< Psalms 31 >
1 For the Chief Musician. A Psalm by David. In you, LORD, I take refuge. Let me never be disappointed. Deliver me in your righteousness.
Til songmeisteren; ein salme av David. Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!
2 Bow down your ear to me. Deliver me speedily. Be to me a strong rock, a house of defense to save me.
Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!
3 For you are my rock and my fortress, therefore for your name’s sake lead me and guide me.
For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.
4 Pluck me out of the net that they have laid secretly for me, for you are my stronghold.
Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev sett for meg; for du er mi vern.
5 Into your hand I commend my spirit. You redeem me, LORD, God of truth.
I di hand yvergjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
6 I hate those who regard lying vanities, but I trust in the LORD.
Eg hatar deim som dyrkar tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren.
7 I will be glad and rejoice in your loving kindness, for you have seen my affliction. You have known my soul in adversities.
Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud.
8 You have not shut me up into the hand of the enemy. You have set my feet in a large place.
Og du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på romlendt stad.
9 Have mercy on me, LORD, for I am in distress. My eye, my soul, and my body waste away with grief.
Ver meg nådig, Herre, for eg vert trengd! Mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjæl og min likam.
10 For my life is spent with sorrow, my years with sighing. My strength fails because of my iniquity. My bones are wasted away.
For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde.
11 Because of all my adversaries I have become utterly contemptible to my neighbors, a horror to my acquaintances. Those who saw me on the street fled from me.
For alle mine motstandarar skuld hev eg vorte til skam, ja, til stor skam for mine grannar, og til skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg.
12 I am forgotten from their hearts like a dead man. I am like broken pottery.
Eg er gløymd som ein daud mann, ute or hjarta; eg hev vorte som eit sundbrotnande kjerald.
13 For I have heard the slander of many, terror on every side, while they conspire together against me, they plot to take away my life.
For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.
14 But I trust in you, LORD. I said, “You are my God.”
Men eg, eg set mi lit til deg Herre; eg segjer: «Du er min Gud.»
15 My times are in your hand. Deliver me from the hand of my enemies, and from those who persecute me.
I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar, og frå deim som forfylgjer meg!
16 Make your face to shine on your servant. Save me in your loving kindness.
Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn!
17 Let me not be disappointed, LORD, for I have called on you. Let the wicked be disappointed. Let them be silent in Sheol (Sheol ).
Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen! (Sheol )
18 Let the lying lips be mute, which speak against the righteous insolently, with pride and contempt.
Lat lygn-lippor verta mållause som talar skamdjervt mot den rettferdige, med ovmod og uvyrdnad!
19 Oh how great is your goodness, which you have laid up for those who fear you, which you have worked for those who take refuge in you, before the sons of men!
Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt deim som ottast deg, som du hev vist mot deim som flyr til deg, for augo på menneskjeborni!
20 In the shelter of your presence you will hide them from the plotting of man. You will keep them secretly in a dwelling away from the strife of tongues.
Du løyner deim i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer deim i ei bud mot kiv av tungor.
21 Praise be to the LORD, for he has shown me his marvelous loving kindness in a strong city.
Lova vere Herren, for han hev gjort si miskunn underfull imot meg i ein fast by!
22 As for me, I said in my haste, “I am cut off from before your eyes.” Nevertheless you heard the voice of my petitions when I cried to you.
Og eg, eg sagde i mi hugsott: «Eg er burtriven frå dine augo!» men endå høyrde du røysti av mine audmjuke bøner, då eg ropa til deg.
23 Oh love the LORD, all you his saints! The LORD preserves the faithful, and fully recompenses him who behaves arrogantly.
Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikeleg attergjeld til den som fer med ovmod.
24 Be strong, and let your heart take courage, all you who hope in the LORD.
Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!