< Revelation 2 >
1 “To the angel of the assembly in Ephesus write: “He who holds the seven stars in his right hand, he who walks among the seven golden lamp stands says these things:
«Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesus: Dette segjer han som held dei sju stjernorne i si høgre hand, han som gjeng midt imillom dei sju gull-ljosestakarne:
2 “I know your works, and your toil and perseverance, and that you cannot tolerate evil men, and have tested those who call themselves apostles, and they are not, and found them false.
Eg veit um gjerningarne dine, og arbeidet ditt, og tolmodet ditt, og at du ikkje kann lida dei vonde, og du hev prøvt deim som segjer dei er apostlar, og ikkje er det, og hev funne at dei er ljugarar;
3 You have perseverance and have endured for my name’s sake, and have not grown weary.
og du hev tolmod og hev havt mykje å bera for mitt namn skuld, og du hev ikkje vorte trøytt.
4 But I have this against you, that you left your first love.
Men eg hev imot deg at du hev uppgjeve din fyrste kjærleik.
5 Remember therefore from where you have fallen, and repent and do the first works; or else I am coming to you swiftly, and will move your lamp stand out of its place, unless you repent.
Kom difor i hug kvar du er fallen ifrå, og vend um og gjer dei fyrste gjerningarne! elles kjem eg snart yver deg og vil flytja ljosestaken din frå sin stad, um du ikkje umvender deg.
6 But this you have, that you hate the works of the Nicolaitans, which I also hate.
Men dette hev du, at du hatar gjerningarne åt nikolaitarne, som eg og hatar.
7 He who has an ear, let him hear what the Spirit says to the assemblies. To him who overcomes I will give to eat from the tree of life, which is in the Paradise of my God.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis.
8 “To the angel of the assembly in Smyrna write: “The first and the last, who was dead, and has come to life says these things:
Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette segjer den fyrste og den siste, han som var daud, og vart livande:
9 “I know your works, oppression, and your poverty (but you are rich), and the blasphemy of those who say they are Jews, and they are not, but are a synagogue of Satan.
Eg veit um trengsla di og fatigdomen din - men du er rik - og spotti frå deim som segjer at dei er jødar, og ikkje er det, men er Satans synagoga.
10 Do not be afraid of the things which you are about to suffer. Behold, the devil is about to throw some of you into prison, that you may be tested; and you will have oppression for ten days. Be faithful to death, and I will give you the crown of life.
Ottast ikkje for det du skal lida! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, so de skal verta freista, og de skal hava trengsla i ti dagar. Ver tru til dauden, so skal eg gjeva deg livsens kruna!
11 He who has an ear, let him hear what the Spirit says to the assemblies. He who overcomes will not be harmed by the second death.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, han skal slett ikkje lida mein av den andre dauden!
12 “To the angel of the assembly in Pergamum write: “He who has the sharp two-edged sword says these things:
Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamum: Dette segjer han som hev det tvieggja kvasse sverdet:
13 “I know your works and where you dwell, where Satan’s throne is. You hold firmly to my name, and did not deny my faith in the days of Antipas my witness, my faithful one, who was killed among you, where Satan dwells.
Eg veit kvar du bur: der som Satans kongsstol er, og du held fast ved mitt namn, og du forneitta ikkje mi tru, endå i dei dagar då Antipas var mitt true vitne, han som vart ihelslegen hjå dykk, der Satan bur.
14 But I have a few things against you, because you have there some who hold the teaching of Balaam, who taught Balak to throw a stumbling block before the children of Israel, to eat things sacrificed to idols, and to commit sexual immorality.
Men eg hev nokre få ting imot deg: at du hev sume der som held fast ved Bileams læra, han som lærde Balak å leggja støyt for Israels born, å eta avgudsoffer og gjera hor.
15 So also you likewise have some who hold to the teaching of the Nicolaitans.
Soleis hev du og sume som held fast ved læra åt nikolaitarne.
16 Repent therefore, or else I am coming to you quickly and I will make war against them with the sword of my mouth.
Vend um! men um du ikkje det gjer, kjem eg snart yver deg og vil strida mot deim ved min munns sverd.
17 He who has an ear, let him hear what the Spirit says to the assemblies. To him who overcomes, to him I will give of the hidden manna, and I will give him a white stone, and on the stone a new name written which no one knows but he who receives it.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av det løynde manna, og eg vil gjeva honom ein kvit stein og eit nytt namn skrive på steinen, som ingen kjenner, utan den som fær det!
18 “To the angel of the assembly in Thyatira write: “The Son of God, who has his eyes like a flame of fire, and his feet are like burnished brass, says these things:
Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette segjer Guds son, han som hev augo som eldsloge og føter som skinande kopar:
19 “I know your works, your love, faith, service, patient endurance, and that your last works are more than the first.
Eg veit um dine gjerningar og din kjærleik og di tenesta og di tru og tolmodet ditt og dei siste gjerningarne dine, som er fleire enn dei fyrste.
20 But I have this against you, that you tolerate your woman Jezebel, who calls herself a prophetess. She teaches and seduces my servants to commit sexual immorality and to eat things sacrificed to idols.
Men eg hev imot deg at du let kvinna Jezabel råda, ho som segjer at ho er ei profetkvinna, og ho lærer og dårar mine tenarar til å driva hor og eta avgudsoffer.
21 I gave her time to repent, but she refuses to repent of her sexual immorality.
Og eg gav henne tid til å venda um, men ho vil ikkje venda um frå sin hordom.
22 Behold, I will throw her and those who commit adultery with her into a bed of great oppression, unless they repent of her works.
Sjå, eg kastar henne på sjukelægje, og deim som driv hor med henne, i stor trengsla, dersom dei ikkje vender um frå sine gjerningar.
23 I will kill her children with Death, and all the assemblies will know that I am he who searches the minds and hearts. I will give to each one of you according to your deeds.
Og borni hennar vil eg rykkja burt ved daude, og alle kyrkjelydarne skal sanna at eg er den som ransakar nyro og hjarto, og eg vil gjeva dykk kvar etter dykkar gjerningar.
24 But to you I say, to the rest who are in Thyatira—as many as do not have this teaching, who do not know what some call ‘the deep things of Satan’—to you I say, I am not putting any other burden on you.
Men eg segjer dykk andre i Tyatira, alle som ikkje hev denne læra, og som ikkje kjenner Satans dypter - som dei segjer -: Eg vil ikkje leggja nokor onnor byrd på dykk.
25 Nevertheless, hold that which you have firmly until I come.
Berre haldt fast ved det de hev, til dess eg kjem!
26 He who overcomes, and he who keeps my works to the end, to him I will give authority over the nations.
Og den som sigrar og tek vare på mine gjerningar alt til enden, honom vil eg gjeva magt yver heidningarne,
27 He will rule them with a rod of iron, shattering them like clay pots, as I also have received of my Father;
og han skal styra deim med jarnstav, liksom ein knasar kruskjerald, so som eg og hev fenge det av min Fader;
28 and I will give him the morning star.
og eg vil gjeva honom morgonstjerna.
29 He who has an ear, let him hear what the Spirit says to the assemblies.
Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»