< Isaiah 34 >

1 Come near, ye nations, to hear; and hearken, ye peoples: let the earth hear, and the fulness thereof; the world, and all things that come forth from it.
Kom hit, de folk, og høyr, og de folkeslag, gjev gaum! Jordi høyre og det som fyller henne, jordheimen og alt som veks der!
2 For Jehovah hath indignation against all the nations, and wrath against all their host: he hath utterly destroyed them, he hath delivered them to the slaughter.
For Herrens vreide er yver alle folki, og harmen hans yver all deira her. Han bannstøyter deim, gjev deim til slagting.
3 Their slain also shall be cast out, and the stench of their dead bodies shall come up; and the mountains shall be melted with their blood.
Og deira ihelslegne skal verta burtslengde, og teven av liki deira skal stiga upp, og fjelli skal fljota av blodet deira.
4 And all the host of heaven shall be dissolved, and the heavens shall be rolled together as a scroll; and all their host shall fade away, as the leaf fadeth from off the vine, and as a fading [leaf] from the fig-tree.
Og heile himmelheren skal kverva, og himlarne verta ihoprulla som ei boki, og all heren deira skal visna burt, som bladet fell av vintreet og det visne lauvet av fiketreet.
5 For my sword hath drunk its fill in heaven: behold, it shall come down upon Edom, and upon the people of my curse, to judgment.
For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen. Sjå, yver Edom skal det fara ned og yver mitt bannstøytte folk til dom.
6 The sword of Jehovah is filled with blood, it is made fat with fatness, with the blood of lambs and goats, with the fat of the kidneys of rams; for Jehovah hath a sacrifice in Bozrah, and a great slaughter in the land of Edom.
Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar. For ei offerslagting held Herren i Bosra og ei stor nedslagting i Edomlandet.
7 And the wild-oxen shall come down with them, and the bullocks with the bulls: and their land shall be drunken with blood, and their dust made fat with fatness.
Og villuksar skal sturta saman med deim, og stutar saman med sterke uksar, og landet deira skal verta drukke av blod, og jordi deira hævda med feitt.
8 For Jehovah hath a day of vengeance, a year of recompense for the cause of Zion.
For Herren held ein hemnardag og eit attergjeldsår for Sions sak.
9 And the streams of [Edom] shall be turned into pitch, and the dust thereof into brimstone, and the land thereof shall become burning pitch.
Og bekkjerne i det skal verta til bik, og moldi til svåvel, og markerne i det skal verta til brennande bik.
10 It shall not be quenched night nor day; the smoke thereof shall go up for ever; from generation to generation it shall lie waste; none shall pass through it for ever and ever.
Korkje natt eller dag skal det slokna, i all æva skal røyken frå det stiga upp; frå ætt til ætt skal det liggja i øyde, i all æva er det ingen som fer igjenom det.
11 But the pelican and the porcupine shall possess it; and the owl and the raven shall dwell therein: and he will stretch over it the line of confusion, and the plummet of emptiness.
Og pelikan og bustyvel skal eiga det, og kattula og ramn skal bu i det, og ein skal spana ut yver det mælesnøre til øyding, og bruka lodd til å gjera det tomt.
12 They shall call the nobles thereof to the kingdom, but none shall be there; and all its princes shall be nothing.
Det er ingi gjævingar der som kann ropa nokon ut til konge, det er slutt med alle hovdingarne.
13 And thorns shall come up in its palaces, nettles and thistles in the fortresses thereof; and it shall be a habitation of jackals, a court for ostriches.
Og klunger skal renna i slotti der, og netla og tistlar i borgerne, og det skal vera ein bustad for sjakalar og ein stad for strussar.
14 And the wild beasts of the desert shall meet with the wolves, and the wild goat shall cry to his fellow; yea, the night-monster shall settle there, and shall find her a place of rest.
Og ulven og andre villdyr skal møtast, og raggetroll ropa til kvarandre; ja, der uner Lilit og finn seg ein kvilestad.
15 There shall the dart-snake make her nest, and lay, and hatch, and gather under her shade; yea, there shall the kites be gathered, every one with her mate.
Der byggjer pilormen reir og legg egg og klekkjer ut ungar og sankar deim og gjev deim livd. Ja, der sankar gribbarne seg, den eine hjå den andre.
16 Seek ye out of the book of Jehovah, and read: no one of these shall be missing, none shall want her mate; for my mouth, it hath commanded, and his Spirit, it hath gathered them.
Leita etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av deim vantar, det eine saknar ikkje det andre. For hans munn byd det, og hans ånd sankar deim,
17 And he hath cast the lot for them, and his hand hath divided it unto them by line: they shall possess it for ever; from generation to generation shall they dwell therein.
og han kastar lut for deim, og handi hans ætlar deim det med mælesnøre. Til æveleg tid skal dei eiga det, frå ætt til ætt skal dei bu i det.

< Isaiah 34 >