< Genesis 34 >

1 Dinah, the daughter of Leah, whom she bore to Jacob, went out to see the daughters of the land.
Dina, dotter åt Jakob og Lea, gjekk ein gong ut og vilde sjå på droserne i landet.
2 Shechem the son of Hamor the Hivite, the prince of the land, saw her. He took her, lay with her, and humbled her.
Og Sikem, son åt Hemor, heviten, som var hovding i landet, såg henne, og han tok henne, og låg med henne, og tok æra hennar.
3 His soul joined to Dinah, the daughter of Jacob, and he loved the young lady, and spoke kindly to the young lady.
Og hugen hans stod til Dina, dotter åt Jakob; for han hadde fenge henne kjær. Og han tala blidt til gjenta og hugga henne.
4 Shechem spoke to his father, Hamor, saying, “Get me this young lady as a wife.”
Sidan tala Sikem til Hemor, far sin, og sagde: «Lat meg få den møyi til kona!»
5 Now Jacob heard that he had defiled Dinah, his daughter; and his sons were with his livestock in the field. Jacob held his peace until they came.
Og Jakob fekk høyra at han hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønerne hans var med buskapen utpå marki, og Jakob tagde med det, til dei kom heim att.
6 Hamor the father of Shechem went out to Jacob to talk with him.
Men Hemor, far hans Sikem, gjekk ut til Jakob og vilde tala med honom.
7 The sons of Jacob came in from the field when they heard it. The men were grieved, and they were very angry, because he had done folly in Israel in lying with Jacob’s daughter, a thing that ought not to be done.
Sønerne hans Jakob kom heim frå marki, då dei fekk høyra dette. Og det gjorde kararne ilt, og dei var ovleg harme. For han hadde fare skamleg åt mot Israel, med di han hadde lege hjå dotter hans Jakob; slikt skulde aldri henda!
8 Hamor talked with them, saying, “The soul of my son, Shechem, longs for your daughter. Please give her to him as a wife.
Då tala Hemor med deim og sagde: «Sikem, son min, hev huglagt dotter dykkar; kjære væne, lat honom få henne til kona!
9 Make marriages with us. Give your daughters to us, and take our daughters for yourselves.
Lat oss gifta borni våre i hop: gjev oss døtterne dykkar, og tak de våre døtter.
10 You shall dwell with us, and the land will be before you. Live and trade in it, and get possessions in it.”
Og gjev dykk so til hjå oss. De hev heile landet fyre dykk. De kann få bu her, og fara fritt kring i landet og få dykk eigedomar her.»
11 Shechem said to her father and to her brothers, “Let me find favor in your eyes, and whatever you will tell me I will give.
Og Sikem sagde med far hennar og brørne hennar: «Kunde eg berre få gjort dykk blide på meg! Det de krev av meg, skal de få.
12 Ask me a great amount for a dowry, and I will give whatever you ask of me, but give me the young lady as a wife.”
Krev so mykje de vil av meg i festarfe og i benkjargåva! Eg skal gjeva det de vil hava, berre eg fær møyi til kona!»
13 The sons of Jacob answered Shechem and Hamor his father with deceit when they spoke, because he had defiled Dinah their sister,
Men sønerne hans Jakob svara Sikem og Hemor, far hans, med svikfulle ord, for di han hadde skjemt ut Dina, syster deira.
14 and said to them, “We cannot do this thing, to give our sister to one who is uncircumcised; for that is a reproach to us.
«Me kann ikkje gjera det, » sagde dei, «og gjeva syster vår til ein mann som hev huvehold; det vilde vera ei vanæra for oss.
15 Only on this condition will we consent to you. If you will be as we are, that every male of you be circumcised,
Berre på det vilkåret kann me laga oss etter dykk, at de vert liksom me, og alle karar hjå dykk vert umskorne.
16 then will we give our daughters to you; and we will take your daughters to us, and we will dwell with you, and we will become one people.
Då skal me gjeva dykk døtterne våre, og taka dykkar døtter til konor, og bu hjå dykk, so me vert eitt folk.
17 But if you will not listen to us and be circumcised, then we will take our sister, and we will be gone.”
Men vil de ikkje lyda oss og lata dykk umskjera, so tek me syster vår, og fer burt.»
18 Their words pleased Hamor and Shechem, Hamor’s son.
Og dei tykte vel um ordi deira, både Hemor og Sikem, son hans Hemor.
19 The young man did not wait to do this thing, because he had delight in Jacob’s daughter, and he was honored above all the house of his father.
Og sveinen drygde ikkje, men gjorde dette. For han heldt av dotter hans Jakob, og han var den gjævaste i heile ætti si.
20 Hamor and Shechem, his son, came to the gate of their city, and talked with the men of their city, saying,
So møtte Hemor og Sikem, son hans, til tings i byen sin, og dei tala til bymennerne og sagde:
21 “These men are peaceful with us. Therefore let them live in the land and trade in it. For behold, the land is large enough for them. Let’s take their daughters to us for wives, and let’s give them our daughters.
«Desse mennerne vil gjerne vera vener med oss. Dei vil gjeva seg til her og fara kring i landet, og de veit at landet er vidt nok åt deim til alle kantar. Me skal taka døtterne deira til konor, og gjeva deim våre døtter.
22 Only on this condition will the men consent to us to live with us, to become one people, if every male among us is circumcised, as they are circumcised.
Men berre på eitt vilkår vil dei laga seg etter oss og bu hjå oss, so me vert eitt folk, og det er at alle karar hjå oss vert umskorne, som dei er sjølve.
23 Will not their livestock and their possessions and all their animals be ours? Only let’s give our consent to them, and they will dwell with us.”
Buskapen deira og godset deira og klyvdyri deira, vert ikkje alt det vårt, når me berre lagar oss etter deim, so dei gjev seg til hjå oss?»
24 All who went out of the gate of his city listened to Hamor, and to Shechem his son; and every male was circumcised, all who went out of the gate of his city.
Og dei lydde Hemor og Sikem, son hans, alle som åtte heime der i byen; og alle karar, dei som åtte heime der i byen, vart umskorne.
25 On the third day, when they were sore, two of Jacob’s sons, Simeon and Levi, Dinah’s brothers, each took his sword, came upon the unsuspecting city, and killed all the males.
So hende det den tridje dagen, då dei var sjuke av verken, at tvo av sønerne hans Jakob, Simeon og Levi, sambrørne hennar Dina, tok sverdi sine, og storma inn i byen, medan folki var trygge, og drap alle karar.
26 They killed Hamor and Shechem, his son, with the edge of the sword, and took Dinah out of Shechem’s house, and went away.
Og dei hogg ned Hemor og Sikem, son hans, med kvasse sverd, og tok Dina ut or huset hans Sikem, og drog burt.
27 Jacob’s sons came on the dead, and plundered the city, because they had defiled their sister.
Sønerne hans Jakob kom yver deim som falne var, og herja byen, for di dei hadde skjemt ut syster deira.
28 They took their flocks, their herds, their donkeys, that which was in the city, that which was in the field,
Dei tok sauerne og nauti deira og asni deira, både det som var i byen og det som var på marki.
29 and all their wealth. They took captive all their little ones and their wives, and took as plunder everything that was in the house.
Og alt godset deira og alle borni og kvendi deira rana dei og drog av med, og alt som i husi var.
30 Jacob said to Simeon and Levi, “You have troubled me, to make me odious to the inhabitants of the land, among the Canaanites and the Perizzites. I am few in number. They will gather themselves together against me and strike me, and I will be destroyed, I and my house.”
Då sagde Jakob med Simeon og Levi: «De hev gjort meg ei stor sorg! De veld at eg fær eit uord på meg hjå landslyden, kananitarne og perizitarne. Me er då berre ein liten flokk, og samlar dei seg imot meg, so kjem dei til å slå meg i hel, og tyna både meg og mitt hus.»
31 They said, “Should he deal with our sister as with a prostitute?”
«Skulde han fara åt med syster vår som med ei skjøkja?» sagde dei.

< Genesis 34 >