< Luke 21 >
1 He looked up and saw the rich people who were putting their gifts into the treasury.
Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista;
2 He saw a certain poor widow casting in two small brass coins.
og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar.
3 He said, “Truly I tell you, this poor widow put in more than all of them,
Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.
4 for all these put in gifts for God from their abundance, but she, out of her poverty, put in all that she had to live on.”
For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.»
5 As some were talking about the temple and how it was decorated with beautiful stones and gifts, he said,
Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han:
6 “As for these things which you see, the days will come in which there will not be left here one stone on another that will not be thrown down.”
«Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.»
7 They asked him, “Teacher, so when will these things be? What is the sign that these things are about to happen?”
«Når skal då dette ganga fyre seg, meister, » spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?»
8 He said, “Watch out that you do not get led astray, for many will come in my name, saying, ‘I am he,’ and, ‘The time is at hand.’ Therefore do not follow them.
Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim!
9 When you hear of wars and disturbances, do not be terrified, for these things must happen first, but the end will not come immediately.”
Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.»
10 Then he said to them, “Nation will rise against nation, and kingdom against kingdom.
So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;
11 There will be great earthquakes, famines, and plagues in various places. There will be terrors and great signs from heaven.
store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.
12 But before all these things, they will lay their hands on you and will persecute you, delivering you up to synagogues and prisons, bringing you before kings and governors for my name’s sake.
Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.
13 It will turn out as a testimony for you.
Då skal de koma til å vitna.
14 Settle it therefore in your hearts not to meditate beforehand how to answer,
Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!
15 for I will give you a mouth and wisdom which all your adversaries will not be able to withstand or to contradict.
Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.
16 You will be handed over even by parents, brothers, relatives, and friends. They will cause some of you to be put to death.
Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,
17 You will be hated by all men for my name’s sake.
og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
18 And not a hair of your head will perish.
Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.
19 “By your endurance you will win your lives.
Haldt ut, so skal de vinna sjælerne dykkar!
20 “But when you see Jerusalem surrounded by armies, then know that its desolation is at hand.
Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde.
21 Then let those who are in Judea flee to the mountains. Let those who are in the middle of her depart. Let those who are in the country not enter therein.
Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.
22 For these are days of vengeance, that all things which are written may be fulfilled.
For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.
23 Woe to those who are pregnant and to those who nurse infants in those days! For there will be great distress in the land and wrath to this people.
Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket.
24 They will fall by the edge of the sword, and will be led captive into all the nations. Jerusalem will be trampled down by the Gentiles until the times of the Gentiles are fulfilled.
Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.
25 “There will be signs in the sun, moon, and stars; and on the earth anxiety of nations, in perplexity for the roaring of the sea and the waves;
Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.
26 men fainting for fear and for expectation of the things which are coming on the world, for the powers of the heavens will be shaken.
Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast.
27 Then they will see the Son of Man coming in a cloud with power and great glory.
Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.
28 But when these things begin to happen, look up and lift up your heads, because your redemption is near.”
Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.»
29 He told them a parable. “See the fig tree and all the trees.
So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre!
30 When they are already budding, you see it and know by your own selves that the summer is already near.
So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.
31 Even so you also, when you see these things happening, know that God’s Kingdom is near.
Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.
32 Most certainly I tell you, this generation will not pass away until all things are accomplished.
Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.
33 Heaven and earth will pass away, but my words will by no means pass away.
Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
34 “So be careful, or your hearts will be loaded down with carousing, drunkenness, and cares of this life, and that day will come on you suddenly.
Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk!
35 For it will come like a snare on all those who dwell on the surface of all the earth.
For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.
36 Therefore be watchful all the time, praying that you may be counted worthy to escape all these things that will happen, and to stand before the Son of Man.”
Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»
37 Every day Jesus was teaching in the temple, and every night he would go out and spend the night on the mountain that is called Olivet.
Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget.
38 All the people came early in the morning to him in the temple to hear him.
Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.