< Leviticus 18 >

1 And Jehovah spake unto Moses, saying,
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Speak unto the children of Israel, and say unto them, I am Jehovah your God.
«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Eg er Herren, dykkar Gud.
3 After the doings of the land of Egypt, wherein ye dwelt, shall ye not do: and after the doings of the land of Canaan, whither I bring you, shall ye not do; neither shall ye walk in their statutes.
De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira.
4 Mine ordinances shall ye do, and my statutes shall ye keep, to walk therein: I am Jehovah your God.
Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud;
5 Ye shall therefore keep my statutes, and mine ordinances; which if a man do, he shall live in them: I am Jehovah.
de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren.
6 None of you shall approach to any that are near of kin to him, to uncover [their] nakedness: I am Jehovah.
Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren.
7 The nakedness of thy father, even the nakedness of thy mother, shalt thou not uncover: she is thy mother; thou shalt not uncover her nakedness.
Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.
8 The nakedness of thy father’s wife shalt thou not uncover; it is thy father’s nakedness.
Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er vivet åt far din.
9 The nakedness of thy sister, the daughter of thy father, or the daughter of thy mother, whether born at home, or born abroad, even their nakedness thou shalt not uncover.
Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.
10 The nakedness of thy son’s daughter, or of thy daughter’s daughter, even their nakedness thou shalt not uncover: for theirs is thine own nakedness.
Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme.
11 The nakedness of thy father’s wife’s daughter, begotten of thy father, she is thy sister, thou shalt not uncover her nakedness.
Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di.
12 Thou shalt not uncover the nakedness of thy father’s sister: she is thy father’s near kinswoman.
Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din.
13 Thou shalt not uncover the nakedness of thy mother’s sister: for she is thy mother’s near kinswoman.
Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di.
14 Thou shalt not uncover the nakedness of thy father’s brother, thou shalt not approach to his wife: she is thine aunt.
Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.
15 Thou shalt not uncover the nakedness of thy daughter-in-law: she is thy son’s wife; thou shalt not uncover her nakedness.
Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne.
16 Thou shalt not uncover the nakedness of thy brother’s wife: it is thy brother’s nakedness.
Du skal ikkje søkja seng med brorkona di; ho er vivet åt din eigen bror.
17 Thou shalt not uncover the nakedness of a woman and her daughter; thou shalt not take her son’s daughter, or her daughter’s daughter, to uncover her nakedness; they are near kinswomen: it is wickedness.
Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket.
18 And thou shalt not take a wife to her sister, to be a rival [to her], to uncover her nakedness, besides the other in her life-time.
Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim.
19 And thou shalt not approach unto a woman to uncover her nakedness, as long as she is impure by her uncleanness.
Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein.
20 And thou shalt not lie carnally with thy neighbor’s wife, to defile thyself with her.
Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein.
21 And thou shalt not give any of thy seed to make them pass through [the fire] to Molech; neither shalt thou profane the name of thy God: I am Jehovah.
Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren!
22 Thou shalt not lie with mankind, as with womankind: it is abomination.
Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.
23 And thou shalt not lie with any beast to defile thyself therewith; neither shall any woman stand before a beast, to lie down thereto: it is confusion.
Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd.
24 Defile not ye yourselves in any of these things: for in all these the nations are defiled which I cast out from before you;
Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;
25 and the land is defiled: therefore I do visit the iniquity thereof upon it, and the land vomiteth out her inhabitants.
då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut.
26 Ye therefore shall keep my statutes and mine ordinances, and shall not do any of these abominations; neither the home-born, nor the stranger that sojourneth among you
Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverki
27 (for all these abominations have the men of the land done, that were before you, and the land is defiled);
som dei sulka ut landet med, dei som åtte det fyre dykk;
28 that the land vomit not you out also, when ye defile it, as it vomited out the nation that was before you.
for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk.
29 For whosoever shall do any of these abominations, even the souls that do them shall be cut off from among their people.
For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt.
30 Therefore shall ye keep my charge, that ye practise not any of these abominable customs, which were practised before you, and that ye defile not yourselves therein: I am Jehovah your God.
So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle ugjerderne som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»

< Leviticus 18 >