. Abner og herfolket låg rundt ikring honom.
8 Abishai said to David, “Today God has delivered your enemy into your hand. Now, therefore, please let me thrust the spear through him into the ground with one stroke. I will not need to strike him twice!”
Då sagde Abisai til David: «I dag hev Gud gjeve uvenen din i di hand! Lat meg no få renna spjotet gjenom honom ned i marki! Det gjer eg med ein einaste støyt, eg tarv ikkje gjeva honom fleire.»
9 But David said to Abishai, “Do not destroy him, for who can lift a hand against the LORD’s anointed and be guiltless?”
Men David svara: «Du fær ikkje gjeva honom mein! Kven hev strafflaust lagt hand på den Herren salva?»
10 David added, “As surely as the LORD lives, the LORD Himself will strike him down; either his day will come and he will die, or he will go into battle and perish.
«So sant Herren liver, » sagde David, «Herren lyt sjølv slå honom, eller avferdsdagen hans må koma på vanleg vis, eller han lyt få sin bane i krigen.
11 But the LORD forbid that I should stretch out my hand against the LORD’s anointed. Instead, take the spear and water jug by his head, and let us go.”
Aldri i verdi vil Herren at eg skal leggja hand på den Herren hev salva. Tak likevel spjotet attmed hovudgjerdi, og vatskrukka! Lat oss so ganga vår veg!»
12 So David took the spear and water jug by Saul’s head, and they departed. No one saw them or knew about it, nor did anyone wake up; they all remained asleep, because a deep sleep from the LORD had fallen on them.
David tok då spjotet og vatskrukka frå hovudgjerdi åt Saul, og so gjekk dei sin veg. Det var ingen som gådde og ingen som hådde, og ingen som vakna: Dei sov alle i hop. Herren hadde late ein tung svevn falla yver deim.
13 Then David crossed to the other side and stood atop the mountain at a distance; there was a wide gulf between them.
Då David var komen på hi sida, steig han fram på ein fjellknaus langt burte, so det var langt imillom deim.
14 And David shouted to the troops and to Abner son of Ner, “Will you not answer me, Abner?” “Who calls to the king?” Abner replied.
Og David ropa til herfolket og til Abner Nersson: «Vil du ikkje svara, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar til kongen?»
15 So David said to Abner, “You are a man, aren’t you? And who in Israel is your equal? Why then did you not protect your lord the king when one of the people came to destroy him?
David ropa til Abner: «Du er då ein makelaus kar! I heile Israel finst ikkje maken! Korleis vaktar du kongen, din herre? Det hev vore einkvan inne og vilja gjera mein på kongen, herren din.
16 This thing you have done is not good. As surely as the LORD lives, all of you deserve to die, since you did not protect your lord, the LORD’s anointed. Now look around. Where are the king’s spear and water jug that were by his head?”
Det er ikkje vel gjort, det som du hev gjort. So sant Herren liver, de hadde fortent å lata livet, av di de ikkje hev vakt yver herren dykkar, honom som Herren salva. Sjå no etter: kvar er kongens spjot, og vatskrukka som stod attmed hovudgjerdi hans?»
17 Then Saul recognized David’s voice and asked, “Is that your voice, David my son?” “It is my voice, my lord and king,” David said.
Saul kjende att røysti hans David og sagde: «Det er då di røyst dette, David, son min!» David svara: «Ja, herre konge!»
18 And he continued, “Why is my lord pursuing his servant? What have I done? What evil is in my hand?
Og han sagde: «Kvifor forfylgjer du, herre, tenaren din soleis? Kva hev eg då gjort? Kva vondt finst hjå meg?
19 Now please, may my lord the king hear the words of his servant: If the LORD has stirred you up against me, then may He accept an offering. But if men have done it, may they be cursed in the presence of the LORD! For today they have driven me away from sharing in the inheritance of the LORD, saying, ‘Go, serve other gods.’
Gjev du, herre konge, no vil høyra på tenaren din: Er det Herren som hev eggja deg imot meg, so lat honom få kjenna lukti av ei offergåva! Men er det manneborn som hev eggja deg, so vere dei bannstøytte av Herren, av di dei hev jaga meg burt, so eg no ikkje slå lag med Herrens eigen lyd! Det er som dei vil segja: «Far av og ten framande gudar!»
20 So do not let my blood fall to the ground far from the presence of the LORD. For the king of Israel has come out to look for a flea, like one who hunts a partridge in the mountains.”
Og må ikkje no blodet mitt renna ut på marki langt frå Herrens åsyn, når Israels-kongen dreg ut på leit etter ei einsleg loppa, liksom ein veidar rapphøns på heiderne?»
21 Then Saul replied, “I have sinned. Come back, David my son. I will never harm you again, because today you considered my life precious. I have played the fool and have committed a grave error!”
Då sagde Saul: «Eg hev synda. Kom heim att, David, son min! Eg vil ikkje gjera deg noko ilt, etter du i dag hev halde livet mitt so dyrt. Sjå, eg hev fare uvisleg, eg hev bore meg reint gale åt.»
22 “Here is the king’s spear,” David answered. “Let one of the young men come over and get it.
David svara og sagde: «Sjå her er spjotet, konge! Lat ein av sveinarne dine koma hit og henta det!
23 May the LORD repay every man for his righteousness and faithfulness. For the LORD delivered you into my hand today, but I would not stretch out my hand against the LORD’s anointed.
Og Herren skal løna kvar ein som er ærleg og trufast, soleis som eg var i dag; då Herren gav deg i mi hand og eg vilde ikkje leggja hand på den som Herren hev salva.
24 As surely as I valued your life today, so may the LORD value my life and rescue me from all trouble.”
Difor: liksom eg hev halde ditt liv so høgt i dag, so skal Herren og halda mitt liv høgt, og han skal fria meg ut or all naud.»
25 Saul said to him, “May you be blessed, David my son. You will accomplish great things and will surely prevail.” So David went on his way, and Saul returned home.
Saul sagde med David: «Velsigna vere du, David, son min! Det du tek deg fyre, skal du ogso sanneleg magtast gjera.» So for David sin veg, og Saul drog heim att.

< 1 Samuel 26 >