< Revelation 9 >

1 The fifth angel sounded, and I saw a star from the sky which had fallen to the earth. The key to the pit of the Abyss (Abyssos g12) was given to him.
Og den femte engelen bles. Og eg såg eg ei stjerna som hadde falle frå himmelen ned på jordi, og ho fekk lykelen til avgrunnsbrunnen. (Abyssos g12)
2 He opened the pit of the Abyss (Abyssos g12), and smoke went up out of the pit, like the smoke from a burning furnace. The sun and the air were darkened because of the smoke from the pit.
Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig upp or brunnen, lik røyken av ein stor omn, og soli og lufti vart myrkte av røyken frå brunnen. (Abyssos g12)
3 Then out of the smoke came locusts on the earth, and power was given to them, as the scorpions of the earth have power.
Og or røyken kom grashoppar ut på jordi, og det vart gjeve deim magt, slik som skorpionarne på jordi hev,
4 They were told that they should not hurt the grass of the earth, neither any green thing, neither any tree, but only those people who do not have God’s seal on their foreheads.
og det vart sagt deim at dei ikkje måtte skada graset på jordi eller noko grønt eller noko tre, men berre dei menneskje som ikkje hadde Guds innsigle på pannorne.
5 They were given power, not to kill them, but to torment them for five months. Their torment was like the torment of a scorpion when it strikes a person.
Og det vart gjeve deim at dei ikkje skulde drepa deim, men pina deim i fem månader; og pinsla av deim var som pinsla av ein skorpion når han sting eit menneskje.
6 In those days people will seek death, and will in no way find it. They will desire to die, and death will flee from them.
Og i dei dagar skal folk søkja dauden og ikkje finna honom, og stunda etter å døy, og dauden skal fly frå deim.
7 The shapes of the locusts were like horses prepared for war. On their heads were something like golden crowns, and their faces were like people’s faces.
Og grashopparne såg ut som hestar, tilbudde til strid; og på hovudi deira var det liksom krunor av gull, og andliti deira var som menneskjeandlit.
8 They had hair like women’s hair, and their teeth were like those of lions.
Og dei hadde hår som kvendehår, og tennerne deira var som løvetenner.
9 They had breastplates like breastplates of iron. The sound of their wings was like the sound of many chariots and horses rushing to war.
Og dei hadde brynjor liksom jarnbrynjor, og ljoden av vengjerne deira var som ljod av vogner når mange hestar renner til strid.
10 They have tails like those of scorpions, with stingers. In their tails they have power to harm men for five months.
Og dei hadde stertar liksom skorpionar, og det var broddar i stertarne deira, og dei hadde magt til å skada menneski fem månader.
11 They have over them as king the angel of the Abyss (Abyssos g12). His name in Hebrew is "Abaddon", and in Greek, he has the name "Apollyon".
Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen, hans namn er på hebraisk Abaddon, og på gresk hev han namnet Apollyon. (Abyssos g12)
12 The first woe is past. Behold, there are still two woes coming after this.
Det fyrste usæle er yverstade; sjå, det kjem tvo usæle etter dette!
13 The sixth angel sounded. I heard a voice from the horns of the golden altar which is before God,
Og den sette engelen bles. Og eg høyrde ei røyst frå dei fire horni på det gullaltaret som stod framfor Gud,
14 saying to the sixth angel who had the trumpet, “Free the four angels who are bound at the great river Euphrates!”
og ho sagde til den sette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englarne som er bundne ved den store elvi Eufrat!»
15 The four angels were freed who had been prepared for that hour and day and month and year, so that they might kill one third of mankind.
Og dei fire englarne vart løyste, dei som hadde vore ferdige på timen og dagen og månaden og året til å drepa tridjeparten av menneski.
16 The number of the armies of the horsemen was two hundred million. I heard the number of them.
Og talet på herarne av hestfolk var tvo gonger ti tusund gonger ti tusund; eg høyrde talet på deim.
17 Thus I saw the horses in the vision and those who sat on them, having breastplates of fiery red, hyacinth blue, and sulfur yellow; and the horses’ heads resembled lions’ heads. Out of their mouths proceed fire, smoke, and sulfur.
Og soleis såg eg i syni hestarne og deim som sat på deim: dei hadde eldraude og myrkraude og svåvelgule brynjor; og hovudi på hestarne var som løvehovud, og or munnarne deira fer det ut eld og røyk og svåvel.
18 By these three plagues, one third of mankind was killed: by the fire, the smoke, and the sulfur, which proceeded out of their mouths.
Av desse tri: elden og røyken og svåvelet, som for ut or munnarne deira, vart tridjeparten av menneski drepen.
19 For the power of the horses is in their mouths and in their tails. For their tails are like serpents, and have heads; and with them they harm.
For magti åt hestarne ligg i munnen deira og halen deira, for halarne deira er som ormar og hev hovud, og med deim gjer dei skade.
20 The rest of mankind, who were not killed with these plagues, did not repent of the works of their hands, that they would not worship demons, and the idols of gold, and of silver, and of brass, and of stone, and of wood, which cannot see, hear, or walk.
Og dei andre menneskje, som ikkje vart drepne i desse plågorne, vende ikkje um frå dei verki deira hender hadde gjort, so dei heldt upp med å tilbeda dei vonde ånder og avgudarne av gull og av sylv og av kopar og av stein og av tre, som korkje kann sjå eller høyra eller ganga.
21 They did not repent of their murders, their sorceries, their sexual immorality, or their thefts.
Og dei vende ikkje um frå mordgjerningarne sine eller frå trolldomskunsterne sine eller frå hordomen sin eller frå tjuvskapen sin.

< Revelation 9 >