< Psalms 33 >
1 Rejoice in the LORD, you righteous! Praise is fitting for the upright.
Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For de trurøkne sømer seg lovsong.
2 Give thanks to the LORD with the lyre. Sing praises to him with the harp of ten strings.
Prisa Herren med strengeleik, lovsyng honom til tistrengja harpa!
3 Sing to him a new song. Play skillfully with a shout of joy!
Syng honom ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod.
4 For the LORD’s word is right. All his work is done in faithfulness.
For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.
5 He loves righteousness and justice. The earth is full of the loving kindness of the LORD.
Han elskar rettferd og rett; av Herrens nåde er jordi full.
6 By the LORD’s word, the heavens were made: all their army by the breath of his mouth.
Himlarne er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande.
7 He gathers the waters of the sea together as a heap. He lays up the deeps in storehouses.
Han samlar havsens vatn som ei muga, legg dei djupe vatn i upplagshus.
8 Let all the earth fear the LORD. Let all the inhabitants of the world stand in awe of him.
All jordi må ottast for Herren, for honom ræddast alle som bur i mannheimen.
9 For he spoke, and it was done. He commanded, and it stood firm.
For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.
10 The LORD brings the counsel of the nations to nothing. He makes the thoughts of the peoples to be of no effect.
Herren spiller heidningefolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.
11 The counsel of the LORD stands fast forever, the thoughts of his heart to all generations.
Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
12 Blessed is the nation whose God is the LORD, the people whom he has chosen for his own inheritance.
Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.
13 The LORD looks from heaven. He sees all the sons of men.
Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle menneskjeborni.
14 From the place of his habitation he looks out on all the inhabitants of the earth,
Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,
15 he who fashions all of their hearts; and he considers all of their works.
han som lagar deira hjarto alle saman, han som merkar alle deira gjerningar.
16 There is no king saved by the multitude of an army. A mighty man is not delivered by great strength.
Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.
17 A horse is a vain thing for safety, neither does he deliver any by his great power.
Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.
18 Behold, the LORD’s eye is on those who fear him, on those who hope in his loving kindness,
Sjå, Herrens auga ser til deim som ottast honom, som ventar på hans nåde
19 to deliver their soul from death, to keep them alive in famine.
til å fria deira sjæl frå dauden og halda deim i live i hungersnaud.
20 Our soul has waited for the LORD. He is our help and our shield.
Vår sjæl stundar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.
21 For our heart rejoices in him, because we have trusted in his holy name.
For i honom gled vårt hjarta seg, for me set vår lit til hans heilage namn.
22 Let your loving kindness be on us, LORD, since we have hoped in you.
Di nåde, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!