< Job 24 >
1 “Why are not times laid up by the Almighty? Why do not those who know him see his days?
Kvi hev’kje Allvald tider set? Kvi ser hans vener ei hans dagar?
2 There are people who remove the landmarks. They violently take away flocks, and feed them.
Dei fører deildesteinar burt, stel fe og sender det på beite,
3 They drive away the donkey of the fatherless, and they take the widow’s ox for a pledge.
tek asnet frå den faderlause; tek kui enkja eig i pant.
4 They turn the needy out of the way. The poor of the earth all hide themselves.
Driv fatigfolk frå vegen burt; alt landsens småfolk kryp i skjol;
5 Behold, as wild donkeys in the desert, they go out to their work, seeking diligently for food. The wilderness yields them bread for their children.
Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær.
6 They cut their food in the field. They glean the vineyard of the wicked.
Dei haustar mark ved nattetid, og gudlaus manns vinhage plundrar.
7 They lie all night naked without clothing, and have no covering in the cold.
Um natti nakne, utan klæde, dei hev for kulden inkje dekkje.
8 They are wet with the showers of the mountains, and embrace the rock for lack of a shelter.
Dei våte vert av regn på fjell, held seg i bergufs utan livd,
9 There are those who pluck the fatherless from the breast, and take a pledge of the poor,
Ein farlaus lyt frå moderbarm ein armings klæde gjeng i pant.
10 so that they go around naked without clothing. Being hungry, they carry the sheaves.
Dei nakne gjeng og klædelause, i hunger dei på kornband dreg.
11 They make oil within the walls of these men. They tread wine presses, and suffer thirst.
Dei kreistar olje innum murar, dei persar vin og tyrster lel.
12 From out of the populous city, men groan. The soul of the wounded cries out, yet God does not regard the folly.
Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa.
13 “These are of those who rebel against the light. They do not know its ways, nor stay in its paths.
Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar.
14 The murderer rises with the light. He kills the poor and needy. In the night he is like a thief.
Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven.
15 The eye also of the adulterer waits for the twilight, saying, ‘No eye will see me.’ He disguises his face.
Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska.
16 In the dark they dig through houses. They shut themselves up in the daytime. They do not know the light.
I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.
17 For the morning is to all of them like thick darkness, for they know the terrors of the thick darkness.
Myrk natt er morgon for deim alle; for natteskræmslorne dei kjenner.
18 “They are foam on the surface of the waters. Their portion is cursed in the earth. They do not turn into the way of the vineyards.
Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir.
19 Drought and heat consume the snow waters, so does Sheol (Sheol ) those who have sinned.
Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda. (Sheol )
20 The womb will forget him. The worm will feed sweetly on him. He will be no more remembered. Unrighteousness will be broken as a tree.
Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre.
21 He devours the barren who do not bear. He shows no kindness to the widow.
Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han’kje vel.
22 Yet God preserves the mighty by his power. He rises up who has no assurance of life.
Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet.
23 God gives them security, and they rest in it. His eyes are on their ways.
Han styd deim so dei liver trygt, hans augo vaktar deira vegar.
24 They are exalted; yet a little while, and they are gone. Yes, they are brought low, they are taken out of the way as all others, and are cut off as the tops of the ears of grain.
Høgt stig dei, brått - dei er’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
25 If it is not so now, who will prove me a liar, and make my speech worth nothing?”
Er det’kje so? Kven legg imot? Kven gjer no mine ord um inkje?»